Farleg jakt og fangst !

Desse fotoa vart tekne for om lag fem år sidan. Hunden er salige NVCH Ingribakkens Alexander Fili Bom-Bom. Då var det truleg mindre enn eitt år sidan fella var oppsett. Tenkte lenge at det ikkje var særleg klokt å offentleggjera det. Men no har fella stått sameleis i alle desse åra. Heldigvis har ho ikkje vore oppspent, som eg har observert, i alle fall. Eg har likevel kome til at eg av ulike grunnar vil gjera dette kjent. Men å seia noko meir om kor fella er plassert, vil eg ikkje. Då må det i tilfelle hamna i retten, og det håpar eg at det ikkje gjer.

Fella er etter det eg kan sjå ei Connibear 33o. Om fella er lovleg oppsett, vil eg ikkje uttala meg om. Kva vilt som er planlagt å fanga, veit eg heller ikkje. Men kanskje det kan vera jerv.

Uansett om det er lovleg eller ikkje, så må det vera  tankelaust å setja opp ei slik felle på denne måten. Fella står ikkje langt frå ein veg.

Det som kan skje er sjølvsagt at ein hund kan bli drepen i ei slik felle. Det er gale nok.

Men kva om små ungar hadde byrja å leika på denne staden og fått ein fot, ein arm eller i verste fall hovudet inn i fella?

Eg har også tenkt på:  Finst det mykje slikt rundt i skogane i Luster… ?

Eg har ekte medkjensle og djup forståing for sauebønder som er fortvila over dei bestialske drapsmetodane til jerven. Men om sinnet mot Direktoratet(DN), dyrevernarar og andre er stort, so må folk likevel tenkja seg om. Sjølv skal eg gjerne vera med på ei rovdyrjakt om det høver slik, og jervebåsane som er oppsette er fine tiltak.

Eg vil streka under at eg absolutt ikkje rår nokon til å bruka ulovlege jakt og fangstmetodar. Mykje av desse «undergrunns-krypskyttar-metodane» trur eg helst er sprøyt. For nokre år sidan gjekk det eit hardnakka rykte om at utlagde svampar fyllte med blod var måten å ta knekken på jerven. Av ein eller annan grunn skal samane ha fått ord på seg for å vera «jerve-dödare nr1». Ein haust  brukte eg nokre svampar til å tørka opp blod med. Hunden åt det i seg, men lei inga naud etter det eg kunne sjå. Ei grov plast-røyr skal visst vera eit anna slikt «knep». Tull, meiner no eg.

Men viss folk absolutt skal driva ulovleg rovdyrfangst, då vil eg på det sterkaste rå til at dei brukar ein av desse tre metodane:

  1.  Hals-snare
  2.  Fot-snare
  3.  Fot-saks som ikkje skadar foten

Desse fellene må kontrollerast to gonger dagleg (kikkert?), og då vil dei ikkje skada td. ein hund som set seg fast. Folk og ungar skal det også gå greitt å få laus.

NB! NB! NB!: INGEN AV DESSE FELLENE ER I DAG LOVLEGE Å BRUKA HER TIL LANDS!

Det er altså straffbart å bruka slike feller, og eg vil sjølvsagt rå folk til ikkje å bruka dei.

(Ein annan ting er at dei er lovlege i deler av Sverige og USA/Canada. Mange meiner dei også bør bli det her til lands.)

Konklusjon: 

Eg vil på det sterkaste rå folk frå å bruka

ulovlege

jakt- og fangst-metodar.

Men viss dei likevel av ein eller annan grunn

må driva med slikt,

 bruk då jakt og fangst-metodar

som ikkje skadar folk eller fe, 

 hunder eller ungar!

Advertisements

9 kommentarar to “Farleg jakt og fangst !”

  1. Knut Nybø Says:

    Er ikkje eining i dine 3 fangst metodar, grunn, ulovlige, kan skadde andre
    dyr, lite humant. Båsen og veronal er fin og humane fangst metode,
    skadder ikkje dyra og dei kan sleppast fri vis det er feil dyr.

  2. eies Says:

    Er «veronal» lovleg…??? (Dessutan kan det ikkje vera humant, heller. Viss dyret td. et i seg stoffet om natta i – 30 grader Celsius…)

    Elles er eg heilt og fullt og totalt ueinig med deg denne gongen. Ta og les ein gong til det eg skriv!

    Eg har klart og tydeleg skrive at dei tre fangstmetodane eg nemnde, ikkje er lovlege å bruka i Noreg i dag. Men viss folk planlegg å spenna opp «Connibear 330» (- eller ei eller anna større «saks»), med den hensikt å fanga jerv eller anna rovdyr, då bør dei setja seg ned og tenkja seg om. Lenge.

    Då gjer dei noko som i VERSTE fall kan ta livet av ungar, i alle fall kan dei drepa eller skada ein hund. Det første er sjølvsagt verst.

    Dei tre fangstmetodane eg skreiv om (halssnare, fotsnare og soft catch) er ulovlege i Noreg. «Ubehagelege og inhumane» kan dei muligens vera. Men det kan vel mykje av jakta og fangsten me driv med vera, viss me er uheldige.

    Av to vonde/onder, vil eg altså be folk om å velja det minste. Og dei tre fellene eg nemnde er ikkje så farlege som det «Connibear 33o» eller ei anna stor «saks» kan vera – etter mi vurdering i alle fall.

    Men for n’te gong: Både «Connibear 330» (på land!), snarer og «soft-catch» er ulovlege i Noreg i dag. Eg tek opp att: Ulovlege!

  3. Knut Nybø Says:

    Du skriv, ulovlig rovdyr fangst, då vil eg på det sterkaste rå i til å bruke ein
    av desse 3 metodane, du understrekar at dei er ulovige i Norge.
    Eg er motstandar av all saks og snarefangst, «dyr plageri».
    Veronal vart brukt ein del før etter rev, reven krølla seg fint sammen med
    nasen under halen og sov etter ein dosse, vis han vakna før ein kom
    på ettersyn så rusla reven berre viare. Pelsdyra er godt tipasa klima,
    desutan er det ein fin daue å frysa ihel sovande i motsettnig til å henja
    etter ein fot til ein vert avliva. eg meinar at veronal var ein fin og human
    fangst metode for å ta ut skadedyr.

  4. eies Says:

    Ja, no kjenner eg ikkje alle metodar som vert brukte ved ulovleg jakt og fangst.

    Poenget mitt var at dei som absolutt må bruka slike ulovlege metodar, dei må tenkja over kva dei driv med. Dei må ikkje gjera dette på måtar som kan ta livet av – eller skada ungar og/eller hundar.

    Og det reknar eg med du er einig i òg!

  5. Jostein Says:

    Detta (altså fella du har blogga bilete av, og ikkje diskusjonen etterpå) er jo heilt forkastleg. For meg er det uforståleg at nokon kan finne på å sette ut noko slikt i skogane. Eg håpar at vedkommande som viser ei slik haldning til dyr sine lidingar ikkje er nokon som til vanleg har ansvar for husdyr eller driv med jakt. Einar. har du kun offentlegjort dette her, eller har du sendt det bileta til Einar Fortun også? Og: står det fleire slike feller i skogane rundt her?

  6. eies Says:

    Eg og lurer stundom på om det står fleire slike feller rundt omkring når eg tek skiturar med hunden. Sameleis er det vel ikkje heilt utenkjeleg at nokon legg ut kjøt med gift, i håp om at ei gaupe eller ein jerv skal glefsa det i seg. Det er jo gamle og velkjende metodar for dei som driv med slikt. No er det jo forsovidt ikkje nokon katastrofe om ein hund misser livet, sjølv om både eigaren og dei andre i familien nok vil fella ei tåre eller tre. Viss ein unge skulle bli alvorleg skada er det verre.

    Når det gjeld fjelloppsynet, so tenkte eg det var viktigare å få folk til å slutta med slikt enn nødvendigvis å melda frå om det. Viss nokon skulle bli melde for noko slikt, ville det truleg førre til mykje bitterheit, ja, kanskje fiendskap og i verste fall «hemn» – sjølv om eg eigentlig ikkje trur so vondt om mine sambygdingar. Tenkte det var meir effektivt «å la ryktet gå» og at dette ville føra til at vedkomande fjerna fella. Og eg har fylgt nøye med på fella, og etter det eg kan sjå, har ho aldri vorte spennt opp alle desse åra. Då hadde det sjølvsagt vore annleis. Men no har altso fella stått der i fem år utan at eigaren har fjerna ho…

  7. Arvid Says:

    Eg kom tilfeldigvis over denne bloggen. Fella du viser til er ulovleg oppsett – i allefall etter dagens reglar. Connibear 330 er berre lovleg å sett under vatn etter Bever her til lands…
    Til fangst av rev er det berre levandefeller av heildekkande matriale som er loveleg å bruke. I 2010 kunne kommunen godkjenne slagfeller (men ikkje av denne typen). Desse er ikkje lovleg lenger.
    Som du skriv er ingen av dei tre alternativa lovlege – men det jobbes med å gjere fotsnare lovleg, slik som i Sverige.

  8. eies Says:

    Arvid: Eg er heilt einig i det du skriv !

  9. eies Says:

    Denne fella har eg fulgt med i mange år, og det er nok fleire enn eg som veit om ho.

    SNO i Luster har i vår hatt ein aksjon retta mot ulovlege feller. Viss dei som eig fella ikkje har fått «kalde føter», so står ho nok der enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: