Sjur Hesjevoll – meir om spelet hans

 

Sjur Hesjevoll + eit (diverre alt for dårleg) foto av Gunnulv Borgen, eit av spel-ideala hans.

Det er mangt og mykje som sermerkjer hardingfelespelet til Sjur. Og som med mange av dei beste spelemennene våre, hadde forstå-seg-påarar og synsarar ulike meiningar om dette. Eg har tidlegare nemnt at den karismatiske utstrålinga og publikumstekkja hans vart avfeia med “publikumsfrieri”. Og folkemusikkpolitiet slo fast at å bruka vibrato, det var ikkje “lov” i hardingfelespel.  Slike uttalelsar vil eg nok tru kunne såra ei kunstnarsjel, men heldigvis ser det ut til at Sjur ikkje tok slikt inn over seg.

Eg vil nemna eit “krydder” som Sjur brukte på ein særmerkt måte: Triller. Det finst ein del ideal for korleis ei trille skal spelast. Sigbjørn Bernhoft Osa sa noko slikt som at: Det skal ikkje verta ringjeklokke av slåttane. Ei trille skal vera som når du høyrer smalaperler på eit bølgjeblekk-tak!

Her vil eg skyta inn at det er ikkje alle  som brukar same krydderet. Ein spelemann som Leif Rygg har eg enno til gode å høyra spela ei trille på hardingfele. Men dei fleste spelemen brukar det, meir eller mindre – med vekslande hell.

Ein spelemann som Sjur har fleire såttar etter, er Gunnulv Borgen. Hugsar for mange år sidan at Sogn Spelemannslag arrangerte kurs med ein annan stor-spelemann: Odd Bakkerud. For å skildra trillene i spelet til Gunnulv Borgen, sa ikkje Bakkerud trrrr eller prrrrr som me andre ville ha gjort. Han hadde derimot eit fast ordtak:  Lu-lu-lu, sa Kjempa til Gunnulv! (Kjempa til Gunnulv var ei framifrå god Erik Johnsen Helland-fele) Med dette ordtaket trur eg Bakkerud ville fram til at ei trille skal vera klår og rein: Du skal formeleg høyra tydeleg kvar einskild tone i trilla. Ei trille skal ikkje vera graut  – heller ikkje ringjeklokke, som Osa sa det.

Slik eg ser det, så er måten Sjur spelar trillene på, tydeleg prega av spelemåten til Gunnulv Borgen. Lytt og høyr! Og dette er slett ikkje ulogisk når me veit at Sjur lærde fleire slåttar etter plater med Gunnulv Borgen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: