Frå “Spelemannsbladet”: CD med Sjur Hesjevoll. Vestlandskappleiken 2009

Spelemannsbladet nr. 8, 2009 har to interessante “stykkje”. Det første er telemarkingen og hardingfelespelaren Einar Øverland som skriv om minne han har frå Vestlandskappleiken her i haust.

 Om Cd-en med Sjur skriv han: I ei tid då me nærast druknar i nye folkemusikkplater, skil denne seg ut. For her er det ei kunstnarsjel som utfaldar seg. Med denne fine plata er einunik dansespelemann og ein lyrikar av Guds nåde gjort tilgjengeleg for eit større publikum.

Og om arrangementet: Takk òg tiltilskiparane. Det låg hjartelag i alt, frå fyrst til sist. Berre synd at eg ikkje fekk med meg konserten i samband med platesleppet fredag kveld. Dei som var der, fortel at dei nesten fekk kjensla av at hovedpersonen var til stades sjølv. No vonar eg på ein ny sjanse. Om fem år kan dei feira 100-årsminnet for Sjur. Kanskje sommarstid? Eg tenkjer på eit årleg stemne som har vakse seg stort, og som bør krympast ned slik at det kunne tildelast også mindre stader. Urealistisk eller ikkje – kva med Landskappleiken i Jostedalen i 2014?

Som Øverland skriv sjølv, så kan realismen i forslaget sjølvsagt diskuterast. Men tanken hans er god: Eit stort arrangement er ikkje berre av det gode!

Uansett: Gode og varme ord til alle som var med på å arrangera Vestlandskappleiken i Jostedalen i haust!

Så har Gunhild Sindre skrive ei platemelding av CD-en med Sjur Hesjevoll. Meldinga er ikkje spesielt omfangsrik, men ho skildrar Sjur som ein fargerik person, ein karismatisk utøvar med stor formidlingsevne. Ikkje vanskeleg å vera samd i dette.

Vidare at han står fram som: allsidig og med eit stort musikalsk spekter…………. Dette er folkemusikkformidling frå hjartet, ujålete og usminka. 

Gode ord alt saman, og ord som me no i etterkant gjerne skulle ha ynskt at Sjur fekk høyra medan han levde…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: