Då me drog til Trondheim for å finna ut korleis Jostedalsspringaren skal spelast og dansast

EI ÅTVARING! DET EG HAR SKRIVE NEDANFOR MÅ IKKJE OPPFATTAST SOM EIT FASITSVAR PÅ KVA SOM ER RETT. DET ER KUN EIT FORSØK PÅ Å SKRIVA NED DEI TANKANE EG AKKURAT NO HAR OM RYTMEN I JOSTEDALSSPRINGAREN. VISS NOKON KAN VISA MEG KLÅRT OG TYDELEG AT EG HAR TEKE FEIL, VIL EG BLI SVÆRT GLAD.

Still confused, but now on a higher level 

eller:

Då me drog til Trondheim for å finna ut korleis Jostedalsspringaren skal spelast og dansast 

Først nokre bilete. Diverre er ikkje kvaliteten på topp, med andre ord så er me mykje penare til vanleg. Viss de ser to som ikkje er Jostedøler, så er det Egil Bakka og Siri Mæland. Begge arbeider ved Rff-senteret – Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Den 21. og 22. oktober 2009 var åtte jostedøler inkludert nokre med sterk tilknyting til dalen til Rådet for Folkemusikk og folkedans i Trondheim. Det var Harald H., Einar E., Tormod Ø., Laila G., Lidvin H., Oddbjørg E., Helene B., og Mari O. Fleire var inviterte til å vera med, men anten passa det ikkje – eller dei ynskte ikkje å reisa denne gongen. Målet var først og fremst å høyra kva fagfolka ved RFF meinte om dansen vår, og å finna ut kva me kunne læra av dei. No kan det sjølvsagt innvendast at kva meir veit dei i Trondheim enn i Jostedalen om Jostedalsspringaren. Men fagfolk er no ein gong fagfolk… 

Det meste av tida gjekk med til til analyse og diskusjon kring dansen. Me fekk studera opptak av Anders Bjørk (Stor-Anders) og elevane hans. Så brukte me også ein del tid på filmopptak og intervju om det dei kalla Den gamle springaren. Det var Andreas Bjørk som på film viste korleis han brukte og framførde dansen. Ikkje til forkleinelse for nokon, men me fekk kjensla av at fagfolka meinte at me absolutt ikkje måtte la måten Andreas dansa på – gå i gløymeboki. Siri Mæland leia det heile med stø hand. Professor Egil Bakka var også innom og kommenterte på sin lågmælte, men samtidig autoritære måte. 

Tre av oss var fyrst og fremst spelemenn, og me ynskte mellom anna å finna ut meir om takt og rytme i springaren. Mykje tid til dette vart det ikkje, men me fekk diskutera litt med Bjørn Aksdal og Ivar Mogstad. Likevel er det denne delen eg vil skriva mest om. 

Ei åtvaring: Viss du stort sett er fornøgd med å spela og dansa, og ikkje er spesielt glad i å diskutera dans og spel,  så bør du helst ikkje lesa vidare. Å problematisera og teoretisera felespel og – dans ser eg på som eit onde (vonde), til nød eit nødvendig onde for dei som ynskjer å studera dette teoretisk. Men eg har delteke i, og høyrt på, ein del diskusjonar kring springaren. Nokre av desse meiningsutvekslingane har vore prega av at partane misforstår og snakkar forbi kvarandre. Då vert diskusjonen lite hensiktsmessig, målretta og resultatorientert.

Eg vil no prøva, så godt eg kan, å setja opp mitt syn på korleis ein kan oppfatta rytmen.

I musikk kan ein ikkje utan vidare høyra kor taktstreken eller kor einaren, toaren og trearen er. Dette må me bli samde om før diskusjonen startar. Jan Petter Blom har forklart dette godt og grundig ved bruk av notar. Sidan mange ikkje er særleg notekyndige, vil eg unngå bruk av notar denne gongen. 

Me brukar nokre teikn: 

U           : trykklett takt 

―          : trykktung takt 

U  ―    : Jambe/jambisk 

U     : troke/trokeisk 

I            : taktstrek 

Springarane (og polsane) i Noreg kan rytmisk grupperast i to hovedgrupper etter ”avslutnings-formelen” (kadensen). Dette er eit såkalla ristetak eller ein triol + ein lenger kviletone. Den trykktunge takten vert tradisjonelt alltid (?) plassert etter taktstreken. Då vert det slik: 

1.)   U  I ―         : jambisk sluttkadens. Telemark ma.

        3      1  2 

2.)   I   U            : trokeisk sluttkadens. Hallingdal og Valdres ma.

             1    2  3 

Så kjem eitt av dei store spørsmåla: 

Kva av desse to gruppene høyrer Jostedalsspringaren til…? 

 

Nokre døme:  Springaren “Datt du ned, du…”,  først på ”telemarksmåten”: 

Datt du I ned, du, slo du I deg du, reis deg I oppatte og kom til I meg du

 

 Same springaren oppfatta på ”hallingdal/valdres-måten”:

 I Datt du ned, duI slo du deg duI reis deg oppatte og I kom til meg du. I Datt du

 

Stevet til Storreguten, først på ”telemarksvis”:

I Inn kom han Ola I drukkjen mann, I spente og slo i I bordet!  I Kjæringi opp frå

Storreguten, med ”hallingdal/valdres-rytme”:

Inn kom han I Ola drukkjen I mann, spente og Islo i bordet I !  Kjæringi I opp frå

Diverre fekk eg ikkje til å markera 1-aren, 2-aren og 3-aren med tal. Men 1-aren er altså raud, toaren er grøn og 3-aren er brun

 Sjur Hesjevoll: Takt og rytme er særs tydeleg, klårt og greitt i spelet hans. Slik eg oppfattar rytmen i springar-spelet, har han ein variant av telemarksrytme. (Men dette stemmer ikkje med det eg har høyrt av kunnige folk, og notasjonspraksis (O.Sæta mfl.))

Men viss me ser på oppskrifta av ein springar etter Sjur i Slåtter for vanlig fele Bind 3 – Nr 78 , side 211 , så er denne noter med taktstreken på Hallingdal-/Valdres-vis. Då vert det tyngste taktslaget på toaren i takta, slik eg oppfattar det. Er ikkje det vanlege at einaren i takta har det tyngste taktslaget? (Dette har eg tenkt og grubla aller mest på!!!)

Olaf Sperle: Takt og rytme i spelet hans er i mine øyre ikkje så markert som hjå Sjur. Vanskeleg å høyra også, på opptaka. Det kan minna ein del om udelt rytme, med heilt jamn takt der kvart av dei tre slaga får tilnærma lik rytme.

I Feleverkene har eg funne to springarar nedteikna etter Olaf. Det er  Slåtter for vanlig fele Bind 3 Nr 24 , side 114. I kommentaren til denne slåtten står det: Inndeling i 3/4 takt er foreslått tross ujamt tempo og enkelte ‘lange’ taktslag i første del, og en metrisk flertydig melodigang i andre del (taktstrekene ett slag mot venstre?). Her har vel O. Sæta vore usikker på korleis takt og rytme skal tolkast.

Den andre etter Olaf er: Slåtter for vanlig fele Bind 3 Nr 25 , side 115. I kommentaren står det: Hardingfele. Jølster. Det må vera feil, det skal stå Jostedalen i staden for Jølster.

Så har S.B.Osa skrive opp Oppheimen i boka Slåttane var mange. Han har plassert taktsrekane på telemark-vis.

Når det gjeld andre note-oppskrivarar, er det ikkje alltid ein finn konsekvens i korleis taktstreka vart plasserte. Dette er det fleire døme på.

Slik eg forstår den som tolkar jostedalsslåttane best i dag, Håkon Høgemo, så seier han at hardingfele-musikken (dei eldste slåttane, halling, springar…(?)) i Jostedalen har mykje til felles med Valdres-spel.

Sjølv kan eg nok høyra ein ”Valdres-dåm” over springarane, gangarane og hallingane etter Olaf Sperle. Dette gjeld også Jon-guten etter M. Halveg. Heilt konkrete parallelle variantar, Jostedalen/Valdres har eg likevel ikkje oppdaga enno, men dei kan sikkert finnast. Men me har opplysningar frå M. Halveg som seier noko om dette. Det vert elles sagt at valdres-springaren Teiga-Berit skal ha ein parallell i ein av springarane etter Olaf Sperle. (Over telefonen fortalde Håkon meg nyleg at springaren Bjønnheimen har ein tydeleg parallell i ”Purkekragen”, ein Valdres-springar på nedstilt bass. Svært interessant!)

Viss eg tolkar Håkon rett, så seier han at det er ein ”tilleggsrytme” i springaren. Dette er ein ”2+1” eller ”1+2”-rytme. Men akkurat dette har eg ikkje kunnskap nok til å gå meir inn på. (Tidlegare trudde eg at dette vart kalla hemiol, men det er nok noko heilt anna.)

Sjølv tykkjer eg at nokre av springarane etter Sjur truleg kan ha parallellar i Gudbrandsdalen og Nordfjord. 

Mottakt. Dette er eit fenomen som oppstår viss nokre dansarar oppfattar takten på ”telemarkvis”, medan andre på dansegolvet oppfattar takten på ”hallingdal/valdres-vis”. Særleg i lagdansøving framfor kappleikar kan dette stressa dansarane.

Fagfolka på Dragvoll såg ikkje på dette som eit problem, men som ein variasjonsrikdom. I det heile fekk eg eit bestemt inntrykk av at fagfolka ved Dragvoll absolutt ikkje ynskte å seia at noko var ”rett” eller ”gale”. Det lengste dei strekkte seg, var til å seia at noko var mindre sannsynleg.

Problemet mitt er då: Korleis bør rytmen markerast når me spelar springar? Finst det ein standard/norm, eller er det ope for variasjonar?

Og: Spelar Sjur i ”Valdres/Halling-takt” eller i ”Tele-takt”? (Her vil eg skyta inn at når springar vert spela på langeleik i valdres-tradisjon, så vert det spela ein slags ”Tele-takt”, slik eg tolkar det.

Og her fekk eg eit synspunkt frå Håkon Høgemo, noko som eg er heilt samd i: Når Valdres springarar vert spela på langeleik er rytmen heilt (?) lik slik Sjur spelte Jostedalsspringar.) 

Viss eg tolkar Håkon Høgemo rett, så seier han at han trør på 1-aren og 2-aren i springartakten.  Men for å følgja ein slik norm, må me vera einige om kor i musikken td 1-aren er!  Elles kan me fort få meiningslause diskusjonar.                                                                                        

Men som sagt: Finn du glede i å spela og dansa, så hald for all del fram med det. Nyt musikken og dansen utan å teoretisera eller problematisera så mykje.

Teoretiske problematiseringar kan lett ta bort gleda ved dansen og spelet!

Einar Ese.

(Då eg skulle lima inn dette word-dokumentet i bloggen, såg eg at mykje viktig informasjon om 1-aren, 2-aren og 3-aren – vart feil i WordPress. Viss nokon (mot formodning!) sender e-post adressa si, kan eg senda det originale dokumentet.)

2 kommentarar to “Då me drog til Trondheim for å finna ut korleis Jostedalsspringaren skal spelast og dansast”

  1. Magnus Skjerdal 6190 Bjørke Says:

    Vil gjerne vite resten av teksten til storreguten.

  2. eies Says:

    Inn kom han Ola, drukkjen mann, spennte og slo i bordet. Kjæringji opp frå rokkjen sprang, spurde kå han Ola gjorde. “Idle ha da vore, verre ska da bli, soleis ha da vore adle mi tid.” So slo han Ola kjæringji si: “Jamnt so går du og grine !”

    Slik hugsar eg det etter diverse kjelder. Han Ola var visst ein skikkeleg kone-mishandlar… !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: