Bokmelding: S. Fossen: “Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”

Sverre Fossen skriv helsingar i boki under boksleppet søndag den 29. november på Jostedal Hotell.

Dei som ynskjer å vita meir om korleis dei kan få tak i denne boka, kan gå inn og lesa her.

 Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli

Sverre Fossen: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli, Jostedal historielag, Jostedalen 2009. 58 sider.

Jostedal Historielag har klart det att! Dette er den tredje boka laget har gitt ut på nokre få år. Saman med forfattaren Sverre Fossen har dei her gripe tak i noko som var svært aktuelt  for dei gamle jostedølene, ja like attende mot steinalderen: Villrein-jakt og villrein-fangst.

Boki har 12 kapittel: Bakgrunn – Istid og rein – Reintrekk – Dyregraver – Bogastille – Tamreindrifti – Reinsjakt og livberging – Herbørje – Oversynskart og liste over fangstanlegg og herbørje – Hovudkartdel – Rein i seinare tid – Stadnamnregister.

Stadnamnregisteret til slutt i boki var gledeleg å sjå. Slett ikkje alle slike namn er komne med på dei offisielle karti, og at dei er oppsette her, alfabetisk og med tilvising til kartsidene i boki, er av stor verdi. Her har Sverre Fossen gjort eit verdifullt arbeid. Skrivemåten ser ut til å vera basert på uttalen i Jostedalen, som seg hør og bør. Me veit at på Skjåk-sida har dei litt andre skrivemåtar og uttale på td. Handspiki, Mysebytta og Sprongdalen. Uttalen og skrivemåten er eit heilt fagområde for seg. Skrivemåten til Hardabardsbreen, Biskahønna, Manen, Martedalen, Syrtebyttdalen var likevel uventa. Kan det ha snike seg inn trykkfeil…?

I Bakgrunn-kapittelet har Sverre Fossen skrive litt om dei gamle jegerane. Men her har han heilt sikkert meir på lager. Han kunne ha skrive mykje meir om og gjerne teke endå fleire med. Eg trur mange har stor interesse for slikt stoff, særleg om historiar frå jakta. For desse karane jakta for levemåten og mat til dei som var heime. I dag vert ofte jakt sett på som rekreasjon og fritidssyssel. Det vert ein stor skilnad, og det er heller ikkje alltid berre av det gode.

På den andre sida kan sanningsverdien i jakthistoriar vera varierande. I mange tilfelle vil eg tru mange jaktsoger kan samanliknast med segner, på dette området. Sjølvsagt kjenner Fossen til mange slike forteljingar. At han ikkje har teke dei med, vil eg tru botnar i eit ynskje om at boki skal framstå som truverdig. Og slik sett har han gjort eit klokt val.

Så har boki eit kort kapittel: Istid og rein, før han går over på: Reintrekk. Som Fossen skriv, var kunnskapane om trekkvegane alfa og omega for gamlekarane. Og sjølvsagt for fangst- og veidemenn heilt attende til steinalderen. Bakerst i boki er det eit rikt kartmateriale (kunne oversiktskarti vore gode nok… ?) der trekkvegane er innteikna. Vil tru at Fossen her har basert seg på det dei gamle jegerane fortalde, eigne observasjonar frå turar i fjellet og vurderingar der han ut frå landskapet har tenkt seg at det er logisk at reinen vil trekkja. Dette er viktige opplysningar for arbeidet med reetableringa av villrein i området, og dermed også planlegging av turstiar i fjellet.

Kapittelet om Dyregraver og Bogastille kan for så vidt sjåast på i samanheng, kanskje også i lag med kapittelet om Herbørje (overnattingsstader). Fangstminne er eit uttrykk som elles blir brukt som ein fellesnemnar for desse. Personleg vil eg uttala at dei karti som Sverre utarbeidde for mange år sidan, har vore av heilt avgjerande verdi for underteikna. Eg har i nokre somrar prøvt å fotografera alle fangstminne som eg har funne i Jostedalsfjelli. Det kan trygt seiast at hadde eg ikkje hatt hjelp frå Sverre Fossen, hadde dette arbeidet vore mykje vanskelegare. Av arbeidet hans, tykkjer eg denne delen er den desidert mest omfattande og viktigaste. Det er vel også registreringane hans av dyregraver, bogastille, herbørjer som er sjølve fundamentet og grunnlaget for at boki i det heile kom til.

Men akkurat når det gjeld fangstminni i fjelli våre, står det mykje arbeid og ventar. Noko av det første må vera å få nøyaktige data på kartplasseringane ved hjelp av GPS. Skal dette arbeidet gjerast til fots, vil det nok ta ei tid. Sverre Fossen sa det om lag slik: Ei slik registrering vert aldri komplett. Di meir ein leitar, di meir finn ein. Berre i sommar har det nedanfor Fjellstølen i Vigdalen ”dukka opp” nokså mange jord-dyregraver i eit anlegg, nærmast eit gjerde som stengde av deler av terrenget. Noko slikt veit eg ikkje om er funne tidlegare på Vestlandet. Til slutt kan eg nemna at NINA og arkeologiske museum har omfattande registreringsskjema som kan brukast. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har også kart som bør oppdaterast når det gjeld fangstminne.

Forhistorske minne frå Kjersti Randers sine utgravingar ved Styggevatnet er lite kjende. Sameleis pilspissen som Johanna Ormbergstøl (Ormberg) fann ved Handspiki. Noko av dette kunne kanskje ha vore med i boki.

Tamreindrift, er på mange måtar eit sorgens kapittel. Mykje tyder på at ei slik driftsform absolutt ikkje passar i dei kuperte og varierte Jostedalsfjelli. Og på mange måtar er det tamreindrifti som har fått skuldi for at reinen forsvann frå fjelli våre. Striden mellom tamreinnæringa og dei gamle jegerane kunne vera hard. Tamreindriftene fanga inn villreinen og slakta han. Og det hende nok også at ein og annan tamrein vart skoten også, med eller utan overlegg. Denne striden kjem godt fram i boki.

I kapittelet Reinsjakt og livberging  vert det vist til to munnladningsbørser med dei karakteristiske namni: Røvaholstarmen og Grustonni. Me veit at då geværtid avløyste ”pil og boge” på 1600 og 1700 talet vart det mykje meir effektivt å vera jeger. Og kanskje var overgangen endå større då ”Krag-tida” kom. Jostedalen hadde mange flinke og dyktige våpensmedar. Det viste også den omfangsrike utstillinga med mellom anna gamle munnladningsgevær som historielaget arrangerte for nokre år sidan. Fotoregistrering av desse børsene kunne ha fylt ein heil katalog – mange har sikkert hamna utanfor dalen.

Bakarst i boki er det ei liste over fangsanlegg og herbørje med tilvising til kartbladi. Deretter fylgjer 25 sider med kart. Dette er veldig bra, og boki er sopass liti at ho smett lett nedi sekken på ein fjelltur. Dette er også ei bok som kan brukast.

Til slutt i boki kjem kanskje det viktigaste: Rein i seinare tid. I reetableringssamanheng møter eg ofte påstanden at det ikkje er vinterbeite i Jostedalen. Det er rett at me ikkje finn dei store fjellviddene med lavmatter som td. i Gudbrandsdalen, og her kan vera mykje snø. Likevel viser observasjonane til Sverre Fossen at her i ein viss grad har vore vinterbeite – også i seinare tid. Dette er interessante dokumentasjonar. Og det andre spørsmålet er: Kva levde dei lokale tamreinflokkane i Jostedalen av – trur neppe at desse flokkane var i Skjåk om vinteren.

At det vart gjeve løyve til at eit tamreinlag fekk slakta ned 98 umerkte rein (= villrein) på Bøverkinnhalsen, er nok den mørkaste og mest tragiske hendinga i nyare tid – for villreinen, i Luster sin del av Breheimen. Etter den gongen har det mest berre vore streifdyr innom området.

Eg brukar Sverre Fossen sine eigne ord: Det er deprimerande og uforståeleg at me har forvalta fjellområdi slik at det er svært lite rein i dette området som før vart rekna for å vera godt reinslende…… Det er stusseleg å gå i livlause og aude fjell. Betre kan det vanskeleg seiast.

Det er mange interessante foto i boki. Likevel vel eg å kommentera val av bilete og dokumentasjonen kring nokre av bileta. Eg tenkjer her på det som er kalla ”Illustrasjonsbilete av rein” på ei av innleiingssidene fremst i boki. Med andre ord alle bileta som viser levande rein. Heldigvis trur eg dette er noko som korkje fotografen, Jostedal Historielag eller Sverre Fossen kan lastast for. Det er muleg at Sogne-Prent AS eller AIT Otta AS har hatt hatt ynskje om å laga ei slags mini-praktbok eller ei bok som lokkar til godt sal i turist-kioskar. Viss det er siktemålet, så er det for så vidt forståeleg.

Som lokalhistorisk fagbok er det dårleg handverk når alle desse bileta av rein vert presenterte utan tekst eller annan dokumentasjon. Eg vil tru at så godt som alle desse bileta er tekne i Vest-Jotunheimen. Ein turist som kjøper boka vil naturleg nok tru at bileta er av ”Jostedals-rein”.

Men dette kan også sjåast på – på ein positiv måte: Mangel på reinsbilete frå Jostedalen, illustrerer på ein utmerka måte den tragiske lagnaden til den gamle reinstamma i Jostedalsfjelli. Eit par setningar eller eit avsnitt om dette, td. fremst i boki kunne forklara denne ”bilet-importen”. 

Svart/kvit bileta i boki kunne det gjerne vore fleire av. Kvaliteten på dei altfor fåe som er komne med, er ok. Fargebileta elles i boki har litt ujamn kvalitet, dette gjeld særleg attgjevinga av fargane. Finst det ikkje i dag dataprogram som rettar opp slikt?

Dei ”importerte” fargebileti er delvis av betre kvalitet. Omslagsbilet av ei simle med kalv er teknisk flott. Men kva med dei to reglane for framferd i villreinsfjellet:

  • ·       ”Bruk kikkert og betrakt villreinen på avstand.
  • ·       ”Kjøp postkort med villrein i stedet for å forsøke å ta egne bilder.

Sjølv om fotografen truleg er ein fagperson som veit korleis han/ho skal oppføra seg for ikkje å uroa reinen, så er slike nærbilete tekne i fjellheimen ikkje noko godt føredøme. Dei bør i alle fall ikkje vera eit mønster og ideal for korleis eit godt villreinbilete skal takast. Fotturistar i fjellet må for all del ikkje streva etter slike bilete. Nærbilete av rein skal takast i dyrepark! 

Jostedal Historielag og ikkje minst reinkjennaren og forfattaren: Sverre Fossen, kan vera stolte av ”Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”. Boki er eit glimrande supplement til Ø.Mølmen: Ottadalsreinen.  Fra pil og bue til lasso og gevær.(1991). Denne boki omhandlar naturleg nok berre i liten grad Jostedalsfjelli. Reinen ser ikkje kommune- og fylkesgrenser, og forvaltningsmessig vil eventuell framtidig Jostedalsrein truleg høyra inn under Ottadalen Villreinutval. Men Sverre Fossen si bok er likevel berre ”toppen av eit isfjell”. Viss Jostedal Historielag har kapasitet, bør dei absolutt engasjera seg i vidare registrering og innsamling av jakt- og villreinstoff.

Men for mange av oss er likevel det viktigaste å reetablera ei reinstamme i Jostedalsfjelli – ja i heile Luster sin del av Breheimen. Eg håpar ”Rein og Reinsjakt i Jostedalsfjelli” kan vera ei hjelp i dette arbeidet. Difor sluttar eg med Sverre Fossen sine gripande ord:

Det er stusseleg å gå i livlause og aude fjell.

 

Einar E.

2 kommentarar to “Bokmelding: S. Fossen: “Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli””

  1. eies Says:

    Viss einkvan finn faktafeil i det eg har skrive, eller andre ting som bør rettast på, er eg takksam om de gir meg eit hint. Anten ved å skriva ein kommentar, eller på annan måte.

  2. Jostedal historielag » Einar Ese med god melding av villreinboki Says:

    […] Breheimen-Luster Villrein-blogg publiserte Einar Ese før jol ei grundig og god melding av Sverre Fossen si bok “Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”. Somme kritiske merknader […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: