CD med slåttar av Sjur Hesjevoll

Her spelar Sjur, etter det eg hugsar: “Bjønnheimen”.  Til venstre Richard Hilde, bak Sigurd Nes.

No er JSA 2009 kome i sal, og eg legg difor ut det eg skreiv i skuleavisa om denne nye plata.

Du kan gratis høyra smakebitar frå CD-en på ta:lik. Viss du vil kjøpa heile plata med Sjur Hesjevoll  –  eller berre nokre slåttar, kan du  gjera det også her.

 

DRIVANDE DANSESPEL – LEVANDE LYDARSPEL

 

SJUR HESJEVOLL

HARDINGFELESPEL FRÅ JOSTEDALEN

TA:LIK

Å setja folkemusikk og folkemusikarar i båsar, er sjeldan vellukka. Dette gjeld ikkje minst Sjur Hesjevoll (1914-1994) I sine beste stunder kunne han spela ein enkel og ”primitiv” danseslått med slik ekte innleving og formidlingsevne at tårene rann på dei som høyrde på. Det var ikkje minst heilheitsinntrykket av ein spelemann der mimikken og muskelspelet i heile den mjuke kroppen var med på å understreka rytmen og tonane.

Å gi att alt dette på ein cd, er uråd. Men her har plateselskapet ta:lik med Synnøve S. Bjørset, Håkon Høgemo og Jostedal Spel- og Dansarlag i spissen, i samarbeid med den næraste slekta, likevel gjort eit arbeid som viser mange ulike sider ved spelemannen. Å kalla fram att heile det inntrykket tilhøyrarane fekk ved å oppleva Sjur, er sjølvsagt umuleg på ein cd. Ein spelemann med såpass sterkt visuelt uttrykk og suggererande utstråling i miljøet der og då, kan neppe kallast fram att på film, heller. Men ut frå inntrykket ein får etter å ha lytta på plata, vil eg tru at den musikalske og tekniske kvaliteten på ein del av dei snart femti år gamle opptaka har vore prioritert høgt.

Med forbehold om det som er skrive tidlegare om å setja slåttespel i båsar: Av totalt 22 slåttar er det 7 i gamaldanstakt – der ein er eigen komposisjon, 8 eldre slåttar i vossatradisjon, 1 i tele-tradisjon, 1 i valdrestradisjon,  4 springarar i jostedalstradisjon og 1 lokal brureslått – som også kan kallast lydarslått.

NRK sitt folkemusikkarkiv hatt ei forlokkande dragning på alle som er glade i norsk folkemusikk. Men å få ut kopiar har vore rekna for å vera svært vanskeleg. Tidlegare var det i alle fall slik at ikkje utøvaren sjølv ein gong, fekk løyve til å få ein kopi av det han/ho hadde spela/sunge inn. Når ta:lik no til denne plateutgjevinga hadde fått løyve til å koma ”innafor” – inn i arkivet, kunne ein forventa at no skulle ein få høyra mange godbitar – sjeldne opptak og slåttar. Godbitar fanst der nok, men neppe så mange som underskrivne hadde håpa på: Av 22 spor på cd-en kjem under halvparten av spora frå NRK, brorparten av slåttane er med andre ord henta frå Norsk folkemusikksamling, og private opptak ved Sjur Gjerde, Jostedalen.

Å velja ut slåttar, har nok ikkje vore ein enkel jobb denne gongen. Til lags åt alle kan ingen gjera, skriv I.Aasen. Det vil alltid vera enkelte som saknar sine favorittar. Denne gongen har valet vore gjort med tanke på å få så høg kvalitet, musikalsk og teknisk, som råd var. Det har Synnøve og Håkon greidd, utan tvil. 

Det finst fleire slåttar i det ein kan kalla jostedalstradisjon enn dei som har kome med på plata. Slåttar som går i moll og i posisjon, er sjeldne i hardingfeleområdet. Sjur spela nokre slike.

Teknisk vanskelege gamaldanskomposisjonar frå Nord-Vestlandet, gjerne med posisjonsspel, var ei anna side ved Sjur. Han leika seg med dei tekniske vanskane og la inn vibrato der det høvde.

I motsetning til mange, var Sjur open for samspel med trekkspel og komp. Saman med Oddvar Stegegjerde gav han ut plater og kassettar med gamaldans. Men sidan dette alt er dokumentert, var det kanskje ikkje så viktig å få med dette denne gongen.

Ein ven og eit ideal, var Gjermund Haugen. Sjur spela fleire store slåttar etter han og andre spelemenn frå Telemark. Han tolka dei på sin eigen måte, men han spela dei godt. Skuldalsbruri, Markensmåndagen, Jentebedragaren. Dette var slåttar han gjerne greip til. Gjerne i dei mest uventa situasjonar, som etter ei lang natt då folk var slitne og trøytte, kunne Sjur slå til med storspel som fekk det til å gå kaldt nedetter ryggen. 

Som eit lite filologisk sidesprang til det fyldige og flotte teksthefte vil eg nemna slåttestevet: Eg vil reisa til Hatleli for dar er jentene kåte. I den engelske omsetjinga lenger bak i heftet: I want to go to Hatleli, because that’s where the horny girls are. No er det absolutt ikkje nokon sensasjon at slåttestev kan ha innslag av erotiske tema. I vår sex-fikserte tidsalder er eg likevel redd for at ein her har gått glipp av språklege nyansar. I det minste at det her minst er snakk om ei dobbelt-tyding. Ordet kåt kan også ha ei heilt anna tyding. Ein kan vera yr, glad og vilter, ha generell livsglede. Slik kunne ordet tidlegare også brukast om ungar som hoppa og dansa og var i ekstra godt humør, og absolutt utan nokon seksuell undertone. Dette finn ein også i ein annan slått frå Sjur sitt repertoar, springaren Lystig og kåt.

Å snakka om favorittslåttar på denne plata, er vanskeleg. Slike ting vil også gjerne variera, ogso over tid. Personleg set eg stor pris på Bjønnheimen og Eg vil reisa til Hatleli. Men også den meir sjeldne Springar (som han lærde av mor si) er etter mi meining ei lita perle. Underskrivne er slik ”samanskrudd” at han ofte gler seg meir over ein liten slått som er godt spela, enn store meisterstykke. Men Sjur meistra også desse sistnemnde slåttane. Dei som set pris på meir storfelt spel vil heilt sikkert gle seg over Siklebekken, Gjelsviken og  Sumarkveld i Jotunheimen.

Eit særmerkje for spelet til Sjur, ved sida av ei total innleving i musikken med heile kroppen, var bruk av velklingande dobbeltgrep, men også variasjonar med eintonig spel, og passasjar der spelemannen kunne ta i bruk vibrato. Dette siste var og er sikkert omstridt både av puristar og forskarar, men slik spela Sjur. Og fåe kan gjera han dette etter.

Det går ikkje fram korleis Sjur har lært alle dei sokalla ”vossaslåttane”, (8 slåttar totalt) bortsett frå Kjepphesten etter G. Haugen, og Gjelsviken etter G. Borgen. Martin Halveg skriv at han høyrde Ola Halveg spela Sørfjorden i 1901, i ein alder av 80 år. Martin Halveg var ei kjelde som ikkje slengde rundt seg med lause påstandar. Om Jostedalen låg kanskje litt avsides til, er det likevel ikkje umuleg å tenkja at slåttar frå Voss og Hardanger vart spela i Jostedalen kring 1900. Spelemenn ferdast mykje, og var svoltne på nye slåttar. Dette kan sikkert diskuterast, men uansett kan dagens spelemenn, ogso frå Voss og Hardanger, med utbytte lytta til Sjur sine tolkingar. Spesielt til den leikande lette og eggjande rytmen.

Slåttar har vandra, og å setja dei i grupper og båsar vert sjeldan rett. Dei eg har kalla typiske jostedalsslåttar, som Eg har vore i Hatleli og Bestefarsslåtten, har tema som me finn att frå andre kantar av landet. Sjur spela ein springar som her i dalen gjekk under namnet: Vassdalslåten, og denne finn me att elles på Vestlandet under namnet Syndebukken. S.B.Osa har i alle fall vorte sitert slik: Syndebukken, det er ein Sognaspringar, det. Å bruka dette som eit prov, er nok ikkje rett. Men jostedalstradisjonen er grei på dette punktet. Kanskje dette kan forskast vidare på?

Sjur var ein ettertrakta dansespelemann. Dette gjaldt både til bygdedans og gamaldans. Gamaldans-melodiane (7 totalt) let klårt, reint og rytmisk. Ekstra fint er det at komposisjonen Ei sveisen jente eller Liv er med. Rundansspel var nok det Sjur praktiserte aller mest på heimebane. Ikkje minst i krigsåri, då ungdomshusa vart stengde av tyskarane. Men jostedølene visste råd: Dansen gjekk på omgang og heldt fram rundt omkring i stovene. Rønnaug Huse viser tydeleg kontakten som var mellom Jostedalen og Gudbrandsdalen.

Sjur sette sitt sterke personlege stempel på alt han spela. Ein favoritt der er Rauseljen, som er ein vals han truleg har etter Martin Halveg. For å visa korleis store spelemenn formar om slåttar, kunne det kanskje vore eit interessant pedagogisk eksperiment å setja desse to slåtteformene opp mot einannan. I mine øyre er dei to formene ulike, men som slåtteformer er dei begge like fascinerande og interessante, likevel.   

 

Som ei oppsummering vil eg likevel seia at plateselskapet ta:lik gjer ein kjempejobb med å gi ut plater med tradisjonsspel. På ”plateslepp-konserten” sa Håkon det nokolunde slik: Takk og lov for at me har eit slikt plateselskap. Sjur Hesjevoll vert her presentert på ein respektfull, fin og verdig måte. Plateseskapet har valt ut slåttar som skal gi eit utdrag av repertoaret til spelemannen – slike slåttar Sjur spela mykje, og difor truleg likte. Som kunstnar var han heldigvis heva over snevre sjangergrenser, geografiske skiljeliner og det ”forstå-seg-på-arar” sa var godt spel. Som Håkon sa på konserten, så var han på mange måtar ein bohem, her oppe i den vesle fjellbygda.

Nemnast kan det elles at den originale, særmerkte og sjeldne jostedalstradisjonen av uforståelege grunnar aldri vart representert i det 7 band store verket Norsk Folkemusikk, hardingfeleslåttar (Universitetsforlaget). Litt malplassert er eit par jostedals-slåttar likevel komne med i eit tilsvarande verk for vanleg fele. Så jostedalstradisjonen er nok enno alt for dårleg dokumentert på noteutgjevingar. Ogso dette må ta noko av skulda for at underteikna ved eit anna høve gjerne kunne ha ynskt meir dokumentasjon av slåttar frå Jostedalen.

Dei som opplevde Sjur som spelemann, vil finna stor glede i få høyra han på nytt i gode og presentable opptak, utvalde av Synnøve Bjørset og Håkon Høgemo. Håkon er ein meisterspelemann som har studert og spelar slåttane etter Sjur pietetsfullt, men også prega av hans eigen suverene teknikk, utstråling og framføringsmåte. Yngre og eldre spelemenn, dansarar og alle andre som er glade i ekte, særmerkt, rytmisk og samstundes gripande hardingfelespel bør kjøpa cd-en Sjur Hesjevoll: HARDINGFELESPEL FRÅ JOSTEDALEN . Dei vil heilt sikkert  ikkje angra.

Når kjem neste cd med den andre store spelemannen i dalen: Olav Sperle…?

Einar Ese

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: