Bokslepp: “Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”

Frammøtet på boksleppet søndag 29.november kl 15.00 på Jostedal Hotell var stort. Her var jegerar og ”gamlekarar”, men ikkje minst var det mange som ”aldri har sett sine bein i eit gevær” som Øystein Sunde ville ha sagt det. Og nett desse siste er kanskje aller viktigast viss me vil ha reinen attende. I tidlegare tider var “rein” nokså einsbetydande med “jakt” og “mat”. I våre dagar er reinen sine leveområde trua frå mange kantar, som fjelloppsynet også nemnde i foredraget sitt, og skal me gi reinen gode vilkår, nyttar det ikkje at jegerar og grunneigarar står på barrikaden åleine. Då er me nøydde til å få “folk flest” med oss.

  • Olav S. leia feststunda, for slik følte eg det var, med stø hand. Han er reflektert med eit  ungdommeleg sinn.
  • Sverre F. fortalde om arbeidet med boka og filosoferte ma.  over antal kilometer han hadde gått i fjellet. Det vart nok ein del.
  • Einar F. hadde eit foredrag om reinen sitt liv og levemåte. I tillegg viste han eldre foto frå reinsjakt i Jostedalen. Folk likte tydelegvis begge deler.
  • Einar E. fortalde om arbeidet i gruppa som skal få reinen til å etablera seg att i Luster sin del av Breheimen.
  • Steinulf S. ga eit interessant oversyn kva ein hadde oppnådd og kva ein ikkje hadde oppnådd ved opprettinga av  Nasjonalparken.

Kaffien og kakene smakte, og praten gjekk  triveleg kring bordi. Sverre F. signerte og skreiv helsingar i bøker. Ei utruleg billeg og fin julegåve må dette vera. 175 kr er ikkje mykje i våre dagar.

Som sagt: Eg følte dette som ei liti høgtidsstund!

Men viss me ikkje får reinen attende til Jostedalsfjelli, så vert likevel dei mange kulturminna me finn i form av dyregraver, bogastille og herbørje – dei vert for underskrivne berre eit einaste stort sorgens monument.

3 kommentarar to “Bokslepp: “Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli””

  1. eies Says:

    Underskrivne nemnde i tillegg ma. dette:

    I reetableringsnemnda er H. Mjeldestad leiar, J.Colman fagkonsulent. Dessutan: E.Fortun, K.Kvien, O.Hermansen, T.Otterhjell og E.Ese.

    Å sitja i ei slik nemnd er diverre/heldigvis ikkje ein måte å oppnå heider og ære på. Sjansane for kritikk og kjeft er nok mykje, mykje større.

    Det fekk dei merka, Fortun/Kvien/Hermansen + Skjerdal som gjorde eit etter mi meining ros- og prisverdig forsøk i 1997. Diverre mislukkast dei den gongen. Kritikken kom (merkeleg nok) frå grunneigarhald, frå dei som ottast reinen skulle trekkja til seg jerv ( – men jerven kom likevel!), frå DN som ottast at den utsette tamreinen skulle blanda seg med den “ekte” villreinen i Snøhetta. Verst var kanskje likevel ryktet som oppstod i etterkant av utsetjinga. Ryktet sa at det hadde vore ei eller fleire vaksne simler blant det som skulle vera kun ungdyr. Og at desse vaksne simlene hadde drege med seg ungdyra austover. Slike rykte er umuleg å sanne eller avsanne i etterkant. Tenk om dei som “såg” simlene, hadde sagt frå om det før reinane vart sleppte, ikkje etterpå.

    Å vera etterpå-klok har aldri vore rekna for nokon stor kunst.

  2. ha Says:

    Etter å ha skumma gjennom boka så vil eg sei det er ein feil med den.

    EG VART SO ALT FOR FORT FERDIG MED DEN!

    Det er bra at nokon har teke seg tid til å lage ei slik bok. Vonar det kjem ein oppfylgjar av denne boka med gamle jakthistoriar frå Jostedalen.

  3. eies Says:

    Eg er so einig so einig!

    Slik eg ser det, er det viktigaste Sverre Fossen har gjort: Å registrera bogastille, dyregraver og herbørje. Det andre, med portrett av dei gamle jegerane og fangstmenn, alle våpensmedane (- du hugsar kanskje den fantastiske våpenutstillinga for nokre år sidan under sommarmarknaden), og mykje, mykje meir, bør det absolutt gjerast noko med.

    Nen at boki i det heile vart trykkt, er vel ikkje minst takka vera Jostedal Historielag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: