Den merkte «Krundalsbukken», kva med han… ?

Fremst i Krundalen, frå Grov og mest i Bergsetdalen, har det i sommar gått ein bukk med det vitskaplege namnet: «Luster_Bukk_Gul_123».

  • 14. mars i år    :   Vart han visstnok mekt på Eikjo/Eikjastrondi 
  • o8.mai               :   Siste signal frå Eikjastrondi
  • 12.mai               :    Alsmo
  • 13.mai               :    Fossen/Fossøyane
  • 18. og 19. mai :    I Bakken
  • 20.mai               :    Går han frå  Hesjevollstrondi til Røykjadøla
  • I sommar har han stort sett gått i Bergsetdalen
  • 8.oktober      : Hausttrekket startar.   Passerer Gjerde
  • 9.oktober      : Sperla
  • 10.oktober   : Leirdøla
  • 11.oktober    : Rånnøy
  • 12.0ktober   : Ytre Eikjo, utom Vedvik.  
  • Viss han overlever, vert han vel gåande her i vinter….

So kjem spørsmålet: Skal bukken kallast «Krundals-bukken» eller «Eikjo-bukken»…

Sjekk det eg har skrive her.

Les om merkjeprosjektet her.

Advertisements

5 kommentarar to “Den merkte «Krundalsbukken», kva med han… ?”

  1. eies Says:

    På vårtrekket framover dalen brukte han om lag 12 døger. Han var mager og svolten og brukte sikkert mykje av tida til å beita.

    På hausttrekket heimover dalen brukte han berre 4 døger. Truleg var han feit og fin og berre passeleg svolten. I tillegg svirra tankane hans kanskje kring dei blanke og yppige kollene på Eikjo.

  2. Knut Nybø Says:

    For ikkje laga nokkon bygde stri får me kalla bukken 1-2-3,(lik H.Førde).
    Er det noko gale med bukken når han føretrekker nedfalfrukt på Eikjo framføre
    Jostedals-koller?.

  3. eies Says:

    Det var eit godt forslag, Knut!

    Elles ser eg ikkje bort frå at det kan vera noko gale med denne bukken, når han prioriterer slik…

  4. ha Says:

    Kall han kva du vil så lenge det ikkje er Gaupning :-).
    Spøk til side. Om eg ikkje hugsar feil så var det rundt den 8-10 oktober me hadde det fyrste snøkastet og skikkeleg ruskever i haust. Har det større innvirkning på vinter trekket enn tiden på hausten?

  5. eies Says:

    Spørsmålet om korleis veret virkar inn på hjortetrekket om hausten, er veldig interessant. Mange jegerar her meiner at rett etter det første snøkastet, eller etter eit kraftig snøkast etter ein periode med roleg ver, då får me eit kraftig hjortetrekk.

    «So i kveld eller i måro tidleg må me postera på trekkvegen deira», seier jegerane. Men so enkelt er det ikkje likevel, viser det seg. Og me kan fort bli lurte ved at det er lettare å sjå spor etter eit snøkast, slik at mange fleire dyr kan ha trekkt natta før då det var snøfritt.

    Men at veret virkar inn på dei ville (og dei tamme) dyra, er eg ikkje i tvil om. Og då me hadde sauer heime i Ese, såg me ofte at dei kom ned frå fjellet og til gards ved uver. Men dette var alltid FRAMFOR uver. Dyri har nok ei innebygd vervarsling i kroppen. Det har vel me menneske også i ein viss grad. «Eg kjenner det på gikti at det blir uver», seier somme.

    At det første snøkastet, og veret generelt, har innverknad på hjorten, er eg ikkje i tvil om. Men KORLEIS det verkar inn, der er det stadig noko nytt å læra. Kanskje me skulle postera meir på trekkvegane FRAMFOR dårleg ver, og ikkje berre ETTER eit snøkast?

    Jostedølene hadde mykje samband med Marifjøra i tidlegare tider. So slik vidarefører Krundals-Eikjo-bukken 1-2-3 ein gamal tradisjon. Får håpa at bukken har det bra om dagane – at stresset med kollene og dei andre bukkane ikkje har tappa han for alle krefter, og at han no kan få koma litt til krefter att. Viss eg ikkje misforsto Olav H., så sa han at då han vart merkt i fjor vinter, var han nokså mager.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: