Ein høgtideleg lovnad!

SL370051 tekst

Bilettekst: “Me er trygge. eies har lova å ikkje skyta oss”. Teksten til  biletet av desse reinane attmed Styggevatnet i sommar, er vel likevel ikkje heilt rett. Det finst andre jegerar både her og i nabofylket vårt.

Trass i at “den harde kjerne” i reetableringsgruppa Kjartan, Olav og Einar F. forhandla fram ein gullkanta avtale med Skjåk, der dei gjekk med på – inntil vidare – å auka vinterstamma med ein stad mellom 50 og 100 reinar, tykkjer eies at arbeidet går litt seint og trått. Det er fleire tiltak som kunne vore gjort, og fleire prossessar kunne ha vore sette i gang. Sidan eies er med i Reetableringsgruppa, lyt han sjølv ta sin del av skulda for at sovore ikkje har vorte gjort. 

Som eit lett desperat tiltak vil eies difor utdjupa den tidlegare lovnaden han har kome med: EIES LOVAR MED DETTE, MED VILLREINBLOGGEN SINE LESARAR SOM VITNE, AT HAN ALDRI, NOKOSINNE, VIL SKYTA VILLREIN I LUSTER SIN DEL AV BREHEIMEN!

Han vil poengtera at han hittil ikkje har vurdert å melda seg inn i NOAH. Heller ikkje kjenner han seg plaga av same symptom som Molanden nedi Kongo. Men dette er noko eies har tenkt på i fleire år.

I motsetning til i fjor då eies var uheldig under hjortejakta, har han i år hatt hellet med seg. Såleis kunne han gjerne tenkja seg ein tur på jakt etter villrein i Jostedalsfjelli. Men at her kan etablerast ei villreinstamme, er langt viktigare enn at eies får sjå på rein med berre eitt auge. eies vil presisera at dette er noko han gjer kun for sin eigen del, og at han sjølvsagt ikkje vil oppmoda eller pressa andre til noko liknande. Viss eies vert invitert med på jakt som “sherpa” eller liknande, vil han bli glad, og han vert gjerne med. Dette må då bli etter at fredingsvedtaket er oppheva.

Det er såleis med eit snev av tru eller overtru at eies gjer dette.

Måtte det snart etablerast ei villreinstamme i fjella våre. Til glede for folk flest!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: