Jostedøler, lustringar og hundar

Å kalla lustringar generelt og jostedøler spesielt for hundehatarar, er absolutt ikkje rett. Eg har likevel ei sterk kjensle av at jakthundar er meir aksepterte på Austlandet. Etter at lova om pliktig ettersøkshund ved storviltjakt kom, har eg  ei kjensle av at hundar vert aksepterte mykje lettare no enn for berre nokre år sidan.

Som hundeeigarar har me sjølvsagt eit stort ansvar, ikkje minst i høve til viltet i fjellet, og til sauene som er på beite. Kor stor skade hundane gjer på desse to områda her i dalen veit eg ikkje, men kvar sau som blir skada eller drepen av hundar, er ein for mykje. Dei ulike hunderasane har ulik grad av jaktlyst og «springe-etter-lyst». Difor er det viktig at hundeeigarane kjenner lynnet til hundane sine. Ein «søt» kjælehund treng ikkje vera den uskuldigaste! Aller farlegast er det viss to (eller fleire) hundar er lause samtidig. Då verkar flokk-instinktet, dei eglar kvarandre opp, og ser dei ein sau, kan det lett enda tragisk.

Desse to bileta med plakatar, er frå Viva og Styggevatnet. Eg har lenge meint og sagt at viss me vil ha fleire til å bruka fjellet, så må me skilta meir og få opp orienterande og informerande  plakatar. Men dette er altså det fotturistar vert møtte med:

PROHIBETED!    BÅNDTVANGEN!   ACHTUNG!

Er det likevel dette som er den viktigaste informasjonen me ynskjer å gi?

Kan turistnæringa, Luster Turlag, grunneigarar, landbrukskontoret… eller andre gjera noko med det?

 

Advertisements

12 kommentarar to “Jostedøler, lustringar og hundar”

  1. ha Says:

    Slike plakatar skulle egentleg vere unødvendige! Men som hundeeigar veit du og at det er mange som ikkje respekterar bandtvangen. Sjølv om ein gjer sitt beste for å vere lovlydig så er det lett for mange å berre sleppe hunden når den må luftast.

    Du har sikkert høyrt fleire fastbuande som seier at dei slepp hundane sine når dei går tur. Det er ikkje husdyr der er begrunnelsen dei gjev, og som unnskylding for at dei bryt bandtvangen.

    Men største problemet er nok dei tilreisande som trur at dei kan gjere som dei vil sidan dei no er komne på landet. Her kan dei gjere som dei vil.

    Slike plakatar er nok noko av det viktigaste som er på oppslagstavlene! Men det må koma bedre innformasjonsplakatar om dei einskilde områda. Standarplakatane som ofte vert satt opp gjev alt for generel informasjon.

  2. eies Says:

    Ja, lovene om bandtvang må me forholda oss til, og ta konsekvensane av om me bryt dei. Slik eg forstår dei, er det særleg omsynet til sauer og viltet det her er snakk om. Når det gjeld vilt, er det særleg i yngletida og ved djup snø at hundar kan gjera størst skade. For å gardera seg, er det mange som deltek på saueavvenningskurs der hunden får elektrisk straum frå eit halsband viss han spring etter sauer.

    Plakatane ovanfor trur eg bestemt er sette opp med tanke på å gi evt. villrein fred og ro på beite. Dette er sjølvsagt eit både aktverdig og prisverdig føremål. Sjølvsagt ynskjer eg ikkje at hundar, korkje min eller andre sine, skal spreng-jaga dei stakkars fåe villreinane i Jostedalsfjella.

    Men så veit me også at «å ropa ulv» i utide, fører til at folk kan mista respekten for reglement og påbod. Viss Styggevatnet og Viva hadde vore kalvingsplassar for rein, då hadde ei særs streng handheving av bandtvangen vore på sin plass.

    Og generelt må sjølvsagt fotturistar og andre opplysast om bandtvang i høve vilt og sauer/husdyr. Men slik informasjonen på Viva og ved Styggevatnet er, kan eg tenkja meg at ACHTUNG! og PROHIBETED! gir eit intrykk av at dette nærmast er «militært» område.

    Kor stort er det verkelege problemet med laushundar i Luster? Her tenkjer eg på vilt og sauer/husdyr i første omgang. (At hunden min drit på plenen til naboane, og riv sund søppelsekker – held me utanfor no)

    Somme vil kalla meg blåøygd og naiv, men eg har meir tru på sakleg informasjon og «sunn fornuft» enn «lover, reglar og påbod.»

    Om ein klistrar «Bandtvang-plakatar» på annakvart tre i skogen, trur eg at ansvarslause og tankelause hunde-luftarar framleis hadde sleppt dei «snille kosehundane» sine der det var sauer !

    Mi oppfordring er: Slå hardt ned på alle tilfelle der laushundar skadar folk/fe/vilt. Lat gjerne «bandtvang-plakatane» på Viva og ved Styggevatnet hengja. Men lat dei ikkje vera den dominerande informasjonen til fjellvandrarar. Få opp meir informasjon om fjellområda våre. Enkle kart og opplysningar om farar og ting som er verdt å sjå i fjellet…

  3. kalvatreet Says:

    Eg er einig i det som er sagt tidlegare i denna ordvekslinga. Har og tenkt myke på plakater som er opphengde.

    Trur det går litt andre vegen og. Som hunde-eigar har eg ofte opplevd at det ligg att saker og ting etter turistane. Til dømes intimserviettar og tampongar som kan skada både tamdyr og vilt. Trur det ville vere bra med litt informasjon til lokale og turistar når det gjeld både båndtvang og etterlatenskapar i naturen,

  4. eies Says:

    Dette handlar mykje om (det fryktelege) ordet OMDØMEBYGGjING. Kva intrykk vil me skal sitja att hjå turistar og folk flest. Er det ei mengd med forbod- og påbodskilt: HALD HUNDEN I BAND! IKKJE KAST PAPIR I NATUREN! Ta alt søppel med deg heim att! TA TAMPONGAR OG INTIMSERVIETTAR MED DEG HEIM ATT! MÅ DU «BÆSJA», SÅ GRAV NED RESULTATET OG TOALETTPAPIRET – ELLER TA DET MED HEIM ATT! …. (- ser at morokarar kan laga litt gøy ut av dette… )

    Poenget mitt er at viss ein må ha oppslag om påbod og forbod, så kan dette gjerast litt diskret. Trur ikkje det tener saka viss ACHTUNG! blir hovudintrykket som turistane sit att med.

    Når det gjeld villreinen, td., så har eg meir tru på sakleg informasjon. Viss fotturistane, kitarane og andre forstår at villreinen mange stader er utrydda, og at me no prøver å reetablera, då trur eg dei fleste forstår og respekterer det.

    Forbod og påbod må nok til, men hovedfokuset bør ikkje liggja der. Dette er mi meining som eg kjem til å ta opp i reetableringsgruppa, delvis har eg alt gjort det.

  5. eies Says:

    På Viva heng det også ein plakat med opplysningar om Gjetarhytta/Steinhytta der.

    Noko slikt er meir vegen å gå!

  6. ha Says:

    Er like viktig å innformere om bandtvang som mykje anna. Kan du fortelja oss korleis bandtvangbestemmelsen i Luster kommune er, utan å slå det opp fyrst?

    Det er alt for mange som trur noko, men som ikkje veit kva som er rett!

  7. eies Says:

    Nei, du vil nok raskt setja meg fast om du byrjar å eksaminera meg om bandtvangreglane – i detalj. Men det viktigaste trur eg at eg veit.

    Men når det gjeld fjellet, så er det først og fremst bandtvang i høve viltet, og bandtvang i høve husdyr – i praksis sauer som er aktuelt. Utan å vita noko som helst om bandtvangreglar, tilseier «sunn fornuft» at hundar ikkje skal jaga sauer i det heile. Utanom lovleg jakt og lovleg jakttrening, skal ikkje hundar jaga viltet. Under yngletida om våren og ved problematiske (for viltet) snøtilhøve, må ein vera ekstra på vakt.

    Eg vil ta soga som den gamle rektoren min fortalde:

    Det var ein ung politimann som skulle ut i aktiv teneste for første gong. Han spurde difor ein eldre kollega om gode råd.

    Du, sa han, når eg no skal ut i teneste, skal eg då bruka lover og reglar -eller skal eg bruka sunn fornuft… ?
    Den eldre kollegaen svara: Har du sunn fornuft så brukar du det. Har du ikkje sunn fornuft, så brukar du lover og reglar.

  8. ha Says:

    Sunn fornuft er fint å ha, men kva er sunn fornuft?
    Så lenge me klarer å tenkje sjølv og har eigne meiningar ( noko dei fleste av oss har framleis) vil ikkje sunn fornuft bety det same for meg som for deg!

    Bandtvangen er heldigvis ikkje så streng lenger, for oss som har jakthundar. Sjølv så ventar eg til etter hovedsanken før eg slepp hunden min på fjellet. Sjølv om eg lovleg kunne ha gjort det 2-3 veker før. Kansje det er det du meiner med sunn fornuft? 🙂

  9. eies Says:

    Ja, det er vel eit problem at dei fleste av oss meiner me har «sunn fornuft», men viss andre vert spurde, har dei kanskje ei anna oppfatning.

    Lovene/forskriftene/reglane… om bandtvang står uansett fast. Bryt me desse og vert melde, lyt me som hundeeigarar ta dei ubehagelege konsekvensane av det.

    Lat gjerne «bandtvang-plakatane» hengja. Men få opp meir informasjon (folkeopplysning) på informasjonstavlene (- set gjerne opp litt infornasjon i Fagredalen også. På synfaringa saman med ma. ordføraren og seniorrådgivar-miljøvern hjå Fylkesmannen, kunne ein konstatera at vegen til Holmevassbu (- stor takk til Alfred Tuften & Co!) var mykje nytta – medan vegen frå Holmevatnet til Martadalen mest ikkje vart bruka).

    Eg er faktisk så naiv at eg trur folkeopplysning verkar minst like godt som ACHTUNG! og PROHIBETED!

  10. ha Says:

    Med andre ord det er ikkje innhaldet du misslikar på plakatane men korleis dei er laga! Kunne godt hatt litt andre overskrifter på dei det er eg enig med deg i. Og sjølvsagt innfoskilt om kva som er i dei forskjellige områda saman med kart som viser kvar det er best å gå mellom forskjellige stader.

  11. eies Says:

    Det eg tykkjer er litt dumt, er at nesten den einaste informasjonen fjellvandrarar møter, er desse «hundeplakatane». Alle treng me å bli minna om bandtvangen i høve vilt og husdyr. Men nokre ord om td. reetablering av ei sårbar reinstamme trur eg ville gjera at folk vart flinkare til å passa på hundane sine i fjellet. Det ville verka motiverande. Trugsmål og skræmsel er ikkje alltid det som skal til for at hundeeigarane skal oppføra seg ansvarleg.

    For både meg og evt. rein er det heilt greitt med lite folk i fjellet. Men eg trudde faktisk at turisnæringa ynskte fleire folk ut i den flotte naturen vår.

  12. eies Says:

    I sommar vart det etter det eg forstår funne to sauer/lam i ein bekk/elv i Vanndalen. Slik sett kunne ein i første omgang tru at det var jerv som hadde drepe dei. Fjelloppsnet var imidlertid på plassen og undersøkte sauene, og kunne ikkje finna bite-skader. Konklusjonen vart då at dei truleg var sprengde, og at det kunne vera hund/hundar som hadde gjort det. Men sikker kunne ein ikkje vera.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: