To hjortar omkom i flaumen – kanskje fleire

Fekk ein SMS i dag om at det låg ein hjort i elvi ved Stolpala (om lag 290 m framom Fellesfjøsen). Eg og hunden rusla vidare nedetter elvi, og 490 m nedom Fjøsen låg det ein hjort til, om lag på same staden der det i fjor låg to daude spissbukkar.

Qizen blir då: Kva kjønn trur blogglesarane dei to hjortane har. Premiane er heider og berømmelse.

——————————————————————————————————-

Som nb skriv i kommentaren, så låg det ein hjort der. Kanskje ein kalv eller ei lita kolle, men vanskeleg å avgjera sikkert. Io tykkte dette var snadder, og eg måtte verkeleg tala i klartekst for å få ho med heim att.

SL370119

Advertisements

5 kommentarar to “To hjortar omkom i flaumen – kanskje fleire”

  1. eies Says:

    Eg skulle vel ha skrive ca alder og kjønn.

    (So er eg usikker på om det heiter Stolpala eller Stolpalaet, sameleis om det heiter Mann eller Mannen oppi Vanndalen.)
    —————————————————————————————————–
    Konkurransen vart visst ein fiasko. Det var to spissbukkar, og dei er vanlegvis om lag 1,5 år gamle.

  2. alb Says:

    Trur det skal uttalast som Stolpalae.
    I vanndalen seier me Mann-n. Me brukar ikkje e-en.

  3. eies Says:

    Takk!

  4. nb Says:

    Du finn nok endå ein hjort i elvakanten rett nedom osen til sagerøyelva. Denne har sikkert lege i elva før flaumen, men kome nedover når vassmengdene vart so store.

  5. eies Says:

    Flott. (- sjølv om det kanskje ikkje var rette ordet…) Hadde vore artig med eit bilete…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: