Fire hittil ukjende dyregraver oppdaga i Vigdalstølsområdet

Ein liten sensasjon vil eg kalla det at fire jordgraver er oppdaga ved Vigdalsstølen. Etter det eg veit, har ingen visst om desse tidlegare. Alle gravene var parallelle. Dei låg oppe på eit platå. Opp til gravene gjekk det ei bratt reine. Gravene var nokså djupe. Eg har høyrt at dei tidlegare kast stein, røter mm. ned i jordgravene for at ikkje beisti skulle bli liggjande på ryggen nedi dei.

Du kan gå nedover frå stølen Breisete  i om lag 100 meter avstand frå elva til du er på høgde/parallelt med Vedahaugane. Vedahaugane ligg altså på motsatt side av elva. Den game reievegen/kløvjevegen (der ma. Nils Ormberg kløvja ost…) går rett forbi den eine grava. Denne vegen vert no brukt stort sett berre av dyr.

Etter som eg forstod var det under ei synfaring der Tom Dybwad, Lars Vigdal og Erling Bjørn Vigdal  deltok, at dei fann dyregravene. Lars Vigdal var seinare så hyggeleg at han ville ta seg tid til å visa meg dyregravene. Det er eg takksam for!

Eg har teke to foto av kvar grav. Ser at fototeknikken min er litt mangelfull. Det er ikkje alltid like lett å sjå kva dette er. Men gjer deg ein tur opp, og du blir ikkje i tvil!

 

 

2 kommentarar to “Fire hittil ukjende dyregraver oppdaga i Vigdalstølsområdet”

  1. Neo Says:

    Hei
    Kom over bloggen din nylig. Veldig interessant. Jordgravde dyregraver er jo svært sjelden på disse kanter av landet. Det ser ut som gravene ligger i skogen. Hvor høyt over havet ligger disse? Kan de være beregnet på andre dyr enn rein?

  2. Fangstgrop « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] fortalt meg om ei ved Likholmyri. Og endeleg ved ei synfaring for eit par år sidan var det funne eit lite anlegg med 7 (?) graver. (På linken er ikkje alle gravene komne med). Lik dette:LikBe the first to like […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: