“Herlig marengskake”

Marengskaka er heilt til høgre og fremst på biletet.

Ho er ikkje spesielt vanskeleg å laga. Men det blir ein del oppvask, dessverre. Når du rører saman dei hakka nøtene (hurtigmiksar…?) – sukkeret og dei stivpiska kvitane, trur eg det er lurt å ikkje vera altfor ivrig, men “vend” det forsiktig saman. Eg plar bruka bakepapir og varmluft. Ha ikkje altfor mykje vatn i kremen. Kjøl kremen ned før du har han på kaka,

Får du problem med bakinga, så skriv ein kommentar. Men fleip svarar eg truleg ikkje på.

3 kommentarar to ““Herlig marengskake””

  1. Eli Bjørhusdal Says:

    Fleip eller fakta? Laga du den kaka til bryllaupet sist laurdag?? Eg kan søren ikkje hugse ho frå kakebordet. Eg var sein til å forsyne meg (faktisk) og slike kaker vert jo fort borte, men på den andre sidan var det eg som sette kakene utøve. Fy fakerten, ho ser svinaktig god ut. Og eg høyrde mange som skrytte av ei marengskake, så truleg var ho der. Men hadde ho ei anna form?

  2. eies Says:

    Dette blir litt inn mot privatlivet mitt som eg ynskjer å verna om. Men fint at du tykkte at ho ser godt ut.

  3. eies Says:

    Ser at utruleg mange er inne på bloggen min og les om denne kaka. Flott!

    “Kaka-ass-ainar” vert ho ogso kalla. Men med dette kan eg avkrefta dette: Ein slik namnebruk er altså feil!

    Men viss nokon et for ofte og for mykje slik kake og difor ese-r ut, så er det noko anna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: