Gladmelding: Villrein i reetableringsområde!

Det vart visst både duplikat og anna rot her. Får prøva å fiksa det seinare. Eg har brukt uttrykket “mellombukk” utan at eg veit om det er noko som heiter det. Men håpar folk forstår.

Det er eigentleg med litt blanda kjensler eg legg ut desse bileta. Viss me skal få reinen til å trivast gjå oss, er alfa og omega at han får ro og ikkje vert forstyrra unødig. [Det er vel noko slikt min gode ven, byggefelt-karen, meiner når han seier at eg er håplaus: Straks eg får vita om rein, så skriv eg om det på bloggen min! Difor har han ikkje vilja fortalt meg om 22 rein som går rett framom Styggevasshytta. Eg kjem berre til å skriva om det, seier han…]

I tidlegare tider var det ein uskriven regel at såg du rein før jakttida, så skulle du halda kjeft. Jakt var også konkurranse. I våre dagar er det slik at eg i min naivitet trur på opplysning. Eg trur folk flest ikkje er interesserte i å øydeleggja for reetableringa.

Onsdag 5. august hadde eg ein rusletur langs Styggevatnet og Austdalsvatnet. Desse to bukkane dumpa eg brått på. Den eine var vel ein “storbukk” og den andre ein “mellombukk”. 

Ved Austdalsvatnet kom me på tre bukkar, to storbukkar og ein mellombukk.

I tillegg såg me spor etter det som kunne vera ein storbukk og ein mellombukk. Me såg altså til saman fem reinsbukkar, men truleg var der minst to i tillegg.

Kvar kom reinane frå? Sidan eg dagen etter var i Sprongdalen utan å sjå spor, lort eller andre “ting” etter rein i det heile teke – i alle fall så godt som – så kan det sjølvsagt tenkjast at reinane kjem frå Nord-Vest-området.

Ei anna muleg forklaring kan vera denne: Vår dyktige fjelloppsynsmann Einar F. sit på mykje erfaring når det gjeld rein. Viss eg ikkje misforsto, sa han at han skulle kunna skilja Vest-Jotunheimenrein frå Ottadalsrein berre på fargen. Rein frå Vest-Jotunheimen er nemleg mykje mørkare. Viss dette er rett, kan mykje tyda på at desse reinane er “rømlingar” frå Vest-Jotunheimen. Det har gått ein “mystisk flokk på 60 – 70 rein i området som vert kalla Sumarkvile. Det kan vera rein frå Vest-Jotunheimen.  Eg ser ikkje bort frå at dette kan vera ei rimeleg forklaring.

3 kommentarar to “Gladmelding: Villrein i reetableringsområde!”

  1. Knut Granum Says:

    Hei! Samme dag (5. aug.) registrerte vi villrein fra helikopter innenfor Ottadalen sør. I tillegg til dine observasjoner kan jeg opplyse at det gikk 2 bukker rett sør-øst for Illvatnet, like inne på Lusterområde. Våre øvrige observasjoner var på sørsida av Lundadalen, i Tundradalsområdet (på begge sider av selve dalen) og i området øst for Skridulaupen. Mvh Knut Granum

  2. eies Says:

    Altså: Trur du at dei reinane eg såg ved Styggevatnet er av den same stamma som dei Skimmannen har fotografert?

  3. eies Says:

    Ein jostedøl fortalde meg at nokre dagar tidlegare hadde han sett minst 7 reinar, i kikkert, på Austdalsbreen – men det kunne gjerne vera fleire. Om dette er dei same som eg såg, er vanskeleg å seia utan fleire opplysningar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: