To overnattingsstader

Desse to herbyrgja ligg litt mindre enn halvveges mellom Styggevasshytta og “Glupen”.

Herbyrgja vart brukte like frå steinalder og fram til utpå 1900-talet. Det som skil eit herbyrgje frå ein ordinær heller, er at det er restar etter ein eller annan le-vegg eller ei enkel oppmuring. I tillegg er det nesten alltid ein liten varde på toppen av hella eller steinen. Eg trur dette var for at ukjende jegerar lettare skulle finna ly, til dømes i dårleg ver.

På den første helleren er dette tydeleg, sjølv om varden har rasa saman. Herbyrgjet ligg om lag ved høgste vannstand.

På den andre helleren er eg litt usikker. Den flate hella ga nok ly for regnet, men det var lite oppmuring å sjå. Dessutan var varden plassert til venstre og litt høgre i terrenget. Dette (eventuelle) herbyrgjet ligg noko høgre enn den første helleren (- har nokon ein GPS for mykje…?)

Ingen av desse herbyrgja har eg funne registrerte, korkje hjå Randers eller andre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: