Sprongdalen – ein del rusta spikar i turstien

Sprongdalshytta som Statkraft sette opp som erstatning for den gamle Styggevasshytta, er eit fint turmål for både barnefamiliar og andre. Sjølv om han Hallvard Horpen visstnok ikkje tykte her var særleg pent.

Vegen til hytta går tett attmed bekkeinntaket. Midt i stien her ligg det ein del bøygd og rusta spikar. Men dei fleste ungane som spring forbi her, har sko på beina. Det håpar eg i alle fall…

Truleg har her vore ei eller anna forskaling, og så har dei “gløymt” å plukka opp spikarane. Ei stor bedrift kan ikkje passa på allslags bagatellar, heller.

8 kommentarar to “Sprongdalen – ein del rusta spikar i turstien”

  1. TT Says:

    Det er klart at spikrar ikkje skal slengast i frå seg slik. Når skaden fyrst har skjedd, vil det mest fornuftige vere at alle som går i fjellet plukkar slike ting med seg heim att. I alle fall om mengda er overkommeleg. Eit alternativ er å kaste spikrane i eit urahol. Då vil dei i alle fall ikkje vere til fare for nokon. Er det større mengder bos bør det oppryddast av ureinaren.

    Elles tykkjer eg kanskje det er vel so viktig å setje fokus på rasket som ligg på mange stølar. I tillegg til at ein del sel og (spesielt) fjøsar og løer byrjar å syngje på siste verset samlar det seg mykje anna rask. Eksempel er bølgjeblekk, ”årdalsblekk”, strengbuntar og bøtter. Alt saman som oftast rusta. Dette tykkjer eg bør fjernast. I alle fall på dei stølane som er lett tilgjengelege. Kva med ein ryddedugnad på kvar støl der kvar og ein som soknar til stølen deltek samt andre som føler seg kalla? Ein kan godt fjerne noko brennenot og einer i same slengen. Eg stiller!

  2. eies Says:

    Du meiner altså at om eg var fornuftig, så hadde eg plukka opp spikrane og ikkje laga meir “styr” omkring dette…

    Kanskje du ikkje trur meg, men eg var nok inne på tanken. “Eies, det tek deg max 15 minutt å plukka opp dette”, sa eg til meg sjølv – og la faktisk til: “TT hadde fjerna det meste på to minutt, garantert!”

    For å seia det med Narvestad: “Dette handlar om prinsipp!” Eg har td. ikkje tenkt å bruka sparepengane mine på å fylla opp masse, evt setja opp eit tenleg gjerde eller “fang-netting” ved steinbrotet under Styggevasshytta. Det er i det heile ein del som skulle vore ordna opp i etter utbygginga. Ein del av dette har eg meldt frå om til utbyggjaren. Dei skriv velformulerte svar…

    Å vri fokuset over på at bøndene skal rydda opp, er ei avsporing av debatten. Eg er forsåvidt einig i det TT skriv, men bøndene tilhøyrer vel ei yrkesgruppe der det etter kvart er svært dårleg inntening. Utbyggjaren er ei bedrift som har overskot i ein størrelsesorden der eg ikkje er sikker på kor mange nullar som skal skrivast i talet. Sjølvsagt bør me alle rydda opp etter oss, bøndene også. Men det same bør utbyggjaren gjera, trur dei har råd til det.

    Å fjerna brennenot (- nesle) og einer trur eg vert vanskeleg. Det veks vel fort til att. Men for ei stund kunne det vel hjelpa. Dessutan tykkjer eg at eineren er ein flott og nyttig plante. Og då tenkjer eg ikkje på namnet.

  3. TT Says:

    Eg vil ikkje delta i diskusjonen om steinbrotet. Det som var poenget mitt var at storleiken, arbeidsmengda og faren for at uvedkommande skal skade seg må bety noko for kor vidt ureinaren skal rydde opp eller den enkelte. Sjølvsagt har ureinaren ansvaret uansett. Men eg forstod deg slik at du hadde ei viss otte for at ungar kunne trø opp i føtna sine rustne spikrar. Sett i lys av det burde du rydda opp – uansett kven som har ansvaret.

    Eg er klar over inntekta i jordbruket er dårleg. Bøndene må arbeide svært hardt for å få ei nokolunde inntekt – langt hardare enn eg må gjere. Difor brukte eg bevisst uttrykket “kvar og ein som soknar til stølen”. Ikkje “bonden” eller “grunneigaren”. For min eigen del føler eg at eg soknar til Vanndalen og Geisdalen sjølv om eg ikkje er grunneigar. Difor kunne ein ikkje ved ein slik ryddeaksjon gått rundt og sagt “dette er ditt, dette får du ta”. Ein måtte heller sagt: “dette er skrotet vårt. Dette får me bere og køyre til Simas”.

  4. eies Says:

    Me nærmar vel oss ein del etiske og moralske problemstillingar no, for dei som har sansen for slikt.

    Det er klart at “storleiken, arbeidsmengda og faren for at uvedkommande skal skade seg” var svært liten ved bekkeinntaket. (- tippar at ein eller annan alt har fjerna spikrane…) Ikkje spring eg og du omkring med sleggje for å fjerna skarpe kantar på steinane i stien, heller.

    Du vil ikkje delta i diskusjonen om steinbrotet – då tolkar eg deg dit hen at du er ein fornuftig mann! For meg er bekkeinntaket i Sprongdalen eit “Steinbrotet-light”, og ofte må ein fokusera på bagatellar for at folk skal få augo opp for alvorlegare ting.

    Uansett: Takk for at du ville skriva kommentarar. Ein blogg utan kommentarar er ikkje mykje verdt.

  5. eies Says:

    I dag hadde eg ein Sprongdals-runde. Var skikkeleg spent då eg nærma meg bekkeinntaket. Trudde faktisk at spikrane var fjerna. Men kva ser eg…?

    Det såg faktisk ut som om antal spikrar i stien var fleire enn sist… :@

  6. SB Says:

    Framleis mykje spikar på stigen ved bekkeinntaket i Sprongdalen. No må naturvandalane i Statkraft ta ansvaret som ureinar og få rydda opp i jarnskrotet som ligg strøydd omkring.

  7. nb Says:

    ja, og so er det endå meir: onsdag var eg på styggevasshytta på måling og kva fann eg på stien når me kom nedatt. Ein gummistrikk, ikkje av desse store raude,men ein heller liten brun ein. Det kan hende den har lege dar sidan utbygginga eller istida. Men for å gjere det kort: sidan eg bar på eit stort, tomt målingsspann sette eg dette att og i tillegg la eg to svarte plastsekker på eit par steinar. Dette for at utbyggjaren skal ha lettare for å finne plassen når (hvis) dei vil sende nokon for å fjerne strikken.

  8. eies Says:

    🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: