Hedda er godkjend ettersøkshund – vel 1 år gamal!

Hedda april 09 018

Hedda, dotter til vår Io, kom til Lærdal. No er ho godkjend ettersøkshund! Ho har teke dei to prøvane som ho må ta ,  med Ernst Inge Brugrand som førar. Hjå Norsk Kennel Klub kan du lesa om prøvane ettersøkshundane må gjennom – les her.

Me er glade for at Hedda er komen til Monica og Ernst Inge, og stolte over at ho no er godkjend ettersøkshund. Dette er nok eit prov på det me heile tida har trutt, at kvelpane til Io har gode brukseigenskapar. Å vurdera eksteriør er ikkje mi sterke side, og heller ikkje det viktigaste. Men ho ser då vel ikkje så verst ut heller…? 

Me sender dei varmaste gratulasjonar til familien Brugrand, og ynskjer lukke til med Hedda. Når ho no etter kvart veks av seg – og frå seg –  dei verste kjeltringstrekane og kvelpefaktene, håpar me at de i Lærdal vil få mykje glede av Hedda!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: