Vilrein-observasjonar

Den tidlegare omtala Byggefelt-karen kunne i dag fortelja om villrein i Styggevass-området. Kor mange, er litt usikkert, men det kunne kanskje vera i alle fall ein stor bukk og eitt mindre dyr – utan horn eller i tilfelle svært små horn.

Seinare fekk eg høyra om observasjon av ein stor reinsbukk på Austdalsbreen.

No meiner kanskje somme at dette burde eg ikkje skriva om. Nysgjerrige amatørfotografar og andre kan finna på å uroa desse pionær-dyra slik at dei trekkjer ut av området vårt.

Noko rett kan det nok vera i dette. Men eg har meir tru på folkeopplysning enn sensur. Frå Norsk Villreinensenter si heimeside har eg saksa reglane nedanfor. Viss ein fylgjer dei, skulle det vera liten fare for å skræma villreinen vekk frå fjella våre:

Vær varsom med plante- og dyrelivet. Husk at villreinen er spesielt sårbar om vinteren og våren.
Følg merkede stier og løyper.
Ta med hunden på tur, men husk at en del områder også har utvidet båndtvang.
Bruk kikkert og betrakt villreinen på avstand.
Hold deg i ro hvis du ser villrein, slik at den kan trekke unna uforstyrret.
Kjøp postkort med villrein i stedet for å forsøke å ta egne bilder.

————————————————————————————————–

13.juli: Har dei siste dagane fått mange rapportar om villrein i Styggevass-området:

3 rein (bukkar?) på Austdalsbreen, spor etter rein på Sprongeggi, fleire spor-rapportar ved Styggevatn

Personleg har eg sett spor etter storbukk og minst 2-3 mindre dyr ved Styggevatn.

Det ser såleis ikkje ut til å vera dei store mengdene, men alt lovar godt for reetableringsprosjektet som no er i gang.

Ein kan ikkje sjå bort frå at dette kan vera frå den «mystiske» flokken som ei stund har halde til ved Sumarkvilholet, og ein kan vidare heller ikkje sjå bort frå at dette kan vera ein flokk på 60 – 70 dyr som har «rømt» frå Vest-Jotunheimen.

Personleg tykkjer eg likevel det er svært trist at ein ikkje har fått freda heile Tverreggi ved Styggevatnet for jakt…!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: