Fangstminne ved overgangen Sandhaugedalen – Holmevatnet

Når ein går aust-søraust frå Sandhaugedalsvatnet mot dalføret som går mellom Holmevatnet og Halsavotni (Huff, eg må få meg ein GPS…), så finn du desse stadene om lag på høgste punktet, og litt over mot Sandhaugedalssida.

Dei to nedste bileta er frå ein overnattingsstad. Her var det mykje fine heller til å mura med. Ikkje mange overnattingsstader er så pass oppmura. Plassen ga nok god ly. Likevel overraska det meg at botnen i «senga» verka bitte lite grann fuktig. Det ser ein også på den friske, grøne mosen som veks der. Overnattingsstadene eller herbyrgja som dei vart kalla, vart elles plasserte godt innafor «dråpefallet», som det heiter på fagspråket til arkeologane.

Dei to  bileta oppe til høgre viser eit bogastille like ved. I bakgrunnen ser ein korleis terrenget vert brattare opp mot Geisdalshalsane. Den kvinnelege steinalderjegeren med steinalderhunden tykkte eg passa så godt, sjølv om bileta diverre er skjemma av at fotografen har hatt peikefingeren i solkrem eller smør eller eit eller anna – slikt skal sjølvsagt ikkje skje.

Det første biletet er teke frå om lag same staden, i retning mot Fåberg.

Sverre Fossen har fortalt at her også skal vera dyregraver. Når snøen har smelta litt til, får me prøva ein ny tur hit.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Fangstminne ved overgangen Sandhaugedalen – Holmevatnet”

  1. eies Says:

    Ser at på ulike maskiner/nettlesarar(?) får bileta ulik plassering.

    Dessuten er uttrykket «steinalderjeger» kanskje misvisande. Dei fleste trur vel i dag at bogastilla vart brukte frå vikingtida og fram mot «geværtida», kring 1700.

    Men heilt sikker kan ein ikkje vera.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: