Fortvilar over ubrøytt veg

I Sogn Avis i går stod denne notisen – som eg håpar eg klarer å skriva av rett:

Fortvilar over ubrøytt veg

JOSTEDALEN: Både turistar og dei som driv i reiselivsnæringa i Jostedalen fortvilar over at Statkraft ikkje vil brøyta veg opp til Styggevatnet. -Det er trist at Statkraft ikkje kan visa litt meirgodvilje lokalt. Det er berre snakk om å brøyta nokre hundre meter med veg, og det er ikkje mykje snø der heller, seier Frank Optun Smedegård, vert ved Nigardsbreen Gjesteheim, breførar og skipper på “Jostedalsrypa”.

Styggevatnet er ein av attraksjonane i Jostedalen og eit naturleg turmål for mange turistar. Så langt denne sommaren har dei møtt ein stengd veg. No er det sola som gjer jobben med å gjera den Statkraft-eigde vegen snøfri.

-Me tykkjer det er litt rart at eit selskap som tek ut så store verdiar frå Jostedalen ikkje kan visa litt meir lokalt engasjement.

2 kommentarar to “Fortvilar over ubrøytt veg”

  1. kjellrun Says:

    Ta ut verdiar, gi litt småpeng attende og drit so i resten……

  2. eies Says:

    Ja, no skal det i rettferdas namn leggjast til at om kvelden same dagen (altså i går) var vegen brøytt! No er sikkert fos dyktig og han har også gode kontaktar. Men det utslagsgivande i dette tilfellet tippar eg er at Statkraft “tilfeldig” har oppdaga at det er noko som heiter omdømebygging. Og at det kan vera nyttig no når meldinga frå Statkraft skal opp til høyring i diverse forum (ma. i kommunestyret).

    Men kor mange liknande saker har me ikkje høyrt om i dei seinare åra – der ingen ting vart gjort. Små tenester til bygdesamfunnet som er peanuts for eit stort konsern. Å gi ein underordna funksjoner ansvaret for denne negative haldninga er ikkje heilt rett. Her har leiinga i Statkraft eit overordna ansvar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: