Grevling i Jostedalen!

For ei stund sidan vart det sett grevling i Jostedalen. Etter som eg forstår i vegen framom Gjerde. Det skal visst også vera sett grevlinghi i Fåberg i fjor, men han som såg det var redd han ikkje skulle bli trudd. Begge observasjonane reknar eies som pålitelege.

Er det klimaendringane me ser resultatet av? Når kjem pinnsvin til dalen – truleg er elvane eit hinder for det vesle dyret.

På bloggen til Jostedalsrypa har det elles vore ein del prat om blomar som finst og ikkje finst i Jostedalen. Og om planter som i seinare tid har vandra inn i dalen – på ymse vis.

Siste: Er nok for lite oppdatert på bloggane. På Skimannen kan du lesa meir om grevlingen i Jostedalen.

2 kommentarar to “Grevling i Jostedalen!”

  1. JAa Says:

    Han som såg grevling hi i Fåberg var nok ikkje redd for ikkje å bli trudd, men det han sa var at han ikkje vart trudd. Og det kan ein no forstå.
    Elles har det visst vore grevlingi Dalsdalen og i Skjolden / Fortun lenge. så at den har teke til vet og kome seg til Jostedal også er vel ikkje så rart. Grevlingen skal visstnok vere veldig glad i meitemark, og den berykta brunsnegelen som er opp hagane til folk. Så slik sett er det vel fint at den har flytta hit.

  2. Bukken i Båten Says:

    No er det alltid lettare å koma med slikt i etterkant, men: For nokre år sidan såg eg ei merkeleg hole som tydeleg var greven ut under ei furu. Ein heil dunge med sand utanfor. Eg studerte lenge på kva dette kunne vera. Det var nok ingenting i hola då, for hunden var heilt roleg. Men i tilfelle, så er det kanskje ein bestefar eller -mor som er her…

    Brunsneglar finst vel ikkje i Jostedalen. På den andre sida kjem eg heller ikkje på noko som skulle gjera grevlingen uønska her…. Men nye artar i floraen og faunaen i Jostedalen kan heilt sikkert vera emne for diskusjonar.

    Men kva veg kan ein grevling ha brukt for å koma til Jostedalen?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: