Hunden vår: Io – med kjemperesultat

Denne helga har me delteke på to sporprøvar. Laurdag var det sporprøve på Hafslo med 14 hundar som starta. Io fekk 1.premie og vart prøvens nest beste hund. Søndag tok me turen til Nordfjordeid med 23 påmelde hundar (ikkje heilt sikker på kor mange som starta). Her vart Io prøvens 3. beste hund med 1.premie+HP.

Io har på dei 3 viltspor-/blodsporprøvane ho har delteke på i år, vorte nr.2 to gonger og nr.3 ein gong.  Slike jamne og gode resultat er utruleg bra, og me er sjølvsagt veldig godt fornøgde. Heldigvis ser det ikkje ut til at plasseringane går til hovudet på Io, i alle fall. Ho bryr seg lite om heider, ære og dommarkritikkar. Får ho ein pølsesnabb når ho finn hjortefoten vil ho mykje heller ha det.

Les meir hjå Norsk Spaniel Klub, avdeling Sogn og Fjordane 

Les også om prøven på Desperados blogg

(På Hafso måtte me diverre heim før premieutdelinga, difor er ho ikkje med på fotoa.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: