Ope møte om jerven i Indre Sogn

Møtet var på rådhuset i Gaupne torsdag 28. mai kl 19.30.

Fylkesmannen i samarbeid med Luster kommune inviterte til ope møte om jerven i Indre Sogn.
Representantar frå Direktoratet for naturforvaltning, Mattilsynet, Rovviltnemnda og småfenæringa skulle ha innlegg.

I tillegg la ein jerveforskar  fram nytt frå skandinavisk jerveforskning.

Møtet skulle bli avslutta med spørsmål og diskusjon.

—————————————————————–

VAR NOKON PÅ DETTE MØTET?

KANSKJE DEI VIL LEGGJA INN EIN KOMMENTAR… ?

Advertisements

3 kommentarar to “Ope møte om jerven i Indre Sogn”

  1. alb Says:

    Fint møte. Ca 65-70 personar møtte opp. Direktoratet for naturforvaltning stilte med 2 personar, leiar i rovviltnemda var der, rovviltkontakten i SNO var der og fylkesmannen stilte med 2 personar. I tillegg stilte fjelloppsyn og landbrukssjefen frå Luster kommune.
    So var der ein forskar frå Sverige som hadde eit innlegg på ca 45 min. Dette var veldig interessant.
    Møtet var i ein god tone, og eg kan vel seie at det er det beste møtet om rovvilt som eg har delteke på.
    Det kan sjå ut til at det omsider har gått opp for direktoratet at det er ein stor jervebestand i Indre Sogn og dei uttalte at dei denne våren har starta arbeidet med å renske opp. Dei lova også langt på veg at dei ville følgje opp neste vinter. Dette er nye tonar frå den kanten og det kan gje grunn til litt optimisme når det gjeld jerveplaga for sauenæringa.

  2. eies Says:

    Det vart for hektisk for meg å få med møtet. Greitt referat, interessant med ei slik kort oversikt over kva som skjedde, takk til alb!

  3. Bukken i Båten Says:

    Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si side ligg det eit referat frå møtet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: