eies håpar at han tek feil. Viktig villrein-reetableringsarbeid på gang

Auka villreinstamma

Denne veka håpar me at viktige ordningar og avtalar kjem i boks når det gjeld reetablerings-arbeidet. Det vert sagt at det er viktig å vera optimist. Og eies vil ikkje markedsføra seg som pessimist, så i dette tilfelle vil han kalla seg ein særs nøktern optimist.

Frå det etablerte villreinmiljøet i Luster har det lenge vore sagt at ei auke i villreinstamma i Ottadalen-Sør er den beste måte å få til ei reetablering i Luster. Dette er eies forsåvidt heilt einig i. Og det er heilt rett å ta utgangspunkt i eit slikt ynskje. Dette er ein enkel, lite arbeidskrevjande og truleg effektiv måte å få villreinen til å etablera seg i Luster. Og eit slikt ynskje reknar eies med blir fremja for Ottadalen-Sør/Skjåk Almenning. Og i utgangspunktet er det dette me ynskjer. Men kva om ein no ikkje når fram med dette? Skal me sitja og stura og suga på labben?

No har Luster to røynde og garva forhandlarar som kanskje kan utretta det utrulege. Men med den vesle kjennskapen eies har til villreinmiljøet i Skjåk, så vert det svært vanskeleg å få til nokon slik avtale. Men desto meir gledeleg viss dei to klarar å få i land ein avtale om auke i stamma, lat oss seia ein auke på inntil 100 dyr, i fem år. Noko slikt vil nokså sikkert merkast i form av villrein på sommarsbeite i Luster, både i Jostedalen, Fortun og kanskje fleire stader…

Pr i dag/i år er stamma auka med “den berømte flokken” på knapt 100 dyr. Det er ikkje fastslege kor desse dyri kjem frå, sjølv om teoriane er mange. Men kor lenge er Ottadalen-Sør villige til å ha ei så stor stamme…

Personleg vil eies vera nøktern optimist og samanlikna ein slik avtale med å få storgevinst i Lotto. eies håpar altså indarleg at han tek feil når han skriv at ein slik avtale neppe kjem i stand. Men det har visstnok skjedd under før, og sjølvsagt håpar eies at forhandlarane våre når fram!

Driving av rein

Kanskje dette er plan B…? I det etablerte villreinmiljøet i Luster, er det også knytta visse forventningar til å driva rein over grensa inn i Luster. Dette bør difor også prøvast – viss Luster får løyve til noko slikt. Problemet er at reinen truleg vil vera attende i Skjåk i løpet av nokre timar. Å kombinera dette med bruk av saltsteinar eller andre lokkemetodar kan muligens auka sjansane noko. 

Utsetjing av rein

Kanskje dette er plan C – – – eller F – G  –  eller etter det somme meiner: Plan Ø og Å…

Eg forstår veldig godt dei som er skeptiske til utsetjing:

  • Det gjekk gale sist – i 1997
  • Mykje jerv i fjella aukar sjansen for å missa dei utsette dyra
  • Reinen har lett for å røma til Skjåk – som sist
  • Ei utsetjing er kostbar
  • Utsetjing krev velvillige grunneigarar
  • Ei utsetjing er arbeidskrevjande (foring?, gjeting?, tilsyn…) Både løna arbeid og dugnadsarbeid/gratisarbeid
  • Sikkert  mykje  meir…

Grunnen til at eies er ein av dei få som framleis har tru på utsetjing er enkel:  Til sjuande og sist, etter å ha prøvd alle andre metodar, er han redd for at me diverre vil sitja att med det aller siste håpet: ei utsetjing. Uansett kor risikabelt det er.

Det einaste kan vera viss ein får til ei freding av Styggevassområdet/Sprongdalen + Mysubyttdalen, Tverreggi og Syrtbyttdalen. Noko slikt ville nok kunne verka positvt på fremste delen av Jostedalen, trur eies.

Når eies målber slike tankar han har om ei utsetjing,  forstår han godt at han blir møtt med skepsis i det etablerte miljøet, og at enkelte er skeptiske til at han skal “vera med” i dei inste sirklane. Men førebels heng han fint med i svingane, og seier som Rudolf Blodstrupmoen: “Time vil sjåvv!”

Men no får me sjå korleis det går. Viss forhandlarane  får i stand ei auke i Skjåk-stamma, i første omgang i ein fem-års periode, fortener forhandlarane våre alt det gullet og glitteret me er i stand til å skaffa til dei. Heider og ros i lange baner er i alle fall det minste. Og eies skal vera den første til å seia: Beklagar, eg tok feil…

3 kommentarar to “eies håpar at han tek feil. Viktig villrein-reetableringsarbeid på gang”

  1. eies Says:

    Så kryss fingrane, send gode tankar til forhandlarane våre. Og ta gjerne med i ei eventuell kveldsbøn at villreinen må koma attende til fjella våre. Eg er sikker på at Vårherre har har høyrt verre bøner enn det.

  2. eies Says:

    Forhandlarane til Luster møtte snø og stengde vegar.

    Får håpa at det snarast kan organiserast eit nytt møte med Skjåk…

  3. Rein på Molden! « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] av rein, kjøpt inn frå Røros. I kortversjon: Forsøket vart mislukka. (Kan lesa meir om dette andre stader  på denne bloggen […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: