Der hjortane døyr 2 – Oksagjølsfossen i Sperleelvi

Alle bileti (- får det ikkje heilt gjennomført, men tykkjer i-formi passar så godt…)  er tekne frå nordsida av elvi, altså i retning mot Gaupne. Sjølve fossen er med på alle bileti, bortsett frå nr. 2 som viser litt av ferdi hjortane eventuelt får nedetter elvi og fossane.

I filmverdi vert ofte toaren ein bleik kopi av einaren. På ein måte kan me seia at det er slik i dette tilfellet, også. Oksagjølsfossen er endeleg stygg nok, men det er truleg ikkje fullt så mange hjortar som kryssar elvi her som over Friorfossen lenger nede.

Etter som lokalkjende folk fortel, kan Oksagjølsfossen  i Sperleelvi også vera eit farleg krysningspunkt for hjortane. Fossen ligg om lag 50 meter nedanfor der Liadøla renn saman med Sperleelvi.

Etter det eg kunne sjå, var det heldigvis lite hjortespor her enno. Men det kan forandra seg utover våren og sommaren. Så kunnige folk må gjerne vurdera problemet dette krysningspunktet representerer, men personleg  trur eg ikkje ein treng gjera så mykje her. Det einaste måtte vera eit kort hinder som hindra hjortane i å kryssa elvi heilt nede på “brekket”.

2 kommentarar to “Der hjortane døyr 2 – Oksagjølsfossen i Sperleelvi”

  1. ha Says:

    Eies du meiner at eit kort hinder nede på “brekket” vil hindra dei i å krysse der. Men vil ikkje det også hindre hjort som er i elva å kome på land att?
    Det er vel slik med hjorten at den av og til må på land lenger nede enn der den gjekk ut i elva?
    Eller kryssar dei elva vinkelrett heile tida?

  2. eies Says:

    Ja, sjølvsagt må ein ikkje gjera “vondt verre”.

    Men eigentleg meiner eg “forferdeleg” lite om desse krysningspunkta. Skal det gjerast noko her, med støtte frå det offentlege, så må det vel koma inn konsulentar som vurderer og planlegg.

    (Og sjølvsagt har du heilt rett i at eit evt. gjerde ikkje må hindra hjortane i å koma på land. Kanskje det må plasserast i god avstand frå elvi… Men dette tippar eg blogglesarane har mange meiningar om.

    Og når hjorten må kryssa ei flaumstor Sperle-elv, vert nok mange dregne med av straumen før dei får kara seg i land. Og somme kjem seg aldri på land att…
    Men kor rett er det å gjera store og små inngrep i naturen? Har Vårherre bestemt at eit visst antal hjortar år om anna skal dauda i Sperle-elvi… ?

    Personleg tykkjer eg ein godt kan “tukla” (er det eit godt ord…) litt med naturen i dette tilfellet. Men eg har ei relativt avslappa haldning til problemstillinga. Uansett må vel landbrukskontoret og grunneigarane ha ei viss interesse.

    Veit nokon forresten kor mange hjortar som daudar i Sagerøyelvi?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: