Jimi Hendrix alias Tassen hjå Rune Fjellanger

Vesle tøffe, kontaktsøkjande og kosete Jimi Hendrix, som me døypte han, kom til Rune Fjellanger i Bergen – og der kallar dei han Tassen. Fjellanger Hundeskole AS  driv ma. med opplæring av tenestehundar. Om Tassen vert narkotikahund, sprengstoffhund – eller noko heilt anna, er ikkje avgjort enno.  Etter som  eg forsto, er han no ferdig med grunntreninga, og alt har gått greitt, hittil. Men han var enno litt for ung “til å bli satt på et prosjekt” som dei sa i telefonen. Fjellanger driv også med bruk av rotter som ma. mine-“hundar“.

Uansett: Me er stolte over at Tassen var kvalifisert til ei slik oppgåve. Fjellanger stiller høge krav til hundane han tek inn. På denne videoen  (video nr 2 ovanfrå) kan me sjå Tassen på luftetur saman med andre tenestehundar hjå Fjellanger. Ikkje heilt enkelt å plukka han ut, men han skal altså vera den einaste svart/kvite Engelsk Springer Spaniel på videoen, dei andre er brune og kvite.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: