Der hjortane døyr – Friorfossen i Sperleelvi

Dei fem første bileta er tekne frå nord, retning Fossøyane. Dei fire siste er tekne frå andre sida av elvi.

Dette høyrer nesten ut som ein filmtittel: Der hjortane døyr (The point of no return…)

I fjor var det ekstra mange hjortar som låg daude langs Jostedalselvi. Eit tal opp mot 10 høyrde eg fleire gonger. Dei dristigaste sa over 20… Uansett: Ein del av hjortane vart nok tekne av elvestraumen – like til sjøs. Men kor mange…

Det skal vera eit farleg hjortesprang i Sagerøy-elvi også. Men dei fleste misser nok livet her ved Friorfossen. Dette er ikkje så veldig langt frå Sperle. Det skal bli “interessant” å sjå kor mange som stryk med i år…

Tidspunktet dette skjer, er når elvi har vakse opp av snøsmeltingi og vert flaumstor. Personleg har eg inntrykk av at det ofte er kalvetunge koller som vert tekne av flaumen og dregne utfor fossen.

Kan det gjerast noko for å hindra dette? Ei utbygging av elvi og overføring av vatnet til Leirdalen kan hjelpa ( huff …. ), eit kraftig gjerde, kanskje sprenging, graving…  Det finst nok pengar å henta gjennom landbrukskontoret, dugnad trur eg mange stiller opp på, men grunneigarane må også vera med.

50 – 100 meter lenger oppe langs elvi såg det ut til å vera eit mykje tryggare krysningspunkt.

7 kommentarar to “Der hjortane døyr – Friorfossen i Sperleelvi”

  1. son Says:

    Sprenging…? Å huff å huff. Det som skjer det skjer og det er då naturens gang. Og naturen skal me då ikkje tukle med.

  2. eies Says:

    Nei, du har så rett, så rett. Eg må ha sete i halvsvime då eg skreiv dette. 🙂

    Og kråkene og måsane og flugene langs elvi skal då ha noko å leva av, dei og. Nei, dette var ikkje enkelt…

  3. fos Says:

    Eies, du er lettlærd, ein kjapp gjennomgang av å leggja ut bilete og du fiksa de lett. Flott

    Sikkert mykje som kan gjerast for att vegen fram skal bli tryggare for hjorten. I år er hjorten på veg framover tidleg og elvane er framleis små. Så eg trur hjorten greier seg fint i år.

    Men ein anna ting er de som son er inne på……
    Korleis kan eies tenkja tanken på å tukle med naturen for att hjorten skal komme tryggare fram dalen i de eine øyeblikket og i de neste vera i mot naturinngrep når de er snakk om kraftutbygging?

  4. eies Says:

    Dette er på grensa, fos. No trur eg dei skarpaste av blogglesarane alt har fatta mistanke til kven kven det er som er IKT-mentoren min. Viss du fortset slik, så vurderer eg om at eg skal offentleggjera kven som tipsa meg om dei mulege bjørnespori på Bjønnstegane! 😦

    Ja, er hjortetrekket framover så mykje tidlegare enn vanleg? Rett nok har det vore observert nokre spor fremst i dalen. Me om dette er hjort frå “sjøen” eller hjort som har overvintra her framme, hadde vore interessant å vita meir om…

    “Å tukla med naturen” er eit uttrykk som har vore brukt. Personleg veit eg ikkje kor mykje eg har brukt det, men det går sikkert an å finna ut ved å bruka “søk”-funksjonen. (Trur eg skal lova fos og son ein halvliter for kvar gong eies har brukt uttrykket “tukla med naturen” på Jostedalsbloggane🙂🙂🙂 )

    Å “tukla med naturen” har vore gjort, blir gjort, og kjem til å bli gjort – så lenge det finst menneske på jorda. Men minner også om Zapffe si utsegn: “En ubefolket klode, er ingen katastrofe.”

    Dessutan har eg eit nokså avslappa forhold til hjortane som omkjem i Sperle-elvi. Men eg har oppfatta det slik at mange er opptekne av at desse hjortane skulle ha vore berga. Og viss eg med bileta og teksten ovanfor kunne bidra til at det vart gjort – i alle fall at det vart sett fokus på problemet – så skal eg leva greitt med at fos og son meiner at at eg ikkje er “konsekvent”, eller noko liknande. Har til og med tenkt å stilla opp på ein eventuell dugnad.

    “Sprenging” ovanfor Frior-fossen var berre noko eg “slengde ut”. Det er truleg eit veldig dårleg forslag også, og truleg vert det uråd å gjennomføra eit slikt inngrep.

    At dyr omkjem i naturen, er forsåvidt ingen katastrofe. Å setja opp eit lite hjortegjerde, er heller ingen katastrofe.

    Men å byggja ut Vestside-elvane vil eg seia er heilt unødvendig.

  5. skogtroll1 Says:

    Jaja, eg har tru på at hjorten er lettlærd han og!
    Etter ein del prøving og feiling vil hjorten velje ein anna plass å krysse Sperle-elvi. Viss ikkje det er slik at dei hjortane som dauar i elvi er hjortar som søkjer intense opplevingar. For det me veit kan det faktisk hende at dei kalkulerar risikoen, eller kanskje det er ei opptaksprøve for å verte med i den tøffaste gjengen.
    Det er dessutan allereie bygd eit par-tre bruer som kan nyttast for å krysse Sperle-elvi!

  6. eies Says:

    Gode argument, interessante teoriar, skogtroll1!

    Viss me, trass i det nyare forskarar påstår, og at Darwins “Survival of the Fittiest-teorien” likevel er haldbar: Frior-fossen kan vera ein stad der kun dei som er spretnast og sprekast overlever. Dei tunge, trege og storvomba hjortane vert nådelaust dregne utfor fossen, medan dei lette og spreke overlever. På den måten syter naturen for at hjortane framafor er av ein mindre og slankare sort som lettare taklar vanskelege utfordringar i naturen.

    Eg vil ikkje uttala meg om i kva grad eg trur på ein slik teori. Men mage-kjensla seier meg at me gjerne kan gjera ein liten innsats for å betra dette krysningspunktet. Og vil nokon ta eit initiativ, skal eg vera med.

  7. eies Says:

    fos: Du seier at i år er hjorten på veg framover i dalen tidleg. Eg trur ikkje det er så mykje tidlegare enn vanleg, likevel. Kring 7. mai og utover vart det sett spor etter hjortar i Fåberg. Men om dette var “fastbuande” hjortar eller ikkje, er ikkje lett å seia.

    Og etter det eg har observert før om åra, så har dei tidlegaste hjortane “frå sjøen” passert Gjerde første veka etter 17. mai.

    I år var det først i går (16. mai) at eg for første gong såg spor etter hjort i Gjerdemarki – over Gjerdekvile. 15. mai såg eg eitt (1) spor etter ein bukk på veg framover i skogen over Hellemyrane. Men dette kan ha vore ein “overvintrings-hjort” sidan her har overvintra hjort.

    I vinter har eg sett at det har overvintra ein del hjort i Breadalen, og truleg også ein flokk i skogen over Byggjefeltet. Men der har eg ikkje vilja gått. I tillegg hjort over Espe. Spora etter så pass mange overvintringshjortar (som me gjerne vil ha fleire av!) kan lett forvekslast med “hjort frå sjøen”.

    Enkelte år har eg sett at det går hjorteflokkar på innmarka, om våren, sjølv om ein må ha lupe for å oppdaga groen. Andre år, som i år, står graset nokså høgt, men ingen hjort å sjå.

    Som “amatørforskar” har eg difor kome til at det kanskje er lyset/ antal lux/ kalendaren/… som styrer vårtrekket i større grad enn snøsmeltinga og groen. Men dette reknar eg med det er delte meiningar om blant blogglesarane. Berre kom an. Reknar med at andre heilt sikkert har andre synspunkt på dette …

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: