Bjørnespor på Bjønnstegane?

Denne bloggen legg vekt på å koma med påliteleg og etterretteleg stoff. Likevel fell eies for freistinga til å koma med eit 100% ikkje-stadfesta rykte:

For ei stund sidan (+/- ei veke) påstod nokre turistar at dei hadde sett bjørnespor langs vegen ved Bjønnstegane. No viste det seg at desse ikkje var særleg trena i å observera og tolka spor. Observasjonane er heller ikkje stadfesta, då spora snøa ned før kunnige folk fekk sjekka dei.

Om dette verkeleg var bjørnespor er difor høgst usikkert. Men sidan det ligg fleire hiplassar framover mot Trongedalen, så er det ikkje heilt urimeleg heller.

Time vill sjåvv.

5 kommentarar to “Bjørnespor på Bjønnstegane?”

  1. eies Says:

    Personleg vurderer eies at det er o – 30% sjanse for at det verkeleg var bjørnespor.

    Men kva trur folk flest… ?

  2. fos Says:

    Eg trur 50 – 50 %, kva eg håpar held eg for meg sjølv🙂

  3. eies Says:

    Ja, no lovar eg alltid full diskresjon til kjeldene mine.

    50 – 50% var ein knallhard opning…

  4. RF Says:

    50 – 50 er einast alternativet så lenge ein ikkje har sett Bjørnen —-
    mange år med problemløysing har lært meg at det er — anten eller — anten var det bjørn eller så var det ikkje bjørn..

  5. eies Says:

    I matematikken vert vel slikt kalla “sannsyn” (trur eg).

    Ei sann soge: Nokre jegerar i Jostedalen var på revejakt. Brått skremde den eine ut reven, men han fekk ikkje skot på han. “Såg du han?” ropte han til han som var postert der reven sprang. “Ja, eg såg han – – – nesten!”, var svaret.

    Det har vorte hevda at anten ser du ein rev, eller så ser du han ikkje. Å sjå ein rev “nesten” skal visstnok ikkje gå an.

    Er det slik med bjørnespor også: Anten ser du sporet, eller så ser du det ikkje…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: