Fisketrappa i Langøyane

Mange kjenner sikkert til fisketrappa i Langøyane, mellom Alsmo og Husøy. Men ikkje alle har sett trappa, trur eg. Fisketrappa er ein del av konsesjonsvilkåra, og det er Statkraft som har bygt-  og skal vedlikehalda trappa.

Desse bileta tok eg 2. mai 2009. Elva hadde vakse litt opp, men ved vanleg august-vannstand fossar og skummar det kvitt her, og me ser ingen ting til anlegget.

Den såkalla “trappa” ser for meg ut til å vera ei renne som er greven opp på innsida av elve-svingen. For å halda steinane på plass, er det bora inn lange “stag” med ei blå stoppskive og mutter på toppen. Dette ser ein nokså bra på det nest siste biletet.

Det store spørsmålet er: Fungerer trappa til det ho skal vera – dvs. å vera ein transportveg for laks og sjøaure, forbi det strie elvestryket og vidare framover?

Det veit eg ikkje. Dei rykta eg har høyrt, seier at ho fungerer dårleg/ikkje, og at ho er feil konstruert. Men dette må andre uttala seg om, og det kan dei gjerne gjera i kommentarfeltet under.

10 kommentarar to “Fisketrappa i Langøyane”

  1. TT Says:

    Eg har ikkje peiling på om ho fungerer. Men kan nokon fortelje meg kvifor laksen og sjøauren skal gå forbi Langøyane? Vår Herre ville det ikkje slik – etter det eg veit.

  2. eies Says:

    Ja, du seier noko, der.

    Men trekkjer eg logikken for langt når eg spør om det er slik at Statkraft og Vår Herre er på same lag?

  3. eies Says:

    Sagt på ein annan måte: Laksen og sjøauren skal gå forbi Langøyane fordi det etter det eg forstår var eit krav i samband med utbygginga. (For kor lenge sidan?) Levevilkåra for fisken i elva vart (etter det eg forstår) vesentleg dårlegare. Ma. har temperaturen i elva gått ned. For å kompensera for dette skulle fisken få eit større oppvekst- og leveområde.

    Men dette bør Jakt- og Fiskelaget i Luster, fiskarar elles og grunneigarar kunna korrigera og seia meir om.

  4. fos Says:

    Synd dei ikkje brukar pengane på fjellauren og gyteplassane deira langs Jostedøla. Trur mange fleire hadde hatt gleda av de enn laksetrappa. Var vel gyteplassane til fjellauren som vart øydelagde under utbygginga og ikkje framkomsten til laksen og sjøauren?

  5. eies Says:

    Du har eit poeng der, fos. Utan at eg skal seia at eg er 100% einig… 😉

    No blir det produsert ei nokså stor mengd med yngel i ein del sidebekker. Men kva hjelper det når dei kjem ut i ei slamfull bre-elv som vart kaldara etter utbygginga.

    Og no ynskjer sterke krefter å gjera større deler av elva endå kaldare. Og endå meir slamfull.

  6. jiljelasguten Says:

    Eg meiner at om dei absolutt må grava i elva,so burde dei prøva å laga til hølar og bakevjer der sideelvar og bekker renn ut i storelvi. Slik var det før i tida. No har dei greve og ordna so elvi renn strid forbi. Det var slike plassar gamlekarane kalla “fiskehald”. Der stoppa fisken,og der kunne han veksa. Dette gjeld forresten graving framanfor Langøyane.
    Kanskje noko for fiskegruppa å arbeide med?

  7. eies Says:

    Kanskje ein god ide, og dette gjeld vel heile elvi, ikkje berre over/framafor Langøyane.

    Men den heilt store effekten ville eg ikkje venta. Problem nr. 1 i elvi er at ho har vorte kaldare og fullare av slam.

    Og som eg har skrive før: Det ligg føre planar om at ho skal bli endå kaldara og fullare av slam.

    (Elles har du eit flott nikkneim no! Og eg skal ikkje spørja om kven han jiljelas var… )

  8. jiljelasguten Says:

    Det er ein ting som kunne vera verdt å prøva, meiner eg. Trur at fine hølar og oppvekstplassar har meir å seia for stamfisken enn temperaturen. I slike hølar vil jo og temperaturen bli høgre. Ellers vil eg få presisera at eg har ingenting imot om sjøauren skulle ta seg heilt fram til Fossen. Er det forresten vorte observert sjøaure framanfor Langøyane etter laksetrappa vart ferdig?

  9. eies Says:

    Eg meiner bestemt at eg har høyrt fleire rapportar om sjø-fisk ved Fossen. (Har til og med høyrt at enkelte “tøffingar” kom seg framom før fisketrappa vart bygd. Kan fleire stadfesta dette… ?)

    Det er sjølvsagt “stas” viss me skulle få sjøaure (og laks) til Fossen og endå lenger framover. Ulempene (fordelene… ?) er at på strekningar der laks og sjøaure går, der skal det (eigentleg…) vera eit minstemål (30 cm – trur eg det er). No veit eg ikkje om oppsynet sender inn rapport viss dei kjem over ein bestefar og barnebarnet med eit par aurepinnar på ein bjørkekvist, men slik er no reglementet.

    Eg har hatt fleire interessante diskusjonar om dette med veterinær Olav H. Me er vel ikkje heilt einige, men Olav er uansett ein fagleg dyktig og ivrig jakt- og fiskeentusiast. Du bør absolutt spørja han om slam og lægre temperatur i elvi er så skadeleg som eg vil ha det til.

    Han målbær synet om at viss me fiskar td. i Myten eller Grisurdi, så tek me livet av “konfirmantar”. Og det er heller (eigentleg…) ikkje lovleg.

    Heile sjøaure- (og lakse-)stamma i Jostedøla lir som ei følgje av meir slam og kaldare vatn etter utbyggingi. Realismen i fisketrapp-prosjektet er eg såleis usikker på. Men viss du greier å konstruera ein slamavskiljar og ein vass-varmar til bruk i elvi – og NB: Som virkar! Då har eg stor tru på dette. 🙂 🙂 🙂

  10. eies Says:

    Når so mykje er skrive, vil eg her – i stille morgonstunder – leggja til at Fiskegruppa i Luster Jakt- og fiskelag og ikkje minst Olav H., har lagt ned ein formidabel innsats når det gjeld kultivering av Jostedøla. Stamfiske på Alsmo, klekkeri i kraftstasjonen på Myklemyr (- dette er rykte – ver venleg korriger…) og ikkje minst utsetjing av rognkassar ma. i Myten og ved Grisurdi. Mange, mange timar har vore nedlagde – ros til dei for det!

    Dette reknar eg med er gjort etter ynskje frå- og i samarbeid med grunneigarane. Sameleis fisketrappi i Langøyane som difor må fullførast og gjerast funksjonell – sidan dette var eit krav ved utbyggingi.

    Eg får likevel ein litt flau smak i munnen viss ein nærmast skal “kriminalisera” fiske etter nokre aurepinnar – løkjafisken – mellom Langøyane og Fossen. No er eg viss på at verken fisketilsynet eller Fiskegruppa ynskjer noko slikt, men slik eg ser det, kan dei gjera det, med lova i handa.

    Eg håpar at alle dei som fiskar i Jostedøla – anten dei har karbon- stenger og neopren-vadarar, eller dei er sidrumpa langbambus-fiskarar(finst dei…?) kan samarbeida om dette. Ja, det er eg faktisk viss på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: