Io vart nr 2 på sporprøve i Lærdal

wilma-sine-valperblodspor-lc3a6rdal-018

Trass i kjempeflott plassering, var vel høgde punktet å få sjå att Hedda (til høgre), dotter til Io (til venstre). No har eg aldri vore spesielt på jakt etter «pene» hundar,  men Hedda var rett og slett nydeleg, med det same vakne og observerande blikket som Io har. (Men sikkert full i ungdommeleg f… og kjeltringstrekar. Litt av ein jobb å ha ein slik unghund i huset. Det veit eg! Men om eit år eller to er det over, og då har dei forhåpentlegvis verdens lydigaste hund. Og viss ho no etter kvart forstår vitsen med å gå blodspor, då er det meste i boks…

I dag var me skikkeleg heldige på sporprøve i Lærdal, og vart nr. 2. Sølv var ikkje nederlag denne gongen, for det var  mange dyktige ekvipasjar med, ma. ein NM-vinnar! Skal prøva å oppdatera meir, men i i gledesrus og oppstemt stemning legg eg førebels ut dette. Eit flott arrangement!

——————————————————————————————————–

På vegen til Lærdal, måtte me venta på ferja ved Mannheller. «Adgang forbudt»  eller noko liknande stod det på eit skilt nede ved fjorden der skogen byrja. Her er det fint å sleppa ho Io slik at ho får lufta seg litt, tenkte eg. Så hørde eg lydar frå krattet, og der gjekk det faktisk to hjortar ca. 20 meter frå oss. Io måtte sjølvsagt sjekka dette, og hjortane for oppetter den bratte fjellsida medan dei stadig sparka laus steinar som rullar nedover.

Eg har mange gonger ynskt meg ein drivande hund. Men i denne situasjonen hadde det vore lite triveleg og fått full los oppetter fjellsida. Det gjekk ikkje lenge før ho kom attende og eg fekk kobla ho. Flink bisk!

Ved ungdomshuset i Lærdal var det Velkomen = ma. gratis kaffi, og trekking av startnummer. Me fekk spor nr. 6 – midt i,  med andre ord. Ventetida korta me med meir kaffi, prating med arrangørar og deltakarar –  og endå meir hundelufting.

No har me vore så heldige og fått selt ein kvelp til ein av arrangørane Monica og Ernst Inge Brugrand.  Saman med Søren Mo med familie var det dei som styrte arrangementet. Dette var første gongen, men eg såg absolutt ingen grunn til at det skulle bli den siste!

Om natta hadde Ernst Inge og Søren vore utkalla på ettersøk etter ein trafikkskadd hjort. I Lærdal er det mykje hjort og mykje påkjøyrsler. Hjoreten hadde eit knekt frambein og eit knekt bakbein, og vart avliva nokså snøgt. Men uansett så vart det nok ikkje så mykje søvn på gutane som skulle arrangera sporprøve. Likevel var det ikkje eit pip å høyra om at nokon var trøytte pga for lite søvn.

Ernst Inge fortel at ettersøkshunden deira no spring direkte til ytterdøra og sit klar, straks han høyrer vakttelefonen! Betinga læring heiter det visst på fagspråket.

Rapportane kom inn om spor i tørrt terreng, trass i nokre regndråpar på morgonkvisten, og mykje hjort i terrenget. Med andre ord: Ikkje dei aller enklaste forholda. Men som somme jegerar seier (- i alle fall slike som ikkje har hund sjølve): Ein hund skal takla alle forhold. So då so…

Sporet vårt låg i Sæltunåsen. Ved Bresebakken, og ei gamal kanonstilling frå 2. verdskrigen. Ekvipasjen før meg brukte lang tid, dette lova ikkje bra – desse var jo NM-vinnarar for eit par år sidan, og eg rekna dei som svært dyktige. Ventetida er alltid lang, men der dukka dei endeleg opp med hjortefot og greieier, og eg skjønte at det hadde gått bra.

Så var det vår tur. Sporleggjaren gjekk føre oss opp ein bratt og turr bakke. Kvifor hadde han ikkje lagt sporstarten lenger nede i bakken, hugsar eg var ein tanke som streifa meg… Men der fekk me tilvist sporstart: Nr 6, stod der. Her var det ikkje slurva.

Dei fleste hundeførarar øver inn ein eller annan prosedyre før start, ma. for at hunden skal bli konsentrert om oppgåva si. Ein del av denne prosedyren var for vår del at Io skulle få ein diskret sitt-kommando like før sporstart. Men kva skjer? Panikken grip meg. Io reagerer ikkje, ho berre står fokusert på sporstarten… Eg prøver ein ny kommando. Og ein til… Men ingentig skjer. Kan det vera at ho er så «over-konsentrert» at ho ikkje høyrer meg? Det er elles ikkje uvanleg. Eg ser ingen annan utveg enn å improvisera og gå i gang. Då er det eg forstår kva skjedd: I det bratte terrenget vart ho ståande like nedanfor meg. Det høyrest både komisk og umuleg ut, men eg hadde faktisk stått på det høgre øyret hennar! (Prøv gjerne den som vil: Det er ikkje så lett å setja seg viss einkvan står på øyret ditt! Nåvel, dette var litt utanom saka…) No er spaniel-rasane kjende for å ha nærmast unormalt lange øyre. Ved sida av at enkelte individ også har plagsamt mykje pels, så er dette dei to (kanskje dei einaste…) negative eigenskapane ved rasen. Så eg kjem nok ikkje til å skifta rase med det første, nei…!

Vel, Io gjekk i gang. Fint tempo hadde ho og, tidlegare har eg streva litt med at ho har halde eit for høgt tempo. Mykje hjortetrakk var det, sjølv om sporleggjaren etterpå sa at dette var noko av det betre.  Me brukte 30 minutt på det minst 600 meter lange sporet. Heilt enkelt var ikkje sporet, etter mi meining.

Etter kvart kunne eg forventa å finna sporslutt med hjortefoten. Io leitte og leitte, men ingenting skjedde. Lett panikkjensle på nytt. Kva er dette… ?

Så seier brått dommaren: No får du rosa hunden din skikkeleg! Eg forsto endå mindre. Men så kom forklaringa: Ein eller annan hadde i løpet av natta «knabba» hjortefoten, som var bunden fast til ei furu. Truleg kan det ha vore ein rev. Litt blodflekker var alt eg såg der oppsparket og foten skulle vera.

Då eg starta med å vera med på sporprøvar, vart det alltid brukt ståltråd, nettopp for å unngå slike episodar. Seinare har alle gått over til å bruka «rundballesnøre» eller liknande. «Man tager hvad man haver».

Når enden er god, er all ting godt, heiter det. Og no er eg ikkje ein av dei som har reist mest omkring på sporprøvar. Men slik eg såg det, var dette eit kjempegodt arrangement. Blide og hyggelege arrangørar. Premiar til alle, gratis kaffi – høve til å kjøpa kald brus, lapskaus, 20 kr inkl. påfyll! (beste eg har smakt – men eg var svolten!) Ikkje stress, springing og kjefting som eg såg i alle fall.

Domararane var sindige og fornuftige valdriser, solid forankra i jegermiljøet, slik ein viltspordommar etter mi meining bør vera. Men kvar vart det av HP-ane (heiderspremiane)? Vinnaren fekk sin velfortente, men enkelte av dei andre kunne nok ha ynskt seg ein, også. Særleg dei som har tenkt å prøva og kvalifisera seg til NM. Men truleg har dei vurdert sporarbeidet til å vera for lite «to the point» til å kvalifisera for fleire slike utmerkjingar.

Håpar Lærdal held fram med å arrangera sporprøver. For dette var eit flott arrangement.

(Flott link han pk sende. Gå gjerne inn på http://www.porten.no/ og les meir. Eller gå direkte inn her.)

6 kommentarar to “Io vart nr 2 på sporprøve i Lærdal”

  1. fos Says:

    De var brukshunden sin de, gratulera både til Io og hundeførar.

  2. gvt Says:

    Godt gjort. Gratulere til begge.

  3. kalvatreet Says:

    Verkeleg moro, Einar! Godbit til dikka beggje to.

  4. pk Says:

    Og bilete på nettavisa http://www.porten.no:
    /a>

  5. ha Says:

    Gratulere Einar.
    Du saknar fleire HP!
    Som du sikkert har sett når du går bak som sporleggar så er det ofte ting dommar og sporleggar ser som hundeførar ikkje legg merke til!
    Hunden kan gå perfekt men førar gjer ting på sporet som øydelegg heilheitsinntrykket. Og ein skal dømme hund og førar saman, som ein ekvipasje. Støy (snakking) under sporarbeidet er vanleg og noko som ein ikkje tenker over at ein gjer.
    Kva som skjedde i Lærdal veit ikkje eg.
    Hp er foresten ikkje noko som skal utdelast, men det kan gjerast.
    Lykke til med sporarbeidet!

  6. eies Says:

    Jo, då. einig i det!

    Det blir vel litt spissfindig å ta ein diskusjon om tildelingar av HP, og så kan det lett verka som om ein eller annan ikkje er fornøgd…

    Grunnen til at me ikkje fekk HP var truleg at hunden rett som det var, og langs heile sporet, stadig var ute og sjekka og kontrollerte ferskspor/hjortespor. Ein hund som hadde hatt nasen «to the point» og fulgt sporet slavisk, hadde nok hatt endå betre sjansar. Grunnen til at somme «stressar» med denne HP-en, er at den kan verta brukt som kvalifisering for NM. Men personleg er eg sjølvsagt berre kjempefornøgd, denne gongen.

    Du er jo dommar, og har erfaring som sporleggjar og deltakar. Då veit du sikkert at sjølv om dommarane har oppsette kriteriar å gå etter, så er det subjektive skjønet til den enkelte domaren avgjerande. Er det ikkje slik i skihopp, kunstløp og IDOL…? Stoppeklokke og målband kan ikkje alltid brukast.

    Det kan nok verka arrogant å kommentera premieringa. Men det må ikkje bli slik som ein gong eg nærast blei harselert med sidan eg «hang med nebbet» etter ei 2. premie. Då hadde eg hatt oppe to rugder og ei røy på sporet – men domaren såg det ikkje. Hunden gjekk den gongen nokså «straight» til sporslutt, bortsett frå der røya hadde gått. Der måtte hunden sjekka og kontrollera før han gjekk vidare.

    Er du deltakar, skal du ikkje kritisera døminga. (Men eit lite spørsmål er vel lov…?) Domarane i Lærdal var av topp kvalitet. Dei har god kontakt med jaktmiljøet og er jegerar, begge. Slik ein viltspordomar etter mi meining bør vera.

    Bortsett frå vinnaren, trur eg at dei 5 – 6 første ekvipasjane var så jamne at dei med andre domarar gjerne kunne ha bytta plass, etter det eg høyrde.

    Somme gonger har me hatt uflaks. Men denne gongen hadde me kjempeflaks. Slik er det berre. Det er difor dette er moro.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: