Møte i arbeidsgruppa for villrein i Luster sin del av Ottadalen villreinområde

Endeleg vart det møte!

Nokså nær 6 månadar sidan det forrige møtet. Det er vel ikkje til å leggja skjul på at eies har vore misnøgd med framdrifta, det har han også tydeleg gitt uttrykk for, fleire gonger. Men det vart sagt frå byråkrathald at dei har hatt bruk for tida til planlegging og til å få på plass avtalar.

So dao so…

Møtet var på Rådhuset i Gaupne frå 10.00 – vel 14.00.

På møtet var fagkonsulent Jonathan Edward Colman med. Han var der først og fremst for å ta i mot innspel frå dei lokale “synsarane”. I tillegg kom han med enkle skisser og forslag til korleis ein kunne gå fram.

Dei andre var: Representant frå Fylkesmannen, Luster sin representant i villreinnemnda i Ottadalen, ein representant frå statsalmenningane, to grunneigarrepresentantar og Luster kommune v. Fjelloppsynet. I tillegg skulle sekretæren i Villreinutvalet for Ottadalen koma – viss Sognefjellsvegen var opna. Men vegen vert først opna fredag…

Møtet rusla i vegen slik møte plar gjera. eies tykte det fagleg sett blei kanskje litt mykje repetering av tradisjonelle synspunkt og forslag. Han spissformulerte bittelitegranne synspunkta sine. Og reaksjonen uteblei ikkje: “Nei, no trur eg du snakkar over deg!” og “Det du seier no er rett og slett våseprat!” Det var eit par av reaksjonane eies beit seg merke i. Og lat meg streka under: Eg ser på slike kommentarar som uttrykk for fagleg usemje, og slikt er då berre sunt! Takk skal de ha, karar, for at de sa så tydeleg frå. Då vert det endå lettare for meg å vera tydeleg i framtida. (Kva usemja botna i, skal eg av ymse grunnar koma attende til når det har gått ei tid.)

Etter å ha lytta, kom Colman med 3 skisser til korleis reetableringa kan gå føre seg.

1. Freding av all villrein-jakt i Luster sin del av Breheimen. Tid: 5 år. I tillegg la eies fram forslag om samarbeid med Skjåk almenning der villreinjakta vert freda i 5 år i Mysubyttdalen, Tverreggi og Syrtbyttdalen.

Problem ved metoden: Vanskar med å få avtalane underteikna.

2. Driving av villrein. Slik eies forstod dette, var dette tenkt til området kring Illvatnet og Sumarkvilholet/Isvatnet. Det vart også antyda at ikkje langt frå her held den mykje omtala “bonusflokken” til på knapt 100 dyr. Det knyter seg ei viss spenning til korleis desse reinane vil oppføra seg: Vil dei trekkja austover att? Eller som me kanskje kan håpa: Kanskje dei vil trekkja sørover… ? Eller kanskje dette rett og slett er rein som har vorte oversett ved tidlegare teljingar…?

Problem ved metoden: Rein som vert driven mot Luster kan i verste fall vera attende i Skjåk i løpet av nokre timar. Vanskar med å få løyve til driving.

3. Utsetjing av rein. Colman hadde fleire idear til korleis ein kunne få til ei vellukka utsetjing. Ein måtte vurdera alderen (kanskje haustkalvar), bruk av tame simler (her såg eies at gamlekarane blunka og rista diskret på hovuda), inngjering, gjerde, gjeting osb osb… (Det er vel farleg å skriva slikt, då eies snart er ein av “gamlekarane” sjølv…)

Luster gjennomførde ei mislukka utsetjing i 1997. Dei i gruppa som var med på den, motsette seg sterkt ei ny utsetjing. Det var vel kun eies og kanskje ein til (bortsett frå Colman) som var positiv til å prøva nok ein gong. Det kan nok bli ein tung jobb for eies å overtyda dei andre til å stilla opp på noko slikt på nytt. Kanskje ein treng nye og friske krefter utanfrå gruppa til å gjennomføra ei utsetjing på nytt…

Problem ved metoden: Reinen kan røma ut av Luster sitt område. Det er ein ressurskrevjande metode.

På spørsmål frå oss, svara Colman at han vurderte sjansane til 70% for å lukkast. Men då måtte me prøva alle tre metodane samstundes. Og ei utsetjing måtte absolutt vera med.

Dette var truleg eit tal han presenterte nærmast på sparket. Men eies tykte at dette var ein særs opplyftande spådom – uansett.

Det var etter kvart ei positiv stemning på møtet. At Colman signaliserte bekymring til ein stor jervebestand i fjella våre, var nok heilt sikkert medverkande til at han såg ut til å bli akseptert. Det vart også sagt at han forstod problemstillingane til Luster. At synspunkta frå ein spjert ute frå Esefjorden i første omgang ikkje vart heilt vel mottekne av trauste lustra-jegerar, det skal eies leva godt med.   🙂

Det viktige no er at me dreg i flokk lasset fram mot ei reetablering. At me ikkje tenkjer at det viktigaste er at eg får rett med mine forslag. Mitt enkle motto er: Har her vore rein før, så kan her også bli rein i framtida!

4 kommentarar to “Møte i arbeidsgruppa for villrein i Luster sin del av Ottadalen villreinområde”

  1. ha Says:

    Bra det skjer noko, mens det framleis er rein i fjellet!

    Verkar som Colman er fornuftig med sine forslag på kva som må gjerast. Får ein gjennomført alle 3 forslaga så er det bra.

    I 97 da dei forsøkte å setja ut dyr. Kvar var det dette skjedde? Hugsar eg rett i at det var på fjellet mellom Skjolden og Fortun?

    Vil det vere større sjangse for at dei vert verande om ein set dei ut på fjellet over Kinsealen?

    Kva skjer vidare no? Nytt møte til hausten eller skjer det noko i nær framtid?

    Lykke til med arbeidet🙂

  2. eies Says:

    Nytt møte i juni.

    Det er mange som blandar saman Ottadalen Villreinområde med Vest-Jotunheimem Villreinområde. Denne gongen vart det kun Ottadalen villreinområde som blei drøfta.

    I fremste delen av Jostedalen er etter mitt syn freding ein metode som truleg kan gi resultat – med tanke på reetablering. I dei sørleg områda av Breheimen-Luster ser eg diverre ikkje noko anna løysing enn utsetjing.

    Problemet er at eg har inntrykk av at viss ein nemner ordet utsetjing til dei som var med på den mislukka utsetjinga i 1997, då er dette jamngodt med å be dei gjennomføra ei rotfylling utan bedøving. I arbeidsgruppa var det difor truleg kun eies + muligens ein til som ville støtta ei utsetjing – av dei lokale medlemene.

    Grunnen til denne negative innstillinga er nok at dei som stod for det kollossale arbeidet sist, dei møtte stor motstand lokalt før- og under prosjektet. Etter at prosjektet var mislukka og reinane rømt til Ottadalen, var det ny omgang med kjeft ma. frå DN. Og så er det ein kjent sak at Luster er stappfullt av forståsegpåarar som kvar for seg- og i samspel framfører variantar av Øystein Sundes: “Hva var det jeg sa…”. Det skal sterk rygg til å takla så mykje kritikk.

    Men som sagt: Eg skulle på mange måtar ynskt at eg tok feil, men ei utsetjing er etter eies sitt syn den einaste måten å få til ei reetablering på i sør.

    Men no forstår eg det vert jobba mest med å få underskrivne ulike former for fredningsavtalar, og løyve til å driva rein inn i Luster. Og dette må sjølvsagt prøvast også.

    Men minner til slutt om at Colman meinte sjansane til å lukkast var best ved å gjennomføra alle tre metodane. Det håpar eg no at alle støttar lojalt opp om.

    (Ei lita bøn til slutt: Prøv å koma med positive og støttande kommentarar til dei som sit i nemnda. Særleg dei som var med på den mislukka utsetjinga i 1997 treng ros for arbeidet dei la ned. Om dette var mislukka, kan ein no likevel dra nytte av dei erfaringane som vart gjort. Gi dei ein klapp på skuldra! Kjeft og kritikk har dei høyrt nok av…) 😉

  3. ha Says:

    Beklager samanblandinga av dei 2 områda.

    Til Dykk som jobbar for å få reetablert villreinstamma:
    Det er ikkje lett å verta profet i eiga bygd!

    Kvifor det gjekk feil sist gang dei prøvde med utsetjing veit eg ikkje. Men om det gjekk gale da så er det ikkje sagt at det same skjer ved eit nytt forsøk.

    Klarer ein å bli enige om vegen fram mot målet, så er mykje gjort!

    Eg trur at motstanden mot utsetjing ikkje er så stor i dag som for 10 år sidan. Folk har ein annan tenkemåte i dag. Det ser ein rundt oss i samfunnet heile tida.

  4. eies Says:

    Takk for oppmuntring. Kanskje det finst fleire som deg?

    “Alle vegar fører til Rom”, vert det sagt. Og viss ein prøver fleire metodar har ein altså større sjansar til å lukkast enn ved å satsa alt på ein hest. Det var altså rådet me fekk.

    Eg har sagt, delvis på spøk: Viss arbeidsgruppa lukkast med ei reetablering, kan me kanskje forventa ein bronseskulptur eller ei byste. Men viss arbeidet vårt blir mislukka, kan det det henda det vert sett opp ein galge… (For sikkerheits skuld, for ein kan aldri vera heilt trygg: Ta ikkje dette bokstavleg.)

    Mitt enkle motto er: “Har her vore rein før, så kan her også bli rein i framtida!”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: