Er “Breheimen-Luster Villrein Blog” ein vingleblogg…?

Ein god ven og mentor,  har nokre gonger i det siste kome med hint og utalelsar som gjer at eies lurer på om folk kanskje trur han er ein vinglefant som snur kappa etter vinden. Spissformulert: Tidlegare sa eies: “Vern jerven“, medan eies no meir har ei “drep-jerven-haldning”. Slik føler eies signala er frå hans gode ven og mentor.

 Noko av det tåpelegaste og vanskelegaste er når politikarar og andre rykkjer ut for å forklara kva dei eigentleg meiner. Kva folk meiner om seg sjølve og det dei seier og skriv, er også som regel totalt uinteressant for andre. Men eies prøver likevel.

Eies er ingen rovdyrhatar som vil at alle dei store rovdyra våre skal utryddast. Løva, tigeren og leoparen treng vern, nett som bjørn, ulv, gaupe og jerv. På den andre sida forstår han at tradisjonelt sauehald ikkje utan vidare kan kombinerast med større bestandar av desse store rovdyra. Eies meinar vidare at landbruksnæringa er viktig, og at norsk og internasjonal landbrukdpolitikk ma. gjennom EU,  er hovudårsaka til at norsk landbruk slit i motvind for tida.

Store deler av naturen vår, ikkje minst fjellområda der villreinen held til, er i ubalanse viss me samanliknar tilstandane her med korleis det har vore dei siste tusenåra. Dei store, samanhengjande fjellområda der villrein-flokkane tidlegare kunne bølgja fram og attende, er no oppdelte, innsnevra og fragmenterte. Ei villreinstamme får store vanskar med å halda seg sunn og frisk viss ho vert henvist til eit mindre reservat. Det naturlege for mesteparten av reinen erå føreta vandringar, og å kunna skifta beiteområde gjennom året.

I ei sunn villreinstamme i eit sunt fjellandskap, har jerven ein heilt naturleg plass. Det er der han høyrer til. Og ei villreinstamme i balanse vil takla at jerven er der. Slik har det vore i tusenvis, kanskje titusen-vis av år. Difor meiner eies det er feil å utpeika jerven som syndaren når ei villreinstamme er i krise – sameleis som det vert feil å seia at jerven har hovudskulda for alle problema i småfenæringa.

Dei store rovdyrproblema som samane har ma. i Finmark, må sjåast i samband med altfor mykje sjuk og svak rein i høve beitegrunnlaget. Rovdyra gjer det som dei må gjera for å overleva, og å ha tilgang til sjuk og svak rein, er “himmelen” for rovdyra. Men menneska er grådige i jakt på profitt, og dermed er det praktisk å skulda på jerven eller kven det no er. Ein syndebukk er fint å ha. 

 Men pragmatisk –  i den konkrete situasjonen Luster er i dag – meiner eies at det er fullt forsvarleg å “ta ut” (- hatar det ordet. Men forstår at dei som utfører arbeidet ikkje ynskjerå få hendene tilsølte. Drepa/skyta/kverka/avliva er vel det dei gjer…) så mykje jerv som dei har gjort, kanskje bør dei ta ut fleire utan at eg kjenner antalet jerv som går att.

Men det er viktig at det som DN gjer vert sett på som eit heilt rett krisetiltak i ein akutt situasjon. Men skal det bli slik i all framtid at helikoptera og folka med daktari-geværa skal vera eit like sikkert vårteikn som linerla…? Vel, førebels og inntil vidare er det rett og rimeleg at det er slik.

Jerven er eit stort problem for sauebøndene i Luster. Truleg har han også gjort større innhogg i Villreinstamma i Vest-Jotunheimen. Men den eigentlege årsaka til problema i småfenæringa og i villreinstammene er ikkje jerv eller andre rovdyr.

Det meste, ja, forsåvidt all ubalanse i naturen ser ut til å vera menneskeskapt, truleg også  eventuelle klimaendringar. Den eigentlege årsaka til problema ute i naturen, er me menneske – homo sapiens –  og måten me fer fram på mot naturen. Det må det vera lite tvil om. Korleis skal me retta på dette…? Eies har ikkje alle fasitsvara, men å tenkja meir i retning naturvern/miljøvern må vera starten på noko slikt. Dette kan me gjera både utanfor og innanfor dei mange laga og organisasjonane som jobbar for dette. Eies er heller ikkje med i nokon slik organisasjon.

5 kommentarar to “Er “Breheimen-Luster Villrein Blog” ein vingleblogg…?”

  1. alb Says:

    Det er lite som vert meir tydeleg av det du skriv. Rett nok skriv du at jerven er eit stort problem for sauebøndene i Luster, men rett etter skriv du at den eigentlege årsaka til problema ikkje er jerv eller andre rovdyr.

    Du likar ikkje ordet “ta ut” seier du. Ein skal hugse på at dette er eit kontroversielt tema der mange har sterke meiningar og derfor må ein gå varsomt fram. Det å fjerne rovdyr frå dette området er i tråd med stortingsmelding nr.15 og forvaltningsplan for rovviltregion 1. Det er også i tråd med diverse brev og pressemeldingar som involverte statsråder har gitt ut. Det å nytte orda “ta ut” må vere eit dekkande uttrykk i denne samanheng.
    Når ein hundeeigar skal til dyrlegen med hunden sin seier han vel ikkje at han skal av garde å drepe han sjølv om det er nettopp det han skal. Då skal hunden avlivast. Det må vere greit å nytte rette uttrykk som provoserar minst muleg.

  2. eies Says:

    Nei, det kan godt henda at det ikkje blir tydelegare. Men eigentleg er det no nokså uvesentleg kva eg meiner, dei fleste gjer seg vel opp si eiga meining uavhengig av kva eg skriv eller ikkje skriv.

    [20.4., om ettermiddagen: Du reagerer på at eg skriv “- jerven er eit stort problem for sauebøndene i Luster” medan eg rett etter skriv at den eigentlege årsaka til problema ikkje er jerv eller andre rovdyr. Det er truleg ikkje berre du som har vanskar med å forstå dette, så eg får forsøka nok ein gong. Kanskje eg lukkast betre no…

    Dei tilsynelatande problema for småfenæringa (og muligens også villreinen i Vest-Jotunheimen), er jerv (eller andre rovdyr). Difor er truleg både eg og du einige om at strakstiltaket i ein slik krisesituasjon er å ta ut jerv.

    Å seia at den eigentlege forklaringa på problema i småfenæringa er jerv – eller at problema til villreinstamma i Vest-Jotunheimen er jerv – det er korttenkt. Håpar ingen blir fornærma når eg seier at det er som å tenkja så vidt forbi nasetippen.

    For ‘nte gong: Eg støttar fullt ut eit kraftig uttak av jerv her i Indre-Sogn. Men dette er kortsiktige tiltak. På lengre sikt er det heilt andre “grep” som må takast for å berga småfenæringa/Norsk Landbruk og sameleis villreinstammene våre, i Vest-Jotunheimen, og andre stader.]

    Eg kan med min beste vilje ikkje forstå at rovdyra er problem nr. 1 for Norsk Landbruk!

    Viss me reint hypotetisk fjerna alle store rovdyr i Noreg, så ville neppe dei unge strøyma til bondeyrket (- eg tykkjer forresten at “bonde” er ein ærlegare og betre tittel enn “gardbrukar”, sjølv om gardbrukar muligens har høgre status), og den gjennomsnittlege årsinntekta ville neppe gå mykje opp for småfebøndene.

    Det er klart at for ei næring i vanskar, vert det ei ekstra belastning for småfebøndene når rovdyra gjer innhogg i buskapen. Difor tykkjer eg det er bra at DN tek ut/fjernar (Ja, då. Eg forstår godt at slike uttrykk vert føretrekte. For ein sart dyrevernar kan det nesten sjå ut som at jervane berre vert flytta litt, til ein annan stad, liksom…), nokre jervar. Kanskje dei bør ta ut fleire.

    For å få høgre temperatur i debatten, hadde det kanskje vore ynskjeleg at folk anten var rovdyrhatarar eller rovdyrelskarar. Men eg meiner altså at det finst mellomposisjonar. Du viser til stortingsmelding og forvaltningsplan – eg forstår dette slik at småfenæringa meiner staten/DN ikkje gjer jobben sin, og det kan heilt sikkert vera rett.

    I våre dagar vert det snakka mykje om “omdømebygging”. Eg trur diverre/heldigvis at folk flest ikkje er særleg opptekne av stortingsmeldingar og forvaltningsplanar. Dette er begrep som høyrer heime i den formelle og juridiske politikken. Men eg trur det er viktig for omdømebygginga at me som bur ute i distriktet vert framstilte som dei seriøse og på alle måtar ansvarlege menneska me er.

    Forresten, korleis tolka du denne reportasjen? For å vera ærleg: Eg forstod i alle fall ikkje noko særleg.

  3. alb Says:

    Fyrst og fremst: Eg er heilt enig i at landbruket her ikkje står og fell med bestanden av jerv. Det er berre det at for landbruket som enkelte stader har store problem vert rovdyrplaga den siste dråpen. Ein kan seie at jerven sler til veldig urettferdig. Den kan ta store delar av ein besetning, og la naboen sine dyr gå i fred. Dette fører til ekstra store belastningar for enkeltbrukarar
    Eg vil seie at eg ikkje er hverken rovdyrhatar eller rovdyrelskar, men eg har innsett at det å ha både småfe og rovdyr i våre områder er umuleg.

    Signal frå rundt om i landet tyder på at næringa her i området vert oppfatta som veldig seriøse i måten dei utfører rovviltarbeidet på. I periodar vil eg tru det er vanskeleg å ikkje bli provosert av alle dei tildels useriøse innlegga som ein finn på diverse bloggar og i media.
    Det er ein fordel for alle om debatten kan føregå på eit seriøst plan.

    Når det gjeld reportasjen din so er eg vel av den formeining at forskarar ofte kjem fram til det svaret dei ynskjer eller det som er bestilt.
    Det er i allefall god dokumentasjon frå dette fylket på at hiuttak fører til sterkt reduserte tap i det aktuelle området, og det håpar eg også gjeld for komande sesong
    Dersom det er slik at uttak av ei tispe fører til at mange andre jervar står i kø for å ta over dette reviret må konklusjonen vere at det er for mykje jerv, og mykje tyder på nettopp det.

  4. eies Says:

    Viss det er slik at det vert drive “bestillingsforskning” då er dette særs øydeleggjande for tiltrua til forskarane og vitskapen. Då vert det også nærmast umuleg å driva ei seriøs rovdyrforvaltning. Det ser no ut for at det ligg føre konkrete bevis på at det vart bomma totalt då det vart gitt eit overslag over kor mykje jerv det var i fjella våre. Høyrer gjerne kva andre meiner om dette.

    Elles var no ikkje dette reportasjen “min”, derimot så stod reportasjen i “Nationen” som vel i aller høgste grad er ei avis på bøndene si side…

    Eg har inntrykk av at alb står fram som ein som frontar denne kampen på ein seriøs måte. Eg har faktisk vore inne på tanken at sidan Indre Sogn har fått så mykje fokus i jerve-debatten, så kunne me lett bli oppfatta som ein gjeng med lovlause og blodtørste hillbilliar. Slik er det ikkje. Det er viktig at både dei som er einige og dei som er ueinige i jerve-politikken som vert ført, møter ein person dei kan få respekt for og kanskje til og med tillit til.

  5. Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] har antyda at eg har vore altfor “jerve-venleg” ved nokre høve. Står litt om dette her og […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: