Uttak av ho-jerv fører til auka sauetap…

Logisk tankegang kan gi overraskande resultat. Denne artikkelen i Nationen byggger på Nina-rapport 434. Rapporten er diverre/heldigvis på utanlandsk, men du finn eit samandrag på norsk i starten. Rapporten finn du her

Men kan dette vera rett…

5 kommentarar to “Uttak av ho-jerv fører til auka sauetap…”

  1. eies Says:

    Altså: Viss ein fjernar ho-jerv, så fører dette til større tap av sauer!

    Slik tolkar eg det, i alle fall. Men finst det ikkje folk med trening i analyse av logiske rekkjer – som kan gi ein uttale her…

  2. Knut Nybø Says:

    Eit beite områd eg kjenner godt, hadde eit lamme tap på
    10 til 20% frå 98 til 03, i 03 vart det tek ut eit jerve hi med
    ho-jerv og 2 kvelper. Etter 03 har lamme tapet våre 2-3 %.
    Forskning og virkligheit stemmer ikkje ?.

  3. eies Says:

    Eg har alltid trudd at forskarane skal ta hensyn tl MANGE tilfelle, og MANGE område. Eller som ordtaket seier «En svale gjør ingen sommer».

    Ut frå det eksempelet som du viser til, skulle ein altså tru at det hjelper å ta ut jervehi. SUNN FORNUFT (- kven har det…) tilseier vel også at det skal hjelpa på saue-/lamme-tapet å ta ut jervehi.

    Forskning må vel byggja på statistikkar, rapportar mm. frå verkelegheita. Slik trudde eg det skulle vera, i alle fall.

  4. Knut Nybø Says:

    Du har sikkert rett i att forskning byggjer på statistikk, men
    statistikk passer ikkje inn i store deler av Norge. Uttak av
    ho-jerv i eit område som skall vera fri for jerv berre streif dyr
    kann ikkje vera i tråd med forskningen vis alle gjore jobben sin
    etter SM. 15.
    Nina og DN har og rekkna ut at 11 + 6 sansynlegge + mange
    ukjende =0 eller streif.

  5. eies Says:

    Ja, uansett så har det truleg vore meir jerv i Lustrafjelli enn det DN har sagt. At det i vinter vart teke ut så mykje jerv, er truleg bra for å berga reinen i Vest-Jotunheimen.

    I følgje NINA-rapport 434, er det ikkje nødvendigvis bra for sauene på beite. Men i følgje «sunn fornuft» eller «sunt bondevit» eller kva ein no vil kalla det, så er det rimeleg å tru at det i sommar vil bli mindre sauedrap på beite…

Legg att svar til eies Avbryt svar