Innavl

Eg har i det siste registrert at somme meiner reinstamma i Jotunheimen kan vera svekka av innavl. Eg er open for alle forklaringar, men denne stiller eg meg tvilande til.

Både i “menneske-avl” og i “husdyravl” kjenner me til at innavl kan føra til såkalla innavlsdepresjonar. For å “forbetra” husdyrrasane har det vorte- og vert det brukt “kontrollert” innavl. Målsetjinga kan td. vera betre muskelsetnad hjå kjøtfe og gris, betre og meir effektive rørsler hjå hund og hest, “vakrare” utsjånad (td. lange, hengjande øyre hjå enkelte hunde- og kanin-rasar). Linjeavl og matadoravl er kjende begrep innan husdyrhaldet. Etter kvart er mange vorte klar over at ved slik avl der målet er å forbetra husdyra, så er det også snakk om ein “nisse på lasset”. Og nissen er gjerne sjukdomar og defektar som viser seg etter kvart (psykiske defektar, skjelettlidingar, vanskar ved økslinga og mykje, mykje meir).

Min ærbødige påstand (som eg diverre ikkje har vitskapleg dekning for enno), er at ein husdyrpopulasjon er mykje, mykje meir utsett for innavlsdepresjon enn ein tilsvarande populasjon av ville dyr. Årsaka: Husdyra har opp gjennom hundreåra (tusenåra) vore “utsette” for meir eller mindre kontinuerleg innavl, medan dei ville dyra i stor grad har unngått dette. Difor har husdyra våre genetisk sett ein ibuande “ømfintlegheit” (dei reagerer lettare) i retning innavlsdepresjon. Eg veit eg er på tunn is, fagleg sett, så motsei meg gjerne.

Så til villreinen i Vest-Jotunheimen. Stamma var ved siste teljing på 170 dyr. Men me har fleire små villreinstammer i Noreg: Våmur-Roan ca 100 dyr, Blefjell 120 dyr, Oksenhalvøya ca 27 dyr, Sunnfjord 122, Førdefjella 55 – 60, Svartebotnen 50 (?). Etter det eg veit har det ikkje vore rapportert om stadfesta tilfelle av innavlsdepresjon i desse stammene. At det har vore tilført såkalla “friskt blod” ved utsetjing avbukkar, er noko heilt anna.

Eg har ikkje funne noko dokumentasjon av at innavlsdepresjon er eit problem hjå villrein. Meiner faktisk at eg har lese ein artikkel om villreinen på Oksenhalvøya som med sine i dag 27 dyr ikkje er prega av innavl. (Kan nokon hjelpa meg med å finna artikkelen, trur han stod i Villreinen.)

Konklusjon: Prøv gjerne å tilføra “friskt blod” til reinstamma i Vest-Jotunheimen. Men som forklaring på tilbakegangen i stamma, er dette eit blindspor.

Og så ventar me i spaning på kva dei faglege undersøkjingane i Vest-Jotunheimen vil gi som resultat. Tru om det er att rein når resultatet ligg føre…

5 kommentarar to “Innavl”

  1. eies Says:

    Eg gløymde noko: Det vert påstått at rovdyr, spesielt ulv, men også jerv er offer for innavldepresjon. Det kan kanskje verka logisk, men eg har intrykk av at det likevel er synsing. Har ikkje funne forsking som stadfestar noko slikt.

    For meg verkar dette som hypotesar som kan brukast av alle uansett kva synspunkt dei måtte ha i rovvilt-debatten. (Men som sagt tidlegare: Kanskje eg er ute på tunn is her…)

  2. j.m Says:

    for lite mat til reinen!!!

  3. eies Says:

    Beklagar, eg såg den forrige kommentaren din, men trudde vel du berre kødda/tulla/prvoserte…

    Men viss du meiner dette alvorleg, så hadde det vore fint om du kunne presisera litt meir kva du eigentleg meiner. Sommarsbeitet for reinen her er vel nokså bra. Vinterbeitet kan vera problematisk enkelte år pga nedising, men at det skal gi slike utslag er ikkje enkelt å forstå.

    Nei, kjære j.m, du er hjarteleg velkomen til å skriva meir, for no reknar eg med at du meiner det seriøst… ?

    (Men etter å ha sjekka epost-adressene vert eg litt i tvil. Men no har eg prøvt meg med å svara seriøst, så får me sjå…)

  4. Christian H. Says:

    Apropo innavl: http://www.forskning.no/Artikler/2006/desember/1167224460.81

  5. eies Says:

    Fenomenet innavl blant ville dyr er absolutt interessant. Sjølvsagt. I media møter me også påstandar om at dei store rovdyra står i fare pga. innavl (= for lita rovdyrstamme. ) Difor er det heilt naturleg at dette vert trekt fram også når det gjeld villrein.

    Presis forskning med god dokumentasjon har eg likevel ikkje sett enno. Men dette vert litt som med “klima-problematikken”. Betre å vera føre var¨! Så å “gambla” med små stammer og innavl, bør me absolutt ikkje gjera.

    Men at innavl skal gi større utslag i Vest-Jotunheimen enn i andre til dels mindre stammer, er vanskeleg å tenkja seg. Me må absolutt vera obs på problemet.

    (Det blir også spekulert i om geparden vart offer for innavl i siste istid http://no.wikipedia.org/wiki/Gepard Veldig interessante ting. Men slikt kan lett brukast av “bestillings-forskarar” og populærvitskaplege “wannabe-forskarar”…)

    (Og viss det er slik at simlene i den undersøkte bestanden i Finland føretrekte nære slektningar som paringspartnarar, då må det vel vera andre mekanismar som grip inn – td. at ville dyr er lite ømfintlege for innavl…?

    For vitskapleg dokumenterte døme på innavlsdepresjon hjå ville dyr – finst det eigentleg…?)

    Å bruka innavl som ei hovudforklaring på “krakket” i Vest-jotunheimen, det må vera eit blindspor – i det minste ein avstikkar frå hovudsporet som skal leia fram mot ei forklaring. Men vitskapsmann/forskar er eg ikkje, det må eg poengtera.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: