Kva er ein taktisk, hensiktsmessig argumentasjon?

For tida kan me i avisa vår og på ymse nettstader studera ein debatt kring den tragiske utviklinga til villreinstamma i Vest-Jotunheimen. Det er bra at me får ein offentleg debatt kring dette. Svært bra!

Likevel har eg gjort meg nokre tankar om korleis debatten bør førast i «det offentlege rom» – eller blant «folk flest» som han Carl I. yndar å seia det.

Eg håpar då at dei fleste ynskjer å ta vare på villreinen i dei områda der han naturleg høyrer heime. Korleis bør argumenteringa førast?

1. Somme argumenterer som om dei ynskjer å rydda ut alle rovdyr og spesielt jerven. Dette er ikkje eit argument som vinn sympati hjå «folk flest» i 2009. Ein veksande del av befolkninga ser i dag ut til å vilja ha rovdyr som ein naturleg del av faunaen. Ei spissformulering som «fjern all jerv» vil vinna lite godhug i opinionen.

På enkelte område kan det sjå ut som om villreininteressene og småfenæringa er i same båt. Og ein «edrueleg» argumentasjon er nok det beste for begge partar. Men så livskraftig som jervestamma ser ut til å vera i dag, bør ein kunna ta ut fleire dyr i ein akutt krisesituasjon. Viss det viser seg å vera nødvendig.

2. Det kan verka som om villreinsinteressene ma. i Vest-Jotunheimen ynskjer fotturistar og andre brukarar av fjellheimen «dit peparen gror». Slik bør det ikkje vera, og slik er det heller ikkje. Men spesielt DNT har hittil vist ei nokså arrogant framferd, ikkje minst viss dei no nyleg ikkje «hadde anledning til» å stilla på eit møte ang villrein-problematikken i Vest-Jotunheimen. Her vidarefører DNT ein tradisjon som dei ikkje kan rekna med å hausta stor ære av. Studer gjerne dette kartet over villreinens bruk av Hardangervidda.

God gamaldags folkeopplysning er det som her skal til. Fjellvandrarar må finna seg i å ta omsyn til dyrelivet i fjella våre. Det er eg også sikker på at dei er villige til når dei vert forklart dette på ein sakleg måte.

3. Det tredje argumentet er truleg det viktigaste: Me tek ikkje vare på villreinen for jegerane si skuld! Men villreinen er eit «naturens miljøbarometer» som viser i kor stor grad me har klart å ta vare på fjella og fjellviddene våre.

Det ser ut til å vera ein aukande jaktmotstand i samfunnet. Å reklamera med jegerar som med blodige hender og armar dragsar kjøtet heim til velfylte fryseboksar, er ikkje det smartaste me gjer – trur eg. Men at jegerane har ein jobb å gjera for å hindra svolt og massedaude i ei livskraftig villrein-stamme, det er enklare å forstå. Målet for jakta er altså å hindra at ei stamme vert større enn beitegrunnlaget tilseier.

Villreinen er ikkje til for jegerane si skuld. Det er jegerane som er til for villreinen si skuld.

19 kommentarar to “Kva er ein taktisk, hensiktsmessig argumentasjon?”

  1. eies Says:

    Ser at det er nokså få som har gidda å lesa dette. Det gjer meg litt trist, for det er ei ganske god oppsummering (om eg må seia det sjølv…)

    Må berre innsjå at ein konflikt-debatt med usaklege personkarakteristikkar hadde fått blogg-teljaren til å rasa i veg. Men slik er det berre. Tabloid pressa har visst slikt lenge, lenge.

  2. alb Says:

    Då får eg prøve meg. Har lagt merke til at det er veldig viktigt å skrive korekt nynorsk i denne bloggen so eg skal gjere mitt beste.
    Det vert snakka om villrein, jerv, fotturistar og jegrar. Kven har prioritet og i kva rekkefølge? Jegrane er allereie ute av bildet ettersom det ikkje er jakt der lenger.

    Eg trur reinstamma er dømd til å tape. Det er for liten tilvekst i stamma. Sist haust vart det sett berre 12 kalvar, og då kanskje berre 6 simlekalvar. Dette er for liten tilvekst for at stamma skal overleve.

    Mitt forslag til løysing:
    Redusere jervebestand og fotturistar i området.
    Importere f.eks. 10-15 simlekalvar kvart år til bestanden er stor nok.

  3. eies Says:

    Beklager til villreininteressene, men må berre kommentera dette vidare: Etter at innlegget «Kva er ein taktisk, hensiktsmessig argumentasjon?» i fleire dagar låg på botn av «Top post» (noko som truleg betyr at knapt nokon har gidda å lesa det), ligg innlegget no plutseleg på topp! Årsaken: Eg la i går inn kommentaren ovanfor. Men diverre: Dei som har «klikka eg inn» etterpå, har nok i liten grad lese innlegget mitt, men truleg berre kommentaren.

    Eg dreg førebels desse konklusjonane:
    1. Usaklege, dårleg formulerte personangrep og konfliktar er meir interessante enn sakleg, velformulert opplysning/informasjon.

    2. Og kommentarar er mykje meir interessante enn innlegg.

    Slik fungerer bloggverda!

    (Oppfylgjingsspørsmålet er då: «Kvifor er me her…?» Trur eg veit svaret.)

  4. J.M Says:

    det er vel for lite mat til reinen…

  5. eies Says:

    Oj – eg såg ikkje alb sitt innlegg før eg skreiv kommentaren ovanfor.

    Eg er heilt ueinig i det du skriv om «korrekt» nynorsk. Både bevisst og ubevisst skriv eg mykje «dårleg» nynorsk her. Det er viktigare med innhaldet enn med forma når ein skriv – her på bloggen. Dessutan har vel du aldri hatt vanskar med å formulera deg, verken munnleg eller skriftleg.

    Eg er einig i det du skriv om at villreinen truleg er dømd til å tapa. Kor mykje skal «storsamfunnet og skattebetalarane» betala i form av alskens unaturlege og panikkarta tiltak for å halda liv i ei på forhånd dødsdømd reinstamme…?

    Føresler at det vert sett opp eit «RETRO-villreinsenter» i Turtagrø. Dette kan bli ein suksess! Her kan ein ha eit multi-media-show-animated med historia frå attende til steinalderen der reinsflokkane vandra fritt frå Kinsedalen til Skjåk og truleg endå lenger (namna var sikkert annleis på den tida…)

    Dokumentasjon har me sikkert nok av, ma.: dyregraver, bogastille, piler spyd…

    Så starta den moderne tida med Kragen, tamrein, vegbygging og nasjonalromantikken. Og på eit par hundreår var ei ti-tusen-årig villreinsoge – slutt. Det var det.

    Får dei hjelp av Madame Tussauds, så kanskje dei kan laga nokre voksmodellar av td. dei siste villrein-entusiastane; og i ein krok kan me sjå ein sauabonde som finn att sauene sine der jervemor har drive «slakte-opplæring» for borna sine, og der ein del av desse sauene framleis er i live…

    Det er kun fantasien som set ……..

  6. alb Says:

    Når det gjeld språkbruken siktar eg til ein vis(s) venstrepolitkar.
    Ellers ser eg at ved hjelp av god fantasi opnar det seg mange mulegheiter.
    Fantasien set ingen………..

  7. eies Says:

    Spørsmålet då er: Når er ein vis(s) venstrepolitikar online…?

    (Er det slik at: 1) Fantasien set grenser; eller er det slik at 2. Fantasien set ikkje grenser…? Dette spørsmålet føresler eg at me tek ved eit anna høve.)

  8. eies Says:

    Fyr løs, folkens. Me kan ikkje venta på venstrepolitikaren lenger. (Tippar at han kjem inn i diskusjonen snart i velkjend stil, og han er ikkje kjend for å pakka meiningane sine inn i glansa papir med gull- og sølv-glitter – og med raud sløyfe…)

  9. eies Says:

    Ja, det seier eg: Kjem det ikkje no eit innlegg frå SB snart, så kan eg like godt leggja ned denne bloggen som ein nettstad og eit forum for frisk debatt og utveksling av ulike synspunkt. Då kan det like gjerne bli ein kose – dulle – smilefjes-blogg.

    Kjære blogglesarar: Er det det de vil…?

  10. SB Says:

    Ryktet om at eg skulle vere daud er nok overdrive, nokon blir glade medan andre att blir tilsvarande skuffa. Ein kan som kjent ikkje gå rundt og gjere alle til lags heile tida og ingen kan heller påstå å forvalte den einaste og endelege sanninga i all æva.
    Emnet i denne tråden er altså føremålstenleg argumentasjon i høve til kva som er rett oppfatning av realitetane og å påverke meiningar og standpunkt for å oppnå tenlege og ynskte resultat i ei konkret sak.
    Når det gjeld villreinen i Vest-Jotunheimen og ev. re-etablering i Breheimen har eg ingen fasitsvar, langt mindre nokon bastante meiningar om kva som bør gjerast på kort og lang sikt. Her er Eies kapasiteten framfor nokon og eg må seie eg har lært mykje av akkurat Eies når det gjeld villrein, fotturisme og andre inngrep som villreinen likar dårleg. Men her som elles, kokar det heile ned til kven som har definisjonsmakt til å setje dagsorden og formulere relevante problemstillingar, striden i fjellet står ofte mellom kommersielle aktørar – DNT inkl. – og dei som vil ta vare på fri natur og eit mangfald av livsformer, inkl. dei store rovdyra våre.
    I desse påskelamtider vil eg berre minne om at det kanskje er på tide at «hyrden på marken» snart får sin renesanse att også i det moderne, norske husdyrhaldet og stadig minne om at alle levande vesen har sin plass i skaparverket/naturen, frå ørna som flyg høgt på himmelen og heilt ned til mauren i mold.
    Dettte må vere ein vel så viktig påskebodskap som den dei statsløna prestane rituelt preikar om til ein handfull tilhøyrarar som vil sikre seg litt «goodwill» på dommens dag.
    God påske til sauebønder, villreinentusiastar og rovviltforkjemparar!

  11. eies Says:

    Ja!

    Ramnungar ropar
    Og du gjev deim mette
    Hungrande hopar
    Til ditt bord vært sette:
    Alt gjev du føda,
    Signar landsens grøda,
    Sender oss solskin og regn.

  12. Ola Njå Bertelsen Says:

    Hei igjen

    Et viktig tema du tar opp her, saklighet er viktig i enhver diskusjon og rein diskusjonen kan ofte bli usaklig.

    En god diskusjon på nett mener jeg avhenger av at folk bruker fullt navn. Det pleier i hvert fall å hjelpe på mange diskusjoner. Flere nettaviser og nettsteder eksperimenterer med flere metoder for å få dette til, blant annet ved at en må registrere telefonnummer. Ved å stå bak en kommentar med fullt navn, må en kunne stå for dette også utenfor «nettverden», derfor bruker jeg fullt navn f.eks her.

    Når det gjelder saklighet undres jeg litt over dødsdommen over rein. Så vidt jeg vet er ikke villreinen en rødlisteart. Og kriteriet for å komme inn på rødlista, korriger meg om jeg tar feil, er 5% chanse for utryddelse innen 100 år. Det drives jakt på villrein, det hadde det aldri gjort om ikke stammen var levedyktig. Vi jakter ikke på Kongeørn gjør vi?

    Jeg er klar over at de har vært stor usikkerhet rundt reinstammen i Vest-Jotunheimen, men der fant en jo plutselig nesten 80 dyr som hadde gjemt seg. Hjelper ikke det?

    Med forbehold om at jeg har missforstått noe.

  13. Bukken i Båten alias eies Says:

    Fullt namn er kanskje det beste. Men «alle» kjenner «alle» er eit prinsipp som fungerer bra her i 90% av tilfella. Mange kan vera litt smålåtne og beskjedne, og ynskjer ikkje å basunera alt ut for all verda inkl. Bill Gates & Co. Det du ein gong har signert på nettet, kan i all framtid sporast opp, dette veit du.

    Eg tykkjer også det er viktig at «grums frå folkedjupet» kjem fram i lyset og kan diskuterast. Elles kan slikt lett veksa til ei «udetonert bombe». Difor ser eg store føremuner med anonyme innlegg, faktisk. Trur terskelen blir lægre. Og i demokratiets namn er det viktig å dra mange med i debatten.

    Føler at du i ein viss grad prøver å bagatellisera «krisemaksimeringa» til villrein-interessene. Det er ein ikkje uvanleg teknikk i den offentlege debatten. Her tenkjer eg spesielt på Frp og deira tilhøve til «klima-problematikken».

    Når det gjeld «rødliste-artane», er det sikkert rett det du skriv. Men her vil eg – nok ein gong – visa til avlidne Terje Skogland (Han døyde av kreft. Forska ma. på bequrel hjå villrein): «Villreinen. Fra urinnvåner til miljøbarometer». Om ikkje du giddar å lesa boka, så smak på begrepet «miljøbarometer». For meg seier begrepet det meste om korleis me har klart å ta vare på mijløet i fjellet og på fjellviddene våre. Viss reinen ikkje overlever lenger, må noko ha forandra seg radikalt.

    Eg veit ikkje. Men viss det er slik at dei aktivitetane du ynskjer å driva med i fjellet, no kjenner seg truga av desse «hysteriske villreinentusiastane», så føreslær eg at du ikkje tenkjer slik, likevel. Det er snakk om kunnskap om reinens levemåte, og vilje til å ta hensyn. Det kan vera snakk om ein mindre periode av året der ein ikkje kan driva med kiting i eit avgrensa, definert område, for å ta eit døme. Det er ikkje villrein i ALLE fjell, som du sikkert veit.

    «Urørt natur» eller «villmarka» i Noreg har skrumpa stadig meir inn. Reinen krev slik natur for å trivast. Leveområda til reinen har stadig minka. Valet kan mange stader bli: «Vil me ha folk – eller vil me ha rein i fjellet». Personleg meiner eg at med kunnskap og vilje til å visa hensyn, kan me ha begge deler.

  14. alb Says:

    Det er rett at villrein ikkje er nevnt på noko raudliste, men Norge har likevel eit ansvar overfor villreinen ettersom den er teken med i Bernkonvensjonen vedlegg 3.
    Det er heller ikkje jakt i området no, ettersom stammen er for liten.

  15. Turtips i villreinfjell « Ola Njå Bertelsen Says:

    […] å føre en god dialog, noen innspill til hvordan denne dialogen bør føres kan en finne på Breheimen-Luster villrein blog. Selv om det etter min mening også her mangler rent objektive betraktninger, men det skal jeg ikke […]

  16. Ola Says:

    Jeg prøver ikke å bagatellisere «krisemaksimeringen», men vise at det finnes flere synspunkter ift. villreinens bestand og levedyktighet. Og det er også et dårlig triks å legge andre meninger i mine argumenter enn du har belegg for. 🙂
    Nettopp gjennom en relativt objektiv informasjon rundt villreinbestanden kan en få en god diskusjon, hverken krisemaksimere det eller minimere forholdene.

    Jeg er også ute etter kunnskap om reinens levemåte akkurat for å ta hensyn til denne. Det har jeg også kommentert i min blogg her: http://olanjaab.wordpress.com/2009/04/16/turtips-i-villreinfjell/

    Gjennom god informasjon kan villrein og friluftsliv leve side om side, det er jeg overbevist om.

  17. eies Says:

    Forstod ikkje det «trikset» du påstodeg hadde brukt.

    Elles tykkjer eg at du og dine likesinna driv «mjuke» og «sympatiske» aktivitetar, og desse bør me alle støtta opp om. Snøskuter, fly og helikopter tykkjer eg det er verre å akseptera – med unntak for transport av handikappa, sjuke og gamle – og litt i næring mm. Men desse motor-greiene krev sjølvsagt ekstra varsemd i høve naturen.

    Elles registrerer eg positiv vilje og forståing, og hugs: Det er villreinen me kjempar for, ikkje jegerane sin rett til å driva med hobbyen sin (- sjølv om eg er jeger sjølv…). Dette tykkjer eg personleg er vesentleg!

    Ta nett ein titt på dette kartet over villreinen sin arealbruk på Hardangervidda – sett i relasjon til DNT-hytter og turstiar. Det illustrerer godt det eg prøver å seia. DNT har eit stort forbetringspotensiale når det gjeld omdømebygging – i høve reinen. Og det er eigentleg eit godt utgangspunkt.

  18. Ola Njå Bertelsen Says:

    Det er absolutt vesentlig at det ikke er jegeres interesse som skal forsvares.
    Og ja, DNT har nok forbedringspotensiale, spesielt når det gjelder formidling av sitt syn på saken. Samtidig vil jeg si at DNT gjør mye for å ta hensyn til rein, men det er sjelden det kommer «ut». Det er flere praktiske eksempler på omlegging av stier, nedleggelse av hytter/flytting. Og ikke minst tett dialog med forvaltningen.

    Har du kilde til kartet ditt? Hadde vært spennende å se lignende kart fra f.eks andre områder. Ev. forandring over tid, dersom det finnes.

    Og si gjerne noe om hvordan og hvilken informasjon folk må ha for å kunne ferdes i villrein områder. Her trengs all den hjelp som kan fåes for å lage gode informasjonssider.

  19. eies Says:

    Opplysning og dialog er tingen. Unngå at dette går i vranglås og folk begynner å fyra laus med beskuldningar mot kvarandre.

    I beskjedenheitens namn så tykkjer underteikna at eg og du gjer ein kjempejobb på dette feltet, hittil. 🙂

    Kjelda til kartet er Jon Erling Skåtan, Lars Arne Bay, Jan Thomassen: «Jakt på villrein, praktiske råd og vink».:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: