Ordføraren seier: “Ja, takk – begge deler.”

Ja, kva anna skal han seia…

Les i Sogn Avis.

Desse aktivitetane det er snakk om i Turtagrø, er “mjuke” aktivitetar. Her er det, etter det eg forstår, ikkje snakk om meir “brutale” aktivitetar med fly, helikopter, snøskuter osb. Dette er difor aktivitetar ein bør stø opp om.

Men alle som ferdast i fjellet trur eg er villige til å visa omsyn til naturen. Sakleg opplysning trur eg erdet som trengst. Og at i dag er det ikkje først og fremst for jegerane sin del me tek vare på villreinen. Men villreinen er naturens miljøbarometer som viser i kva grad me har makta å ta vare på mangfaldet i naturen.

Viss det mot formodning, i Turtagrø, skulle bli ei konflikt mellom mennesket sin bruk av fjellet og på den andre sida villreininteressene, då er dette ei falitterklæring frå begge partar.

3 kommentarar to “Ordføraren seier: “Ja, takk – begge deler.””

  1. ha Says:

    eies : “Men alle som ferdast i fjellet trur eg er villige til å visa omsyn til naturen.”

    Eg trur og at du har rett i dette. Men problemet er manglande kunnskap om korleis ein skal oppføre seg i fjellet med tanke på villreinen.
    Opplysningsskilt om kvar reinen har sine trekkruter, kalvingsområder osv. kan hjelpe på noko av tankeløysa til folk.
    Sjølv så prøver eg å unngå å uroa rein om vinteren. Oppdager eg rein så snur eg når eg ser dei vert urolege, da er ein komen nerma nok. Avstanden i meter er uvesentleg.

  2. eies Says:

    Einig med deg i at mange manglar elementær kunnskap om korleis ein bør oppføra seg om ein møter rein. God gamaldags folkeopplysning er nok tingen.

    Leiaren i Sogn Avis for nokre dagar sidan fokuserte også på denne saka. Det er muleg eg er partisk, men eg følte han heva ein formanande peikefinger kun til fjelloppsynet og villreininteressene. Det burde han vera varsam med.

    Å peika ut syndebukkar kan auka konfliktnivået. Men å peika på mogelege uheldige aktivitetar, er viktig. Her kjem all aktivitet i fjellet inn, også DNT sin.

    Dessutan vil eg nok ein gong peika på at det er lite taktisk og hensiktsmessig å sjå på reinen kun som eit jaktobjekt. Med den jaktmotstanden som finst blant folk flest, vil eg heller seia at jakta er noko me gjer for å oppretthalda ei sunn reinstamme med høveleg mange dyr i forhold til beitegrunnlaget. Og nok ein gong: Reinen er eit miljøbarometer som viser kor godt me har klart å ta vare på fjellområda våre.

  3. eies Says:

    Sogn avis har i dag eit intervju med Vidar Moen.

    NRK SFj har også saka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: