Kennel “Jostedalen”

mari-806

Me har fått godkjent kennelnamnet “Jostedalen”. Det betyr at ein hund som vert fødd her hjå oss, han heiter td. ikkje berre “Tassen”, men han kan no registrerast som “Jostedalens Tassen”.

Vitsen? Ein hund er like god eller mindre god om han har kennel-namn eller ei. Viss me er flinke og heldige med val av avlshundar, kan kennelnamnet verta eit kvalitetsstempel. Viss me er mindre flinke, kan kennelnamnet verta det motsette av eit kvalitetsstempel.

Hundane frå det første kullet verkar svært lovande når det gjeld gemytt, arbeidslyst og jaktlyst. Også eksteriørt, sjølv om det er litt tidleg enno å seia noko bestemt om det.

Viss alt klaffar, planlegg me nytt kull neste vår.

Ta gjerne kontakt viss de går med planar om å skaffa dykk hund.

2 kommentarar to “Kennel “Jostedalen””

  1. kalvatreet Says:

    Eg har hund. Men kvelpane frå i fjor ser veldig søte ut.

  2. eies Says:

    Einig. På den andre sida er vel alle kvelpar søte.

    Eg er på kappleik i helga. Så viss det vert knallharde rovdyr- eller andre debattar, så er eg neppe på nettet att før søndag kveld. (Får du evt. seia til “dei”.) God helg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: