Human jakt…

Bukken i Båten har alltid meint at norsk hjorteforvaltning er i verdstoppen, og at norsk  jakt truleg er den mest humane som finst. Som eit døme på «Skyt først – tenk etterpå», kan de studera denne videoen. Skrekk og gru…

http://www.youtube.com/watch?v=-ofOHI9CuFs

Advertisements

7 kommentarar to “Human jakt…”

  1. kalvatreet Says:

    Dette var ufjelgt å sjå. No veit ikkje eg noko om jakt, det skal seiast. Men dette kan vel knappast kallast jakt…?

  2. eies Says:

    Nede i «Europa» vert nok dette rekna som sportsjakt av edlaste merke. Men den norske jaktkulturen ligg nok langt frå dette, heldigvis.

    Men jakt og avliving av dyr er nok ofte ufjelgt å sjå på for utanforståande.

  3. ha Says:

    Dette er tradisjonell drivjakt slik den har blitt gjennomførd i århundrer. Dyr som vert jaga av folk eller ein flokk med hundar, har ikkje mange fellestrekk med vår jakt. Er det folk som jager, så går dei «mangard» 20-30 stk. kansje fleir enn det og. Jager av små deler av terrenget og presser alle dyr fram mot skyttarane.
    Kontrasten til den jaktforma som me har her i landet er stor.
    Med slike jaktformer som vert vist i filmen så er det forståeleg at ein større % av befolkningen nedover i europa er jaktmotstandara enn her i landet.

  4. kalvatreet Says:

    Eg er ikkje motstander av jakt på nokon måte. Eg et då kjøt. Men den jaktforma som visast her ville vore lettare å akseptera om folk ikkje kunde skaffa seg mat på anna måte.
    Når ein har alt ein treng verkar dette som ei veldig dekandent form for jakt. Jakt må då og handla om moral, at ein skal nedleggja viltet i god stil. Og for å gjere det i god stil skal ein vel jobba litt for det sjølv?

  5. eies Says:

    No er eg ikkje sikker på om me legg det same i «god stil». Men eg tykkjer at stilen forsåvidt er upåklageleg. Jakthornet, kleda, våpena.. alt ser ut til å vera av gjennomført høg klasse. Eikeløv i jakthatten – sikkert eldgamal symbolikk.

    Men det eg tykkjer er verst er at dei ser ut til å bruka viltet som «leiketøy», eller levande blinkar. Her er det ikkje om å gjera med ei rask avliving, men heller at dei kan skryta av vanskelege skot på vilt i full galopp. (I Noreg er det ein fast regel at ein skal unngå å skyta på vilt i rørsle – her er det omvendt.)

    Nei, dette er «godseigarjakt» på sitt aller verste. At dei tek av seg hatten «i respekt» for viltet, og avsluttar med «viltparade», gjer det ikkje betre.

    Her til lands er normen at dyra skal avlivast mest mogeleg humant – også på jakt. Det bør me fortsetja med. Denne videoen er eit skrekkeksempel.

  6. kalvatreet Says:

    Der er me einige. Skrekkeksempel ja. Med god stil så trur eg me er på line. God stil er for meg å gjera noko med god margin. Til dømes det du snakkar om å unngå å skyta på vilt i rørsle. Å vera sikker på kva ein gjer når ein gjer noko (at viltet dauar når ein skyt t.d.).

  7. eies Says:

    Einig.

    Dekadent er muligens eit dekkande ord. Revejakta i England (som visstnok er slutt…) er eit anna døme.

    Men me har fleire døme. Jakt med hundar som driv hjorten opp i eit «hjørne» – og deretter går jegeren fram og avlivar med spyd eller ein spesialkniv. Eksklusivt.

    Meiner H. Ingstad fortalde korleis reinen vart frakta heim til leiren av indianarar: Såra dyret med pil (er) og deretter jaga dyret heim. Slapp å bera det…

    Men å oj-a seg over tidlegare tider har lite for seg. Då gjaldt det ofte om å overleva. Heller ikkje skal me slå oss på brystet over kor humane ME er. Men eg trur at dyrevernorganisasjonane jamtover har små problem å kjempa mot her til lands.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: