Uaktuelt å auka villreinstamma i Skjåk

3 månader har det no gått sidan det siste møtet i villrein-referansegruppa. Underteikna har difor teke seg den fridomen å kontakta sentrale personar frå Ottadals-området. Etter dei opplysningane eg har fått, er haldninga i Skjåk-Sør denne:

1. Ei auke i villreinstamma i Skjåk-Sør er ikkje aktuelt. Dette vert begrunna med at vinterbeita i Skjåk då vert utsette for endå større press, med vinter-svolt og massedaude blant reinen som eventuelt resultat.

2. Ei freding av villreinen i Mysubyttdalen og Syrtbyttdalen kan vera interessant. For på denne måten å få opp att villreinstamma i ma. Tverreggi.

Forslag nr. 1 ser eg med dette lite aktuelt å arbeida meir med.

Forslag nr. 2 er det gledeleg at også Skjåk ser verdien av. Dette forslaget er difor det einaste realistiske, og det me bør jobba vidare med.

(For sikkerheits skuld: Kjeldene i Skjåk kan eg ikkje gi opp.)

7 kommentarar to “Uaktuelt å auka villreinstamma i Skjåk”

  1. eies Says:

    Eg sletta den utanlandske kommentaren, då det såg ut til å vera spam eller søppelpost.

  2. pk Says:

    Må ynskje deg til lukke med godt detektivarbeid i saka om den mystiske trestokken på Vangsnes. Tydeleg at det er mangslungen ekspertise fremst i Jostedalen, til og med i maritime fag.

  3. eies Says:

    Ja, dette var hyggeleg!

    Og viss Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum er interessert i eit vidare samarbeid, så stiller jostedølene opp med velkjend dugnadsånd, vil eg tru (- nå ja, i lengda jobbar vel ikkje me heller berre for knappar og glansbilde…). Eit lite maritimt kompetanse-miljø hadde vore tingen.

    Minner om Båtedalen og Sildaberget ved Fåbergstølen…

  4. fos Says:

    Er de ikkje ein plass over tunnelen i Bjønnstegane som heiter Naustet?

  5. eies Says:

    Korrekt!

  6. pk Says:

    Ikkje gløym Bukken i båten.

  7. eies Says:

    Nei, Bukken i Båten må vera med!

    Og går du beint til fjells frå stølane i Øy, så kjem du rett opp i Kjølen.

    (Og Silda-løken var ein god fiskeplass, seier han Lasse.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: