OJ – frå humorist til seriøs kunstnar

Pressens Faglege Utval (PFU) har i dag behandla ein klage på Otto Jespersen sine to “jødemonologar” frå Torsdagsklubben i TV2. Konklusjon: TV2 har brote god presseskikk. Vedtaket var samrøystes, vert det sagt. 

Truleg må det ha kome fram opplysningar i møtet som er ukjende for ålmenta. Eller det er ukjende psykologiske mekanismar som har verka inn på medlemene der dei har site i sitt lukka rom. For dette verkar heilt uskjøneleg.

Trur dei verkeleg at OJ dreiv jødehets? Om enkelte blir såra, får dei kontakta psykolog om dei ikkje klarer å takla det forvridde kjenslelivet sitt. Er verkeleg formyndarsamfunnet vorte så mektig at me skal skånast for alle ubehagelege ord og uttrykk?

For meg er OJ ein av dei som i høgste grad har fokusert på, og kjempa mot nedlatande og diskriminerande haldningar. Han har pirka og rive i fordommane våre, og slikt er ikkje alltid like behageleg. Det vert dagleg sendt mykje meir “skadelege” ting i fjernsynskanalane.

OJ har vore ein stor humorist. I vår moderne/postmoderne tid har han med dette teke steget over til å bli ein av våre største samtidskunstnarar – han og teamet hans.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: