I hereby declare – eies alias Bukken i Båten kjem med ein høgtidleg lovnad

Dette er kvelden for dei store visjonane, glorien og dei store orda: Underteikna erklærer med dette at han aldri har skote nokon villrein og at han heller ikkje kjem til å gjera det, i Luster kommune, inkludert Jostedalsfjelli,  dei næraste 10 åra – truleg aldri. Det var etter råd frå ein av dei yngre i familien at han avgrensa det til 10 år. Personleg hadde han mest lyst til å skriva: for alltid.

Kvifor…? Nokså enkelt: For å oppnå større truverde når han kjempar for “reetablering-av-villrein-saka”. Det er så lett å bli møtt med argumentet: “Du vil berre ha villreinen attende for å kunna skyta han og jakta på han.” Morokarar i nærmiljøet har til og med sagt at villreinen sin største fiende er jegerane… Slik er det ikkje.

For meg er det viktigaste at me greier å stella fjellområda våre slik at villreinen på nytt kan trivast her, Reinen er eit miljøbarometer, som avlidne villreinforskar Terje Skogland formulerte det for lenge sidan.

3 kommentarar to “I hereby declare – eies alias Bukken i Båten kjem med ein høgtidleg lovnad”

  1. JAa Says:

    Er dette gjennomtenkt? Korleis verkar denne lovnanden inn på vervet ditt i ettersøksringen?

  2. eies Says:

    Gjennomtenkt er det. Har brukt alle hjernecellene + magefølelsen + fingerspissfølelsen og antennene ute.

    Men korleis det vil verka, veit eg ikkje. Håpet var at eg skulle bli meir truverdig i reetableringsarbeidet.

    Kan ikkje skjøna at dette fører til problem i ettersøksringen. Det er ikkje noko krav om ettersøkshund under villreinjakt. Men kanskje det bør bli det…

  3. Ein høgtideleg lovnad! « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] eit lett desperat tiltak vil eies difor utdjupa den tidlegare lovnaden han har kome med: EIES LOVAR MED DETTE, MED VILLREINBLOGGEN SINE LESARAR SOM VITNE, AT HAN […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: