Ope møte om framlegg om vern i Breheimen

Møtet var i kveld torsdag 5. februar på Jostedal hotell. Etter det eg kunne sjå var det 21 frammøtte, 12 jostedøler og 9 utanfrå dalen. Skuffande fåe jostedøler, ma. sidan rykta fortalde om 60 stk. på Skjolden i eit liknande møte. Bryr me oss ikkje lenger…

Yndesdal og Dybwad orienterte, diskusjon etter vaflene. Lite diskusjon. Det einaste var då 1 – 2 stk drog i gang litt av den gamle Handspiki-diskusjone.  Tilsynelatande og forhåpentlegvis set verneframlegget ein stoppar for dette prosjektet over Handspiki. Men ikkje alle har avskrive denne gamle fane-saka…

Håpar at Yndesdal og Dybwad ikkje blir fornærma når eg gir uttrykk for at “filmstudioet” på Spørteggbreen verka litt (eller mykje…) koklimonke-aktig. Kjempefint med “filmstudio”, men eg trudde no at anten verna ein, eller så verna ein ikkje. Eg kjem til å koma med merknad om at viss det viser seg at “filmstudioet” kjem i konflikt med eventuell framtidig villrein, og villreinen sin bruk av området, så må det vera klinkande klart kven som må vika.

Trudde eigentleg at Jostedalsbreen etter kvart er vorten så kommersialisert at eit filmstudio ville vulgarisera naturen mindre her. Men elles veit eg enno for lite om konsekvensane av dette prosjektet. Sidan det tilsynelatande har gått gjennom nålauga, så er det kanskje ikkje kontroversielt likevel…

Det kom elles fleire kommentarar og spørsmål, men (merkverdig….) jovial stemning under heile møtet.

Høyringsfristen er 25. februar.

9 kommentarar to “Ope møte om framlegg om vern i Breheimen”

  1. ha Says:

    eies eg er enig med deg!
    Dette var rett og slett dårleg. Er verkeleg Jostedølene så lite intressert i kva konsekvensar ein nasjonalpark har for dalen?

    Sakna at fleire av dei som jobbar med reiseliv/ profilering av dalen var der.

    Den einaste grunnen til at dei ikkje kom må vere at dei kjenner heile planutkastet og ikkje lurer på noko. ( For dei er vel ikkje likehendte med kva som skjer?)

  2. SB Says:

    Breheimen Nasjonalpark får ingen negative konsekvensar for Jostedalen og bygdefolket, snarare tvert i mot. Med grensedraging på omlag 1200 moh kan umogleg verneframlegget provosere nokon som helst. Det positive er at me ein gong for alle har fått gravlagt planane for Handspikvegen, verneframlegget er utan tvil siste spikaren i den (veg)kista. Ein veg som skjåkværene ikkje vil ha og som for det aller meste ville kome i deira kommune. Luster kan ikkje no lengre presse eit vegprosjekt på ein nabokommune som ikkje ynskjer ein slik veg i det heile teke. Handspikvegen har då og i lang tid berre vore ein historisk parentes..
    I staden bør no Luster Kommune arbeide målretta og aktivt for å byggje opp att villreinstammen i Breheimen, eit av dei tiltaka som verneframlegget føreslær og då i samarbeid med lokal kompetanse, dvs. innehavaren av herverande Villreinblogg.

  3. eies Says:

    Tidlegare vart eit verneområde oppfatta som negativt for dei som hadde rettar der, ma.grunneigarar. Ting tyder på at det blir meir positivt etter kvart. “Time vill sjåvv.”

    Elles bør det vel poengterast at om ein er avvisande til ein veg over Handspiki, så kan ein framleis vera open og lyttande til ein veg i tunnell under Handspiki.

  4. alb Says:

    Veldig godt poeng.

  5. TT Says:

    God ide, eies. Bygg ein tunnel under Handspiki frå Viva til Sota. Tunnelen startar 860 moh. og endar ved Sota 750 moh. Flat med andre ord. Han vil bli 17 km lang og koste 1,1 milliardar kroner. Bruk i tillegg tunnelmassane og 200 mill. kroner og utbetre vegen frå Sota og nedover samt noko på sognasida. Vips so har du ei flott sambinding for 1,3 milliardar kroner utan at det syner nemneverdig i naturen.

  6. eies Says:

    Takk, takk. Men dette er sjølvsagt eit eldgamalt forslag. Og før me tek bølgen:

    – Ein konsekvensanalyse for denne vegen, vil avklara mykje. Ma. om naturvernet.
    – Kven ynskjer ein slik veg? Skjåk?
    – Økonomi?

    Så inntil vidare er eg kun open og lyttande, ikkje noko meir.

  7. H.K.L Says:

    Er det positivt at planane for Handspikivegen blir gravlagt? Det måtte no heller vera positivt at vegen hadde kommet. På den måten kunne bygdefolket også kunne reist over til Skjåk for å fått seg arbeid og ikkje berre ut mot Gaupne og enda lenger utover. No når bygdelaget er så ivrige i å få nye folk til dalen, så måtte det vel ha vore bedre å budd i ein dal med gjennomgangsveg, det seier seg sjølv.

  8. TT Says:

    Forslaget er ikkje so eldgammalt. Det som er eldgammalt er snakket om ein veg over Handspiki. Men gjennom Handspiki med ein “skikkeleg” tunnel heilt ned til Sota har det vel aldri vore jobba med.

  9. eies Says:

    Tidleg på 1900-talet vart det i alle fall planlagt jernbane gjennom Jostedalen og vidare i tunnell under Handspiki til Ottadalen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: