“Det finst fesjer og det finst figurar…”

Det har dei siste dagane gått ein debatt i det offentlege rom, som det så fint heiter, kring ytringsfridomen og blasfemi-paragrafen. Vår eiga Liv Signe skal på eit gitt tidspunkt ha “tvinga Ap i kne”, og det er jo ein prestasjon det står respekt av.

I dag stod ho likevel fram som riddaren som kjempar for eit ope samfunn, folkestyre og fritt ordskifte. Samstundes har ho kjent ei plikt til å sikra religionsfridomen og til å kjempa mot hatefulle ytringar om personar si tru og folk sitt livssyn, med andre ord likevel  behalda blasfemiparagrafen – samstundes som ho var for eit ope samfunn.

Sjølv om Liv Signe truleg er  ein av dei største og dyktigaste realpolitikarane i Noreg i dag, greidde ho likevel ikkje å vera mot noko ho eigentleg/tilsynelatande likevel var for, og i dag trekte ho difor det såkalla tillegget i rasismeparagrafen.

Medan journalistane plagar livet av Jens og Liv Signe, tuslar det på Stortinget rundt ein president som truleg smiler nøgd i skjegget han ikkje har.

……………………………….

I Jostedalen var det ein gong to gutar som slost om ei jente. Dette var fælt, tykte mange. Men ei eldre kjerring full av livsvisdom kom med fylgjande lakoniske kommentar: “Å ja, det finst fesjer og det finst figurar”.  

På dialekt blir det vel meir slik: De finst fesje å de finst figgura…

Forslag til tolking: Kvifor laga så mykje spetakkel når det finst andre jenter – andre løysingar…

fesje:  jente, dame, kvinne mm.

figgur:  gut, kar, mann mm.

2 kommentarar to ““Det finst fesjer og det finst figurar…””

  1. SB Says:

    Her har SP og L. S. Navarsete ‘drite skikkeleg på draget’. Kva var poenget med dette åtaket på ytringsfridomen? Kanskje den viktigaste grunnleggande, demokratiske retten i eit sivilisert samfunn. Om dette forslaget hadde vorte gjort gjeldande, kva då med med boka ‘Sataniske Vers’ og filmen ‘Life of Brian’? Konsekvens: Sensur og innskrenking av retten til å ytre seg. Og ikkje minst, kva med retten til å ytre seg på denne bloggen?

  2. eies Says:

    For oss som sogningar å dolka ho Liv Signe no, er vel ikkje spesielt lurt. Heller ikkje at me minner om Senterpartiet, grunneigarpartiet, tidlegare Bondepartiiet si lefling med dei brunaste høgrekreftene på 1930-talet. Slikt må me leggja bak oss. Og eg vil difor ikkje nemna det, sjølvsagt.

    Eg gjekk faktisk og småtralla på Otto Nielsens “He is dead”, men så sa eg til meg sjølv: “Skjerp deg. No går du for langt!” Og so slutta eg heldigvis med det.

    Finst det forresten nokon som kan matcha Liv Signe som realpolitikar? Det må vel einast vera han Kjell O.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: