Blir Luster blenda av kraftpengane…?

Skal me stå med lua i handa og takka og bukka når naturen vert rasert i små eller større bitar…

I NRK Sogn og Fjordane har Frank Aarebrot interessante synspunkt.

51 kommentarar to “Blir Luster blenda av kraftpengane…?”

  1. JAa Says:

    Me let oss vel ikkje blende. Men Lustringane har vel innsett att viss me bygg ut elvane til siste dråpe er temt så kan me få råd til eit stort badekar med klorvatn i Gaupne. Og då så.. Men det er vel ikkje alle som tykkjer at det er ei godt byte?

  2. eies Says:

    Nei, det er ikkje eit godt byte.

    (- med forbehold om nokre småkraftutbyggingar): Luster har bygt ut nok vasskraft. Men eg er bekymra for at me/dei let oss/seg blenda av dei usle millionane me/dei vert lokka med.

    Tykkjer prostitusjons-metaforen er illustrerande: Viss ei hore skal selja seg, så trur eg ho har det betre som luxus-prostituert enn som neddopa gate-hore. Men dette er berre noko eg trur. Kanskje det er som å velja mellom pest og kolera…

    Og viss Luster skal selja endå meir av naturen vår, så trur eg me har det betre viss me får mange arbeidsplassar og millionar, enn viss me får arbeidsplassar og millionar.

    Men eg er likevel ikkje heilt sikker. Er livet som rik kraftkommune så mykje betre enn livet som fattigare kommune…

  3. Tomas Says:

    Gløym ikkje grunneigarretten. Så lenge ikkje dei viktige estetiske inngrepa, er det berre å byggje ut. Men med ein gong dei flotte fossane som ligg godt synlege er trua av utbygjing, må det strengare restiksjonar til…Nok ein gong…

  4. SB Says:

    No må det bli slutt på vasskraftutbyggingane i Luster. Det er rasert nok av fri natur og turrlagt nok elvar og vassdrag. Og som me alle veit, Noreg treng ikkje denne krafta. Det har i mange år vore nettoeksport av elektrisk kraft. Påstanden om at me må byggje ut meir vasskraft pga. klimakrisa er meiningslaust. For det fyrste vil det ikkje bety ein drope i havet ein gong i internsjonal samanheng og for det andre har Noreg eit særskilt ansvar for å ta vare på den heilt særprega vassdragsnaturen som er att her i landet, for ikkje å snakke om ansvaret for at komande generasjonar skal ha høve til å oppleve naturleg rennande elvar og fossar.
    Og til slutt: Den private eigedomsretten er på mange måtar den største hindringa for utvikling i bygde-Noreg! Kanskje han bør avskaffast?

  5. eies Says:

    Eg har aldri vore spesielt oppteken av dei flotte fossane. Men eg ser at mange andre er opptekne av desse, og det er heilt greitt for meg.

    Ja, at grunneigarane oppfører seg på ein “samfunnsgagnleg” måte er viktig. For både grunneigarretten og odelsretten kan elles fort bli sette under eit politisk press. Desse rettane treng ikkje nødvendigvis vara evig, veit du.

  6. ha Says:

    Det er klart mange vert blenda av pengane ein kan tjene. Det er noko me alle forstår!

    Men har me nok kunnskap om kva som skjer når alt vatnet vert samla opp (takrenneprinsipp) og ikkje får komma ned der det skal.

    Dei som vil bygga ut er og ansvarleg for å undersøka konsekvensen av at vatnet forsvinn fra f.eks. gytebekkar! Er ofte små “ubetydelege” bekkar som vert nytta til gyting, og forsvinn desse ved ei utbygging så er ikkje bra. Om det ikkje er det så så grensar det til miljøkriminalitet.

    Og det klorbassenget i Gaupne, treng me det så stort?
    Dei pengane som dei vil bruke til det må nødvendigvis bli teke fra ein plass. Og i dag så vil det seie pleie, omsorg, utbygging av barnehagar m.m. Ting som er meir påkreva enn eit stort badekar med klor. Det me treng er eit 25m basseng og eit terapibasseng (oppvarma vatn til som treng slik behandling).

  7. Tomas Says:

    Det er alltid nok “fri” natur igjen. Flate elvar vert truleg aldri utbygd, viss ikkje området vert neddemt då, der kan dei såkalla naturfolka nyta elveopplevelsar, viss dei ikkje er glade i fossar.

  8. ha Says:

    Tomas
    Tek du vekk fossane og det andre vatnet som kjem rennande ned fra fjellet så har du ikkje vatn i dei flate elvane heller.
    I utgangspunktet så er allt vatn som kjem i elvar til “overs” fra det som plantene forbrukar sjølv.
    Det vert minimalt med vatn, og på sommrar med lite nedbør og mykje varme vert det fortare turt. Fiskeyngel er avhengig av vatn for å leve. I motsetning til oss så er dei avhengig av vatnet i små og mellomstore bekkar/elvar.

  9. eies Says:

    Tomas, du skriv: “Det er alltid nok “fri” natur igjen”
    Vidare: “- dei såkalla naturfolka -” Tippar du meiner naturvernarar?

    Eg er heilt og fullt og fullstendig ueinig i det du skriv! Og eg tykkjer du signaliserer ei nedlatande haldning til naturvern og naturvernarar.

    Elles er det greitt.

  10. Tomas Says:

    ha.

    I småkraft er det vel sjeldan at vatnet på flata vert borte,,,nokre døme i J.dalen stemmer vel det du skriv? i større utbyggjingar kan vel dette ofte stemme…

  11. Tomas Says:

    I Norge så vert vel wattimane frå småkraft her og der som “mange bekkar små, vert ein stor og”. Altså at samla så kan vel dette vera eit bidrag til å redusera klimautsleppa. “Flate” land ikkje har så mykje vasskraft, så dei får finna sine tiltak mot klimautsleppa…

  12. OT Says:

    Det heiter vel”mange bekkar små,vert ei stor å. Ellers er eg enig i mykje av det som vert sagt her av signaturen HA. Det er umåteleg viktig at det vatnet som er att i Storelvi no får renna for å ikkje øydeleggja for oppvekstmiljøet til fisken. Må vestsideelvane utbyggast so er det beste alternativet å sleppa utatt vatnet over nederste fossen i elva, og ha ei stor restvassføring. Ta heller inn vatnet høgre oppe.

  13. eies Says:

    Kor er “nederste fossen i elva” ?

  14. OT Says:

    “Nederste fossen i elva” kan vera so langt opp i elva at ho får renna fritt i det nederste partiet. Ellers skjønnar eg ikkje koblinga mellom Vestsideelvane og badebasseng i Gaupne,ein kunne vel like godt ha sagt tunnel i Gullringen?

  15. Tomas Says:

    ei stor å, ja, men skriftleg vert det vel og…

  16. eies Says:

    Eg forstår ikkje kva som er så bra med at elva får renna “fritt” i det nedste partiet.

    Og ei større utbygging vil nokså sikkert øydeleggja alt liv i elva endå meir enn det som diverre alt har skjedd. Ho får ei unaturleg høg vintervassføring, og livet i elva kan etter kvart bli som i ein ørken (som ein herverande veterinær sa ein gong).

    Eg tykkjer at koblinga mot badebassenget er ganske god. Grovt kalkulert, vil dei årlege intektene til kommunen frå ei eventuell Vestsideutbygging ikkje vera langt frå dei årlege utgiftene til Badeland i Gaupne. Men har nokon andre kalkylar, så berre kom med dei.

    [Til sommaren må det bli overnatting ved Slirevatnet…]

  17. eies Says:

    Tomas, no blir det tilsnakk😦 : ei å = ein bekk/ei lita elv

    Sjå også: http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85
    😦

  18. SB Says:

    Det Luster ikkje treng er i prioritert rekkjefølge:
    1) Meir kraftutbygging (gjeld både små- og storkraft)
    2) Badeland i Gaupne (treng derimot eit 25 meters symjebasseng)
    3) Bloggarar som ikkje veit kva dei uttalar seg om (jfr. Thomas)

    Og, Thomas, ei å er ei elv, har ingenting med bindeordet og å gjere.

  19. Bukken i Båten Says:

    “Gamle diskusjonar rustar aldri” eller “Gamle diskusjonar blir som nye med Frank Aarebrot”.

    Eller som med ei god bok: Ho kan lesast fleire gonger og framleis gi deg noko.

    Og so er no dette noko av det viktigaste me kan diskutera i miljøet vårt, meiner no Bukken i Båten. Å håpa på at Det Store Kraftselskapet skal ynskja å meina noko her, blir vel mest som å tru påjulenissen.

  20. Tomas Says:

    Til dei som ikkje skjønar språkleg verkemoiddel med praktisk ankring. i mitt utsagn skal det vera OG. Sidan eg meinar at mykje smått vert mykje til slutt. Elles skøjønar eg at eg verkeleg har fått fram andre synspunkt i denne saka enn sosialistane i J.dalen meinar…

  21. Tomas Says:

    Når folk vert opphissa her på debatten, er det vel snakk om folk som føler seg tråkka på meir enn vankunne….

    Det er skummelt når folk går så mykje over på venstre sida i politikken…

  22. eies Says:

    Sjølv tykkjer eg det er skumlast med folk på høgre-sida i politikken. Så absolutt. Elles er eg etter kvart komen langt over på venstre-sida i politkken, men eg trudde ikkje eg vart oppfatta som direkte skummel for det. Men eg skal tenkja over saka.

    Når ein brukar eit ordtak (som td.: Mange bekkar små gjer ei stor å), då bør ein til vanleg bruka det nokolunde rett. Elles vert det lett ein slags parodi: “Velja mellom prest og kolera”, “Det gjekk som varmt kveitebrød i turt gras”, “Ikke selg bjørnen før skinnet er skutt”…

    Viss ein vrir på ein klisje som eit ordtak er, kan det lett verka komisk. Og det var vel ikkje meininga, Tomas?

    Men sjølv om du har alle mot deg så gir du deg ikkje, det er jamen sikkert. Sjølv om du i dette tilfelle, etter mi meining, også har fornuften mot deg. Det skal du ha. 🙂

  23. Tomas Says:

    At dette er ein sosialistblogg er jo kjent, når folk i midten og til høgre ikkje er så aktive her, så får ein jo drive på litt sjølv.

    Kanskje er dette ein David-Goliat-situasjon….;) Angrep er det beste forsvar, det er det nokon her som brukar fullt ut.

    Men kva vil sv/v/dei endå raudare ha når vasskraft/vind ikkje er aktuelle energikjelder for dykk no framover?

  24. OT Says:

    Eg er vel litt dårleg til å forklara meg, men eg meiner at sideelvane bør få renna med normal vassføring nærmast Storelvi, der fisken kan vandra opp og ned. Bra for fiske og bra for miljøet,det forstår vel til og med bukkar.

  25. Bukken i Båten Says:

    Hø – hø – hø… 🙂

    Ei “Vestsideutbygging” trudde eg gjekk ut på å føra Vestside-elvane via “takrenner” og tunnell over i Tunsbergsdalsvatnet. Har eg misforstått…?
    (Dette tykkjer eg er nokså øydeleggjande for naturen, og eg er mot dette.)

    Å byggja ut Vestsideelvane ved hjelp av småkraftverk er ikkje bra, men likevel ikkje så skadeleg (ma. for fisken) som ei stor utbygging. Småkraft vil altså truleg skada fisken minimalt. Viss du har forklart deg bra (og det trur eg du greier), og viss eg forstår deg rett (det er noko heilt anna…), så trur eg du går inn for småkraftutbygging…

    Men det trur eg er uinteressant for Kraftselskapet.

  26. SB Says:

    Til Tomas: Du treng eit språkkurs, så dårleg formulert som du er går det knapt an å bli. Eit ordtak seier flg: Eit hjelpelaust språk viser ein svak tanke.
    Sitat:
    ‘Når folk vert opphissa her på debatten, er det vel snakk om folk som føler seg tråkka på meir enn vankunne….’
    Kva tyder dette tåpelege tullet? Folk vert ikkje opphissa på debatten, kanskje dei vert opphissa av debatten?
    ‘… føler seg tråkka på meir enn vankunne’? Dette er – mildt sagt – uforståeleg nonsens. Det beste ein kan seie om dette språklege smørjeriet er at det står i stil med innhaldet.

  27. Bukken i Båten Says:

    Og Tomas har jo eit poeng: Viss ikkje han skreiv kommentarane sine – kven skulle vi då diskutera med?

    Eg kan forsikra dykk om at han er mykje hyggelegare og mykje meir sympatisk til dagleg enn slik me får inntrykk av han her på bloggen.

    Men Tomas, når du skriv: “Grunneigarretten”, “raudare” og “sosialistblogg” er det “plussord”, “minusord”, eller er det “nøytrale ord”?

  28. Tomas Says:

    Ein travel mann, som er nett innom og skriv synspunkta sine…

  29. Tomas Says:

    sb. du får setja deg ned og studera setningane. Kanskje skjønar du dei du og viss du brukar litt tid på det.

  30. Bukken i Båten Says:

    Eg har fått spørsmål om eg ikkje skal til med sensurering på bloggen min.

    Eg er til vanleg ikkje tilhengjar av sensur. (Så her er eg på laget til Jagland – ikkje til Stoltenberg)

    Det juridiske er eg lite inne på. Men eg trur at så lenge ein kritiserer det andre seier, skriv eller gir uttrykk for, så bør det gå greitt. Vis kritikken går direkte på ein person eller personar, er det verre.

    Kanskje det er ein jurist eller ein “jurist” blant blogglesarane? Og gi meg gjerne eit tips viss nokon meiner at noko bør fjernast.

  31. Bukken i Båten Says:

    Elles er “Vær varsom-plakaten” grei, særleg gruppe 4 Publiseringsregler, punkt 17, men også punkt 14 og 15.

  32. TT Says:

    Eg har ikkje lese alt dette. Men debatten har visst nok snutt frå ein debatt om kraftutbygging til ein debatt om språk. Vidare ser det ut for at sb meiner at dei som ikkje har lært seg å skrive velformulert og feilfritt får halde seg for gode til å kommentere noko på slike bloggar. Eg reknar med at det gjeld uansett om dei støttar sb i sak eller ikkje gjer det.

  33. Tomas Says:

    http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6461653

    Bygg ut!

    Eg har i vertfall anna å gjere på enn å kommentera i ein naturnverndebatt, der saka er 90-10 på vektskåla….

    So no er det slutt.

  34. SB Says:

    For alle del, TT, alle må ha lov til å ytre seg, om dei no skriv godt eller dårleg. Problemet er at det rett og slett er nærast umogleg å forstå kva ein meiner når språket blir bortimot hjelpelaust. Det er difor eg har har tilrådd eit språkkurs for einskilde på denne tråden. All den tid ein meiner og bloggar sterkt og mykje må ein og kunne uttrykkje seg på ein måte som andre forstår, elles blir det heile både tåpeleg og meingslaust. Det hjelp ikkje kor gode argument ein har om ingen forstår bodskapen og meiningsinnhaldet.
    TT, derimot, skriv eit levande, friskt nynorsk. Og så går eg utfrå at TT i vesentleg grad er samd med meg når det gjeld framtida for karftutbygging i Luster.
    Og heilt til slutt: TT, no må du snart flytte tilbake til heimbygda di og realisere det gode livet på den finaste staden i landets beste kommune!

  35. Bukken i Båten Says:

    KEFØRnOke!!! Henntydar du att eg ekkje skrev Velfårmullert å feifitt?????

    Menn vis du er krafbyrograt helde kå da no e, so fårrvennta eg at du les gjennom alle kommenntaradn. Er det travelt so ta da i arbeidstidn vell. De ha du full rett til, seie no eg! Joba ikkje du me kraft å stræum å utbygjing, då……….?

  36. TT Says:

    Eg seier takk til sb for at eg framleis er velkommen i Jostedalen.

    Kven Tomas er, veit eg ikkje. Kanskje Tomas, Jostedøl, Ein som lev i 20008, Eies og Bukken i Båten er ein og same person. I so fall er han vel kanskje i ferd med å grave si eiga grav som bloggar.

  37. J.O. Says:

    Det ser ut som nokon her brukar det meste av tida si på blogging!
    Greit er vel det om du er einsleg og då kommuniserar mykje via nettet.

  38. eies Says:

    Eg tykkjer eg luktar ein svak eim av irritasjon her…?

    TT: eies og Bukken i Båten har nok begge opphavet i same person, ja. Trudde faktisk dei fleste var klar over det. Grunnen til byte av kallenamn har eg skrive om før, men så viser det seg at eg ikkje greier å vera konsekvent. Er lei meg for det.

    Men “grava si eiga grav” – det verka no meir som “Eine grausame Salbe”, som tyskaren sa. Viss du prøver å gi uttrykk for eigen eller andre sin irritasjon, då tykkjer eg absolutt at du bør skriva meir. Toler det meste, trur eg.

    J.O.: Veit ikkje om det er meg du meiner. Men kva vil du fram til: Er det nokon av oss som bør slutta å vera einsleg, eller?

    Generelt vil eg til slutt oppfordra til saklege kommentarar, sjølv om det no er dei større kjenslene som grip oss.

  39. TT Says:

    I kveld er eg einsam. Men dette blir siste innlegget i kveld likevel! Eg er ikkje irritert. Det eg ville få fram var at det er “farleg” dersom ein og same person operer med ulike namn på bloggen og argumenterer mot seg sjølv. Speislet farleg om det er bloggeigar som gjer det slik du gjorde det i folkemusikkdiskusjonen. På den måten kan andre slutte å komme med innlegg fordi dei ser på den pågåande diskusjonen som noko “tull”. Skjønnar? Kven er forresten Tomas?
    Elles tykkjer eg Eies var eit godt innarbeidd bloggnamn som du bør halde på.

  40. J.O. Says:

    Nei det er ikkje bloggeigar eg siktar til! Vel, det syner nok som om Tomas er den som vann diskusjonen om krafta, resten av diskusjonen handlar vel meir om at nokon har ikkje har trykt på shifttasten ofte nok, og sett opp frå tastaturet for å sjå kva han skriv…

  41. Bukken i Båten Says:

    For sikkerheits skuld (beklagar at eg ikkje tok poenget ditt før, TT): Tomas er ikkje den same som eies eller Bukken i Båten. Akkurat det skal eg garantera!

  42. fos Says:

    Her var de mykje gammalt oppgulp, er de nokon som har klypt og limt frå tidligare kommentarar?
    Ufine med kvarandre er de.
    Kor mage er de som har kommentert de som detta blogg innlegget eigentleg handlar om? Ikkje mange spør de meg.

  43. Bukken i Båten Says:

    TT: Eg trur ikkje denne bloggen er spesielt “farleg”, sjølv om eg opererte under fleire kallenamn i folkemusikkdiskusjonen. Men ALT, eg gjentek: ALT eg skreiv var slikt eg har høyrt på bygdi – ute blant folk. Så det var i grunnen kun at eg skreiv ned litt “grums” og fekk det fram i lyset (på dataskjermen). At somme reagerte på det eg gjorde, ser eg på som eit teikn på at det var særs aktuelle problemstillingar som vart drøfta. Kanskje eg kan bruka metaforen: Trakka nokon på tærne.

    Viss nokon ser på dette som “tull” og av den grunn ikkje vil skriva innlegg – det vert deira problem. Her er verken leseplikt eller skriveplikt.

    Det eg skreiv var forresten ikkje “tull” i det heile teke. Viss det vart oppfatta humoristisk, så var absolutt alt ramme alvoret for meg. Les det ein gong til så vil du sikkert forstå at dette var djupt seriøst meint frå mi side.

    Til deg og alle andre: Det er valfritt om dei som skriv brukar: Det verkelege namnet sitt, initialane sine (som TT) eller eit kallenamn (som eies/Bukken i Båten). Viss eg begynte å offentleggjera kven som har skrive innlegga, då ville i alle fall folk slutta å skriva. Det trudde eg ærleg talt at folk forstod. Sjølvsagt kan ikkje eg offentleggjera noko slikt.

    Eg tykkjer at blogging med meir eller mindre anonyme innlegg er kjempefint, og eit flott supplement til den tradisjonelle politiske aktiviteten. Her kan også dei litt sjenerte skriva meiningane sine – anonymt. Viss nokon vil bruka av si knapt tilmålte tid på å finna ut kven som står “bak” signaturane/kallenamna, så må dei berre gjera det. Men eg seier ikkje noko om slikt.

    J.O.: Tomas blir nok veldig glad for at du skriv at han vann diskusjonen. Det eg tykte han gjorde bra, var at han tala utbyggingstilhengjarane si sak. Det er visst ikkje mange utbyggingstilhengjarar som vågar seg ut i open debatt, i alle fall ikkje på denne bloggen.

    Men elles tykkjer eg at grunneigarane burde vera dei største naturvernarane.

  44. eies Says:

    Er me eigentleg så ufine, fos?

    Eg tykkjer ikkje det. Men stikk ein hovudet fram i ein eller annan debatt, så må ein berre vera førebudd på at nokon vil prøva å kappa det av. Eg tykkjer me stort sett er hyggelege og hjelpsame mot kvarandre.

    Men kanskje dei fleste bogglesarane er einige med fos?

  45. Olav Tuften Says:

    For det fyrste, eg er ikkje OT.
    Eg har lyst til å lufte ein annan tanke.
    Er det rimeleg at ein alltid skal prøve å rette oppatt noko som er gjort feil tidlegare?
    Eg meinar det er opplagd feil at det ikkje er minstevassføring i Geisdalsfossen etter at snøen er vekke i fjellet, for den sak skuld ogso i Bymannsfossen og Gravdalsfossen.
    Men det er vel ikkje rimeleg, eller ….

  46. eies Says:

    Dette er rimeleg, etter mi meining. Men er det her snakk om ei juridisk formulering, td. i ein kontrakt eller ein avtale, om ei minstevassføring? Då kan det muligens gå an å driva eit krav gjennom. Sjølv om kravet heilt sikkert vert møtt med skarpskodde juristar.

    Men viss det “berre” er eit rimeleg ynskje eller eit ålment akseptert moralsk krav, så går det nok ikkje.

  47. Olav Tuften Says:

    Nei, den fyrste ordinære revisjon av utbyggingi er i 2022, trur eg.
    Men ein veit aldri, om viljen er sterk, kravet er rimeleg og blir repetert mange nok gonger.

  48. OT Says:

    Ein ting som i allefall er feil er det stygge steinbrotet på Styggevatnet, slik skulle det ikkje vera. Med litt vakne politikarar burde ein få kompensasjon for det, ellers får dei fylle det att. Ein kunne og prøvd å få gjort noko med “sørgerendene” rundt Sandhaugedalsvatnet (eg seier det med H, Eies) og Geisdalsvatnet. Det er heilt unødvendig, men dessverre var det vel eit krav frå “forhandlarane våre”. Noko for V og SV dette her?

  49. eies Says:

    Politisk kan det sikkert gjerast ein del. (Håpar nokon i SV kan ta eit tak her.)

    Viss mot formodning (og måtte Vårherre forby det) Vestsideelvane skulle bli utbygde, då må eit av konsesjonskrava vera at Kraftselskapet skal måtta rydda opp etter tabbane som vart gjorde ved siste utbygging.

    Ein annan ting som dei som arbeider i Det Store Kraftselskapet med kontor på Gaupnegrandane er eller burde vera opptekne av er det som lenge har vore på lepane til politikarar, byråkratar og eigarar: Omdømebygging.

    Eit mediepress mot Kraftselskapet, trur eg nok kan vera verksamt. Men det bør ha ei viss tyngde. Det vesle som vert skrive her på bloggen, bryr dei seg neppe med. Står det i ei lokalavis eller i ei større avis eller tidskrift, kanskje radio/TV-program, vil det nok ha større verknad.

    Forslag: Kan godtfolk samla opp bilete + litt tekst over ting som Kraftselskapet bør ordna opp i. Døme:
    – steinbrotet ved Styggevasshytta
    – alle “sørgjerendene”
    – søppel som ikkje er fjerna, evt. nedgreve
    – øydelegging av kulturminne i fjella og kring stølane
    – fiskedaude
    – manglande minstevassføring
    – andre skader i naturen
    – er også så frimodig at eg vil stilla spørsmål ved om kompensasjonen Luster fekk ved utbygginga er rett og rimeleg – sett i høve til det Kraftselskapet sit att med.

    Viss me får samla nok dokumentasjon, så kan me nok få til ein del. Men motparten (som eigentleg burde ha vore medspelaren vår) har mange dyktige og flinke folk mellom dei tilsette. Så synsing og laust prat held nok ikkje.

    Og viss eies alias Bukken i Båten vert skulda for å vera negativ og ikkje sjå det positive ved ei utbygging, så skal eg nok leva godt med ein slik karakteristikk, om han ikkje er rett.

  50. SB Says:

    Statkraft (Det Store Kraftselskapet) gjev jamnt f.. i omdøme- og godviljebygging i lokalsamfunnet. Dei oppfører seg arrogant og bedtrevitande og er heller ein motspelar enn medspelar i lokalsamfunnet i Luster. Ei slik haldning er om mogleg endå meir uforståeleg all den tid dei tener rått med pengar på råvara rennande vatn i lustrabygdene. Dei turar fram utan omsyn til lokale ynskje og interesser og kan tillate seg det meste utan motførestellingar frå ei heller svak politisk og administrativ leiing i kommunen.
    Elles meiner eg at ein i staden for å krevje kompensasjon for tidlegare tiders feil og råe naturinngrep heller bør manne seg opp og seie eit samla NEI til meir kraftutbygging i Luster. Nok er nok. Dei naturinngrepa som er gjorde i ulike reguleringar og utbyggingar kan stå som eit døme på naturvandalisme og ikkje minst korleis ein ikkje skal gå fram i sårbar høfjellsnatur. Eit samfunn på kollisjonskurs med eige livsgrunnlag er nøydd til å tape.

  51. eies Says:

    Er heilt einig i det meste, spesielt eit samla NEI!

    (Men tykkjer likevel at ein kanskje skal ha døra på gløtt for småkraft. Men gløtten må ikkje vera stor….)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: