Lustringar (og andre): Gir me f.. i villreinen i Vest-Jotunheimen?

Eg er skuffa over responsen!  Hittil er det kun 2  -to- som har sagt eller skrive til meg at dei ynskjer å få vita meir om situasjonen for villreinstamma i Vest-Jotunheimen, og kva som kjem til å bli gjort.  Viss DN får høyra at det kun er tre menneske i Luster som ynskjer meir informasjon, då vert det garantert ikkje noko møte!

DN (Direktoratet for naturforvaltning) er dei som har den avgjerande makt og mynde i denne saka!

Luster Landbrukskontor hevdar at dei er sette på sidelinja. Sameleis visstnok Fylkesmannen.

No er eg klar over at mange av ymse grunnar  kvir seg for å signera noko på nettet. (Eg lovar anonymitet.) Mange les ikkje dette heller. Og somme vel av ulike grunnar å gå andre vegar inn mot DN.

Men den viktigaste grunnen er at me trur at dei andre ordnar opp.  Eller i verste fall: Me er desillusjonerte og trur at ingen ting nyttar.

Me trur kanskje også litt på “julenissen” og trur at alt vil ordna seg…

Men får eg ikkje meir respons, så kjem eg tuleg til å trappa ned engasjementet for villreinstamma, i alle fall på denne bloggen. Somme vert nok glade for det…

No har eg spela ballen over til dykk lustringar og andre som håpar at også borna og borne-borna våre kan få sjå villrein i Vest-Jotunheimen.

Me ynskjer eit orienteringsmøte der folk frå DN orienterer om situasjonen og kva som vert gjort.   I det minste ber me om ei grundig orientering over kva DN kjem til å gjera i tida framover.

Vis di støtte til desse “krava” på den eine eller den andre måten!

(Bruk gjerne epost-adressa mi: einar-es@online.no)

 

3 kommentarar to “Lustringar (og andre): Gir me f.. i villreinen i Vest-Jotunheimen?”

  1. eies Says:

    Men dei som har manglande interesse for villreinen er i godt selskap. Medan stamma i Vest-Jotunheimen er meir enn halvert i løpet av to år, har Villreinen sidan nyttår kun køyrt på reklame for caps-ar.

  2. eies Says:

    Ei gladmelding: Etter at eg i går sende ein epost til Villreinen, har dei i dag fått saka opp på heimesida si!

    Bra http://www.villrein.no
    🙂

  3. eies Says:

    Å seia at denne tråden vart ein stor suksess, er å ta for hardt i. Men nokre har faktisk vist si støtte. Takk til dei.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: