Er det interesse for eit ope orienteringsmøte om situasjonen for villreinstamma i Vest-Jotunheimen?

Underskrivne føler seg ikkje kalla til å stå for noko slikt. Han hadde i det lengste håpa at landbrukskontoret ville organisera.  Men ut frå landbrukskontoret sin synstad, sjå siste tilbakemeding frå eies på denne tråden, er både dei og fylkesmannen sett på sidelinja i denne saka. Me har vel ikkje stort val, og må vel berre godta det…

Mange spør om kva som no skal gjerast. Personleg har eg stillt denne bloggen til disposisjon viss det er opplysningar som skal spreiast. Sameleis er vel også radio og aviser interesserte i alt nytt i denne saka. Men lite har kome ut, hittil.

Trur at eit visst press frå “ålmugen”/”folk flest” kan vera nyttig viss det vert retta inn mot dei sentrale makthavarane. Viss nokon ynskjer å visa si støtte til ynskjet om eit orienteringsmøte i denne saka, så kan dei gjerne visa det med ein kort kommentar nedanfor. Eller til dømes senda ei melding til mobil: 48214365. Så skal eg formidla det vidare. Men vend dykk gjerne direkte til dei som har den formelle makta i denne saka:

  1. Direktoratet for Naturforvaltning
  2. Villreinnemnda for Sogn og Fjordane
  3. Vest-Jotunheimen villreinutval

Og sjølv om landbrukskontoret påstår at dei er sette på sidelinja, ville eg også ha kontakta:

Hugs berre på at viss ingen “masar” eller bryr seg i denne saka, så kan me i verste fall risikera at lite blir gjort.

Minner om at villreinen i dei siste par hundre åra har fått leveområda sine (pga. menneske-skapt aktivitet) sterkt fragmenterte/oppdelte, og ikkje samanhengjande som i tidlegare tider. Når det gjeld ei heilheitleg og bærekraftig forvaltning av villreinområda, er dei graderte i tre ulike nivå:

  1. To europeiske villreinregionar (Hardangervidda, Nordfjella og Setesdal/Ryfylke + Snøhetta, Rondane, Sølnkletten, Knutshø) Desse har “høgast status”.
  2. Ni nasjonale villreinområde (Dei to europeiske villreinregionane + Ottadalsområdet, Forolhogna) Desse har “middels status” – så lenge dei ikkje også kjem inn under punkt 1.
  3. Andre villreinområde ( Resten/”røkla”, og i denne gruppa er altså Vest-Jotunheimen + 12 andre mindre område som Fjellheimen, Svartebotnen, Oksenhalvøya, Våmyr -Roan… ) Desse har “lågast status”. (For ordens skuld: Denne “statusifiseringa” står for underskrivne si rekning. Men det skal bli interessant viss nokon kan visa at eg tek feil.)

Dei harde fakta tilseier såleis at vårt kjære Vest-Jotunheimen villreinområde diverre har mykje lægre prioritet i DN, enn til dømes Snøhetta. Det hadde vore interessant å høyra DN seia noko anna. 

Difor må me nok berre stå på viss noko skal verta gjort. Men kalvingstida nærmar seg …

2 kommentarar to “Er det interesse for eit ope orienteringsmøte om situasjonen for villreinstamma i Vest-Jotunheimen?”

  1. ha Says:

    eies!

    Om eg ikkje er reinsjeger så er dette eit så viktig tema at dei burde koma med eit infomøte om kva som skjer i fjella vore. Vert det møte så skal eg prøve å koma på det!

  2. eies Says:

    Takk ha!
    Eg er forsovidt ikkje reinsjeger heller: Har aldri skote rein og kjem vel truleg ikkje til å gjera det heller. Men noko av det som eg tykkjer er aller viktigast å kjempa for, er at reinen skal koma attende til fjella våre. Så får heller andre skyta…

    Villrein ikkje berre for jegerane!, må vera slagordet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: