Då fan for inn Marifjøra – også på Youtube

I filmverda har toaren sjeldan kome raskare!

Hardingfele-hallingen: Då fan for inn Marifjøra  har heile nett-verda (nesten…?) no tilgang til via Youtube.  Denne hallingen er ein variant av Norsk dans nr. 2 av Edvard Grieg, betre kjend som kjenningsmelodien til Norge Rundt, men aller best kjend som lyden frå ISBILEN, men den har eg diverre/heldigvis ikkje link  til.

Slåtten er etter Johannes Holsen, Førde. På nettet kan du studera noteoppskrifta, og lesa opplysningar om slåtten. Kva som er opphavet til slåttenamnet, veit me ikkje. Holsen har også spela slåtten inn på lydband. Spelemannen på Youtube-snutten har forma ut sin eigen variant av slåtten på bakgrunn av lydbandopptak og noteoppskrifta.

Tambur-J.  gjer ein endå betre jobb på dette kuttet, etter vår meining. Kameramann, GIF, må også nemnast. I filmverda vert slike ofte gløymde. Legg merke til hammaren på bordet. Han pendlar/ruggar/voggar /vippar… nesten rytmisk under heile opptaket. Var ikkje planlagt, men vert likevel her nytta som ein av effektane i filmen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: