Bukken i Båten på Youtube

Ikkje første gongen ein reinlendar vert lagt ut på Youtube, men det er første gongen Bukken i Båten er å høyra på Youtube.

Denne reinlendaren har bloggeigar lært etter forskjellige kjelder. Det skal vera ein Arne Høyland frå Bergens-kanten som er komponisten. Det er truleg ei forklaring til tittelen, men den kjenner utøvarane ikkje til. Melodien var ein av dei som Sjur Hesjevoll skal ha spela ekstra godt. Spør eldre folk om dei kjenner Bukken i Båten, så vil du oftast møta eit smil før dei byrjar å fortelja frå sine yngre dagar. Meiner også at Oddvar Stegegjerdet + Sjur spela reinlendaren inn på plate.

Dei to som spelar på videoen er bloggeigar + ein flink musikar,  inntil vidare busett på Nes. Rykta seier imidlertid at han om ikkje så lenge diverre/heldigvis skal flytta for å ta til i ny jobb i Oslo kommune. Om bakgrunnen hans elles kan ein nemna at han har teke master på fenomenet tippekampen (for å seia det enkelt…)

Felespelaren kjende seg ikkje heilt i slag den dagen opptaket vart gjort. Ma. hadde han skada fingertuppen på ei sag. Men sidan gjennomsnittsprestasjonen til gruppa, etter deira meining,  til vanleg ligg langt over det gjennomsnitts-nordmannen presterer på hardingfele og tromme, valde dei likevel å leggja ut opptaket – sjølv om grafen over prestasjonen på video-opptaket (framleis etter deira meining) kan liggja noko under ein gjennomsnitts-prestasjon frå gruppa.

Kameramann og studio var klart, og dei ser førebels ikkje store grunnar til å skjemmast over resultatet. Men dei fører likevel eit nøkternt levesett, og tvilar eigentleg på om tilboda om plateinnspeling eller turnear vil koma. Men dei er klare. Absolutt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: