Rovdyr og norsk landbrukspolitikk

 Bukken i Båten (alis eies) meiner at norsk landbruk i dag står midt oppe den største omstillinga sidan den neolittiske revolusjonen i yngre steinalder.  Me et stadig mindre norskprodusert mat.  Dette er ei skræmande utvikling både moralsk og etisk. Men med tanke at me bør vera sjølvforsynte med mat i tilfelle internasjonale kriser som krigar, handelsblokkader og alvorlege finanskriser, kjem dette oss endå nærmare inn på livet.

Ein sauebondes kan li store tap viss rovdyr går laus på buskapen. Dei verste er vel i denne samanheng jerv, gaupe, ulv og bjørn, men også rev, ørn og andre. No veit eg ikkje akkurat korles erstatningsreglane fungerer, men ei viss skade-erstatning får vel dei fleste. Ein annan ting er at ekstraarbeidet med tisyn og registrering i periodar med rovdyrdrap neppe vert dekka, og her kan det bli snakk om mange timar.

Men det verste trur eg likevel det psykiske presset bonden møter. Her har han i vinterhalvåret (som hjå oss kan vera meir enn eit halvt år) hatt dagleg tilsyn med sauene. Han har gitt dei for og kraftfor, og etter kvart er dei gjerne vorte reine kjæledyra. Sjølv i større flokkar kan bonden kjenna kvar  sau, og han kjenner særeigenheitane til kvar einskild. Å finna att den same sauen halveges drepen, der bjørnen har hatt eit lekkert lite måltid medan sauen var i live, det er ikkje enkelt å takla – psykisk.

No har eg høyrt at i Fortun har dei hatt suksess med bruk av pyreneer-hund til å skrema vekk rovdyr frå saueflokken. Ventar spent på å høyra meir om dette.

Det vert visstnok også gitt tilskot til gjeting, utan at eg veit korleis dette fungerer i praksis.

———————————————————————————————-

Likevel vil eg tru at det er den  landbrukspolitikken som har vore ført som er problemet for bøndene. Med landbrukspolitikk meiner eg då spesielt at viss bøndene hadde fått betre betalt for arbeidet, så hadde fleire kunna ha vore bønder. Dette trur eg på, så naiv er eg. Viss eg tek feil, så sei i frå…

Vonde tunger har sagt at viss all den energien som har vore retta inn mot rovdyr og fredning av rovdyr; viss all denne energien i staden hadde vore brukt i arbeid for ein betre landbrukspolitikk, då hadde bøndene i Noreg i dag hatt det mykje betre – økonomisk. Om denne påstanden held, får andre vurdera.

Eg trur det er her me alle bør bruka enegien, altså: Fokus på  ein politikk som gjer det enklare å vera bonde. Ikkje minst økonomisk!

Eg er altså ikkje ein rovdyrhatar. Rovdyra må ikkje utryddast, men stamma må heller ikkje veksa fritt.

Kven var det som uttalte fylgjande fynd-ord for lenge sidan, trur faktisk det var på Stortinget: Ska me ala bjødn, elde ska me ala sau…?

Påstanden min er: Hovudproblemet for norske bønder er landbrukspolitikken, ikkje rovdyra!

2 kommentarar to “Rovdyr og norsk landbrukspolitikk”

  1. kalvatreet Says:

    Dette var kloke ord. Eg stør deg, eies. Meiner du er inne på noko viktig her. Mykje hadde vore annleis om bøndene fekk real betaling for den jobben dei gjer, og etter eit anna system enn det som finnast i dag. Om landbrukspolitikken hadde vore slik at ein fekk betalt for førebuande tiltak i staden for refusjon så vore det i seg sjølv veldig annleis. Vinklinga er særs viktig for korleis me tenkjer, kor me har fokus. Her trur eg norske landbrukspolitikarar har noko å lære.

  2. Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] No er det slik at eg har uttalt meg om jerv tidlegare. Både jaktkameratar og representantar for sauenæringa har antyda at eg har vore altfor “jerve-venleg” ved nokre høve. Står litt om dette her og her.  […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: