Nyttårsynskje frå eies alias Bukken i Båten

Mat nok til alle og  fred på jord, ikkje minst i Kongo og på Gaza-stripa. Dessutan at arbeidet fram mot ei reetablert villreinstamme i Breheimen må koma skikkeleg i gang. Kva ynskje som er mest naivt er ikkje godt å seia. Time vill sjåvv, som Rudolf Blodstrupmoen så treffande sa det.

9 kommentarar to “Nyttårsynskje frå eies alias Bukken i Båten”

  1. eies Says:

    Elles har eg eit nyttårsforsett også: Laga ein god foto-dokumentasjon over alt søppel som framleis ligg att, og all unødvendig naturvandalisme som vart gjort under den store kraftutbyggingi på 80-talet. Kanskje få tak i ein metall-detektor og anna høveleg utstyr for å sjekka stein-tippane også, mellom anna…

    Eg reknar med at det store kraftselskapet med kontor på Gåpmagrandane mest av alle er interesserte i at det vert ordna opp i dette. Men eit slikt arbeid maktar eg nok ikkje åleine. Vil nokon vera med…? Kanskje me kan koma på lønningslista og få sommarjobb hjå kraftselskapet i sommar…

  2. TT Says:

    Eg er her som privatperson, men eg veit at Det Store Kraftselskapet sommaren 2009 har planar om å gjennomføre ein jobb ved mange av bekkeinntaka som primært går ut på å reinske inntaka, reparere ein del betongskader og å gjere landingstilhøva for helikopter tryggare. I den samanhengen vert òg det som måtte vere av jarnskrap o.l. fjerna.

    Det var alt eg hadde å seie om gjeremåla til Det Store Kraftselskapet.

  3. eies Says:

    No er eg redd du får gult kort, TT, du må ikkje gjera jobben til informasjonsavdelinga, slikt kan det fort bli rot av.

    Men dette høyrest lovande ut. At dei skal fjerna alt jernskrap blir vel voldsomt. Men kanskje dei fjernar anna skrap også… Nei, dette lovar godt.

    Godt nytt år forresten, TT! Var ei stund redd for at eg hadde fornærma deg sidan du berre ynskte dei andre bloggane godt nyttår. Eg som gav deg annonseplass for juletreet, gratis og vederlagsfritt…

    Ser fram til å få kommentarar frå deg også i det nye året, om eg ikkje alltid er einig med deg, så har du skikkeleg gode kommentarar, ofte oppklarande og gode.

  4. eies Says:

    Som eg har nemnt tidlegare, ligg Det Store Kraftselskapet inntil vidare på tredjeplass på Ikkje-like-lista mi (- saman med julenissen). Eg vil likevel streka under/proklamera at ingen av dei som arbeider i Kraftselskapet er inne på lista, enno.

    Kan du Jostedalsrypa kontakta Statistikaren og spørja om han/ho kan gje ei vurdering av dette – om dette rett og slett kan vera utslag av ein nevrose eller noko…

    For å forstå og forklara Det Store Kraftselskapet sine handlingar, vil eg minna om omgrepa:
    1. Metodologisk individualisme
    2. Metodologisk kollektivisme

    I tilfellet med Kraftselskapet, vil eg innleiingsvis proklamera at eg er tilhengjar av ein kollektivistisk forklaringsmodell. Likevel innser eg at i praksis vert dette ikkje alltid like enkelt, og at det kan verta snakk om både-og.

    Kva eg vil fram til med dette? Jau, at alle dei hyggelege, sympatiske, så langt eg kan vurdera det: fagleg dyktige arbeidarane og funksjonærane som jobbar i Kraftselskapet, alle desse er i utgangspunktet 100% trivelege folk ( – ok. Eg innser det: Dette kan vera eit symptom på nevrose/tvangslike-nevrose. Lyt nok ta det opp ved neste konsultasjon…). Det er når dei står fram som representantar for Kraftselskapet og Kraftselskapet sin politikk at Bukken i Båten alias eies reagerer.

  5. rypa Says:

    Like lite som deg, båtbukk, kan eg finne ut kven som løyner seg attom alle dei mystiske hotmailadressene…

  6. Statistikaren Says:

    Det meste er mindre paradoksalt om ein ser mindre absolutt på det.

    Kanskje feilen ligg i bruken av omgrepet 100 %? Fåglane veit kva slags terskelverdiar det kan vera tale om, men eg tvilar sterkt på at ein berre likar dei ein likar “100 %” (kva det no skulle tyda).

    Ein annan ting er at folk som handlar med (å sjå til) sympatiske intensjonar kan bidra til “usympatiske” tilstandar.

  7. eies Says:

    Men er ikkje “100%” og “absolutt” ein slags spissformuleringar som ein gjer for å få i gang ein debatt. Viss ein heile tida skal vera mindre absolutt og ta alle mulege forbehold, då vil det ein seier bli så objektivt og nøytralt at “alle” vert samde. Og ingen giddar lesa det. Og etter kvart ikkje tenkja, heller…

    “Å lika” ser eg på som eit fråvere av hat. “Å elska” er sterkare.

  8. Statistikaren Says:

    Jo, sikkert. Men skjulte eller subjektive definisjonar fører då oftast til at ordskifte sporar av med det same.

    Er det ikkje best å vera nett så lite eller mykje absolutt som ein faktisk er? Og ta dei viktigaste atterhalda som ein faktisk har? Dersom alle då er samde, er jo alt i orden.😉 Ein kan jo heller spissformulera seg på andre måtar.

  9. eies Says:

    Jo. Eg vil tru manipulering også er eit viktig omgrep, her. Å lesa ein tekst mest fri for manipulering, er herleg. Men problemet er at det kan bli for objektivt og tannlaust.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: